Tiktok med høgast auke av sosiale medium i Noreg
Nærare éin av fire vaksne nordmenn har no profil på Tiktok, men det er framleis Facebook som er størst av dei sosiale media i Noreg
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser Ipsos’ SoMe-tracker, ei undersøking som har følgt nordmenns bruk av sosiale medium sidan 2013.
Nye tal frå første kvartal viser at 23 prosent av dei spurde over 18 år i Noreg hadde profil på Tiktok. Det er ein auke på 5 prosentpoeng samanlikna med same kvartal i fjor.
Berre 1 prosent blant dei over 60 år
Tiktok er mest populært blant unge og blir brukt dagleg av 41 prosent av dei spurde i alderen 18–29 år.
Blant dei over 60 år er det berre 1 prosent som bruker Tiktok dagleg.
«Alle» er på Facebook
Facebook er det mest populære sosiale mediet. Heile 82 prosent av spurde vaksne i Noreg seier dei har profil på Facebook, og 67 prosent seier dei brukar Facebook dagleg. Samtidig seier 55 prosent at dei bruker meldingstenesta Facebook Messenger dagleg.
Nummer to er biletappen Instagram. Der har to av tre spurde vaksne (67 prosent) profil, og 44 prosent er innom Instagram dagleg.
Snapchat følgjer hakk i hæl på tredjeplass. Der har 66 prosent profil, og 49 prosent er på Snapchat dagleg.
Snapchat er samtidig det aller mest populære sosiale mediet hos dei i alderen 18–29 år. Av desse seier 66 prosent at dei bruker Snapchat dagleg, ifølgje Ipsos.