Stillingsutlysing som søkjer etter «babes» kan vere ulovleg
Klesbutikken Brandy Melville søkjer etter «babes» som kan jobbe i butikken. Det meiner Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) kan vere ulovleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Viss uttrykket «babes» i annonsar indikerer at berre jenter kan søkje på stillinga, så kan dette vere brot på likestillings- og diskrimineringslova, seier kommunikasjonssjef Edin Babic i LDO til TV 2.
I stillingsannonsen skriv den populære italienske kleskjeda at dei leitar etter «babes som kan jobbe 3–4 dager i uka og som sommerhjelp.» Dei ber også søkjarar leggje ved eit profilbilete og Instagram-brukar i søknaden sin.
View this post on Instagram
- Les også meiningsinnlegget om Brandy Melville: «Når diskriminering vert ein marknadsføringsstrategi»
Arbeidstilsynet: – Svært kritikkverdig
Annonsen har fått kraftig kritikk frå fleire, og heller ikkje Arbeidstilsynet er imponert.
– Dette er svært kritikkverdig, og slike haldningar høyrer historia til. For det første avgrensar ein jobbannonsane til unge jenter som ser ut på ein spesiell måte, for det andre blir det brukt omgrep som ikkje høyrer heime i ei stillingsutlysing, uavhengig av korleis ein definerer ordet «babes», seier leiar for svartenesta til tilsynet, Vigleik M. Aas.
Fungerande leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Isaac Elstad Røssnes, seier til KK det verkar som kjeda ser etter ein bestemd type jente uavhengig av kvalifikasjonar, og kallar bruken av ordet «babes» nedverdigande.
NTB og fleire andre norske medium har prøvd å få kontakt både med den norske butikken til kjeda og det europeiske kontoret, men har ikkje fått svar.
- Visste du a Brandy Melville fekk årets Gullbarbie? – Heilt utruleg at det går an å halde på slik i 2022