Når Daniel (23) kjenner det blir for mykje, deaktiverer han Messenger

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje vanskeleg å vere utan, men det er vanskeleg å halde kontakten med venar utan. Dei fleste er så opptatte av mobil og internett at det er heilt utruleg, seier 23 år gamle Daniel Dahl Eriksen.

Mobilbruk aukar i alle aldersgrupper. Samtidig som sosiale medium blir ein større del av kvardagen, meiner 42 % av nordmenn at dei brukar mobilen for mykje, ifølgje ei undersøking frå Deloitte i 2018. To tredelar av dei som meiner dei har overforbruk ønsker å redusere bruken.

Daniel Dahl Eriksen frå Frogner utanfor Lillestrøm jobbar som IT-konsulent i Lillestrøm kommune. Trass jobben, og stor interesse for teknologi og dataspel, går han halve året utan sosiale medium.

Fri frå mobbing

– Den største grunnen for at eg gjer det har vore mobbing, fortel 23-åringen.

Daniel har ADHD, noko han ikkje tenkte å fortelje nokon. Ein dag la han likevel ut eit innlegg på Facebook kor han fortalte om det. I tida etter blei han mobba for tilstanden og at han brukte medisinar.

Det meste av mobbinga var over internett. I 2013 fjerna han seg frå sosiale medium for å sleppe unna. Det hjalp for å unngå mobbing, men òg på sinnsstemninga.

– Eg kjente eg blei gladare, for det var ingen som mobba eller plaga meg. Det var òg ei ny oppleving å sjå verda på den måten, i staden for å ha ansiktet i ein firkanta boks. Eg er meir rappkjefta og frekk mot andre når eg er på det. Eg blir ein person som hatar alt og alle.

Daniel brukar framleis Messenger for å halde kontakt med vennar, men tek lengre pausar frå appen. Foto: Peder Skjelten

Digital detox

Trine Syvertsen er professor på Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho er leiar for eit prosjekt ved universitetet som går på digital detox.

Digital detox er å ta pausar frå mobilen og sosiale media. Dei som tek slike pausar gjer det ofte fordi dei er overstimulerte av dagens forbruk, og treng eit avbrekk.

Trine Syvertsen forskar på digital detox. Foto: UiO

Så langt har forskjellege menneske med interesse for å prøve digital detox blitt intervjua om bakgrunnen for det.

– Deler av prosjektet går på korleis dei handterer det. Andre delar går på om dette er eit samfunnsmessig problemområde. Mange vil teste om dei klarar å avstå. Dei kjenner ein form for avhengigheit og vil bevisstgjere sitt eiget forbruk.

Vil vere til stades

Prosjektet er på sitt første av fire år. Ifølgje Syvertsen er dei vanlegaste grunnane deltakarane har for å delta er at dei ikkje er nok til stades.

– Dei føler samtalane går i stå, at dei ikkje er til stades eller seg sjølve på middagar med familie og vennar. Heller ikkje når dei er ute i naturen.

Andre grunnar er problem med produktivitet og konsentrasjon i arbeid, bekymringar for privatlivet og at data med informasjon blir selt eller misbrukt.

– Alle dei grunnane går igjen, men nokre trappar ned fordi dei er kritiske til mediebruken og industrien. Desse har eit meir politisk- eller berekraftperspektiv på det. Dei er ofte meir opptatte av saktegåande media og kortreist mat, og vil bremse den generelle forbruksveksten.

Frå intervjua med deltakarane i prosjektet har dei funne ut at unge oftare føler dei har for høgt forbruk av sosiale media.

– Det er òg dei som er begeistra for sosiale media, men har blitt overvelda av det og opplever det har blitt for mykje. Dei ønsker å redusere det fordi dei opplever det går ut over familie og jobb.

Kjem tilbake

Frå 2013 har Daniel hatt periodar kor han deaktiverer alle sosiale media på mobilen. Han tek full pause frå Facebook, Snapchat, Instagram og YouTube. Pausane kan vare frå nokre dagar, til halvanna veke, og Daniel estimerer at rundt halve året er utan sosiale medium.

– Det øydelegg helsa mi og eg føler at heile plattformen syg opp livet mitt. Eg forandrar innstilling og humør, og blir ein negativ drit.

Trass i at han finn det frigjerande å avstå, kjem han alltid tilbake. Å halde kontakt med venar er vanskeleg, då dei fleste andre ser på Messenger som nødvendig for å kommunisere.

– Eg synest det er ei ulempe at teknologien har kome til det punktet vi er på no. Vi er så langt inne i det at vi ikkje klarar oss utan. Eg håper det skal kome noko som gjer at vi slepp å bruke så mykje tid på sosiale media som i dag.

Overdriven mobilbruk kan vere eit helseproblem. Her er fem grep for å redusere bruken. Foto: Eirik Tangeraas Lygre