– Vi er ikkje mot at folk kan bruke sosiale medium som dei vil, vi er mot at ein ikkje har eit val, seier initiativtakaren bak organisasjonen Eksist!

– Det er lenge sidan eg har villa vere på mobilen, men framleis sit eg og scrollar. «Kvifor sit eg og scrollar? Fordi eg har lite viljestyrke», tenkjer eg, men så skjønar eg at det er ikkje berre meg. Nokon prøvar å hekte meg på.

Line Horgen Thorstad (20) fekk sin første smarttelefon på barneskulen, då ho gjekk i sjette eller sjuande klasse. Sidan den gong har det kome stadig meir avanserte mobilar med stadig fleire appar, som alle konkurrerer om merksemda hennar.

Snapchat gjev deg eit insentiv for å kome innom kvar einaste dag for å halde streaks-rekka ved like.

Messenger let vennane dine sjå om du har sett meldinga deira slik at du må svare med ein gong for å unngå dårleg samvit.

– I ei verd der di merksemd alltid vert retta av nokon andre – dregen vidare i eit tunnelhol på YouTube eller ein feed på Facebook – så mister du kontroll på merksemda di, og då mister du kontroll over kva du lærer, kven du er og kven du vert, seier Thorstad.

Kva gjer smarttelefon med oss?

I sommar stifta Thorstad interesseorganisasjonen Eksist! saman med Agnes Sverresdatter Svelland og Nayana Juliette Syed. Dei tre er høvesvis nestleiar og økonomiansvarleg, medan Thorstad er leiar. Etter kort tid kom også teknologisk rådgjevar Jonatan Winsvold med på laget.

Eksist! ynskjer å skape ein debatt om teknologisk valfridom i dagens samfunn. Byggjer vi eit samfunn der du ikkje kan vere menneske utan ein smarttelefon i handa? Kva gjer det i så fall med oss, og kven vi er?

– Problemet er at alle går rundt med ein smarttelefon, fordi Ruter-billetten din er på telefonen, kelneren er på telefonen, ein betalar på restaurant med mobil.

– Ein innser på eit tidspunkt at ein ikkje berre kan gå vekk frå det, for samfunnet er lagt opp til at du må ha med deg smarttelefon og du må inn på sosiale medium, anten du vil eller ikkje.

Det er kanskje praktisk, men med smarttelefonen kjem òg forventinga om at du må vere tilgjengeleg heile tida og alle dei sosiale media som er finjusterte for å halde på deg så lenge som råd, seier Eksist!-leiaren.

– Du har ikkje eit reelt val å avstå frå dette. Du, di viljestyrke og di tid vert tvinga inn i denne mekanismen som du ikkje har ei ordentleg mogelegheit til å kome deg ut frå.

Teknologien vert ein pakke, der du ikkje berre kan velje delen du likar, men du får ei rekkje forpliktingar på kjøpet, meiner Thorstad.

– Menneske i to plan samstundes

Til kvardags er Line Horgen Thorstad filosofistudent på Universitetet i Oslo, og endå ho lenge har spekulert i korleis smarttelefonar og sosiale medium påverkar folk, så var det først på Blindern dette medvitet byrja ta meir form.

Ho såg andre studentar ta aktive val for å gjere smarttelefonen mindre forlokkande ved å velje svarte bakgrunnar og skru av fargane på appane.

Og ho snakka med andre filosofistudentar om fri vilje og korleis det du faktisk driv med ikkje nødvendigvis samsvarer med det du har lyst til å drive med. For dei var sosiale medium og smarttelefonar ein slik ting. Det var noko dei dreiv med, men ikkje noko dei hadde lyst til å drive med.

– Mi ro og mi mogelegheit til å vere meg sjølv vert stressa når eg alltid må følgje med på det som skjer i cyber space. Det er frustrerande å måtte vere menneske i to plan samstundes, forklarar Thorstad.

– Digital skugge av meg sjølv

Thorstad opplever at ho med ein smarttelefon ikkje berre er seg sjølv, men at ho òg har eit digitalt alter ego.

– Ho som har profil og følgjarar på Instagram. Sjølv om ho er laga og styrt av meg, så er ho nokon annan enn meg. Ho er definert av nokon andre, seier 20-åringen.

Thorstad viser til korleis eit sosialt medium ikkje kan romme heile deg, og at det finst ein slags konsensus om kva som er ein bra Instagram-profil, målt utfrå hjarte og følgjarar.

– Nokre gongar kjennest det som at alle vala eg tek som ho, et av dei vala eg kunne teke som meg. Eg vert ein digital skugge av meg sjølv – eit slags spøkelse.

20-åringen medgjev at dersom ho hadde hatt perfekt viljestyrke heile tida, så hadde det kanskje ikkje vore noko problem med ein smarttelefon som gjer at ei verd av underhaldning er nokre tastetrykk unna:

– Men greia er at eg treng viljestyrken min til mykje. Eg treng han til å studere, til å lese, til å trene. Det kjennest som om viljestyrken vert brukt opp i ein konstant kamp med desse sosiale media. Det er ikkje ein kamp eg ynskjer vere i, men vert tvinga inn i.

Fleire vil ha digital detox

I 2020 hadde 96 prosent av den norske befolkninga tilgang til smarttelefon, og i gjennomsnitt brukte unge mellom 16 og 24 år heile 318 minutt på Internett kvar einaste dag.

Men det har òg vorte ein trend å legge frå seg mobilen, og ta seg ein pause frå sosiale medium. 

Fenomenet tek forskarar føre seg i prosjektet Digital fråkopling, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Høyskolen Kristiania og Universitetet i Bergen.

Mehri Agai er stipendiat hjå Instituttf for informasjons- og medievitskap hjå UiB. Foto: Terje Rudi/UiB

Til NRK seier psykolog og stipendiat hjå UiB Mehri Agai, som er med på forskingsprosjektet, at det stort sett er tre grunnar til at folk vel å ta ei digitalpause: ønske om å vere til stades i augeblinken, frigjere tid til noko anna og av personvernsomsyn.

Agai seier til statskanalen at fleire vidaregåandeelevar fortel dei vert slitne av å få informasjon frå skulen og vennar på same apparat, og at fleire ynskjer dei klarte kutte i skjermtida.

– Å vere tilgjengeleg heile tida er problematisk når det er nokon andre enn deg sjølv som ønsker det. Det blir endå ei urett som ungdom må handtera på eiga hand, seier ho til NRK.

Smarttelefon i skuffa – Nokia i lomma

I vår bestemde Line Horgen Thorstad seg for å legge smarttelefonen i ei skuff heime, og heller kjøpe seg ein gammal Nokia-telefon som ho brukar til kvardags. Ho har tilgang til Vipps og sosiale medium på smarttelefonen, men han vert ikkje med når ho går ut døra.

Først gongen ho gjekk ut utan, kjende ho seg einsam og liten i den store vide verda.

– Då tenkte eg at her er det noko alvorleg gale. Kvifor kjenner eg meg slik? Eg skal ta ein buss, eg skal ikkje slåst mot ein drage!

– For meg trur at det å ikkje måtte ha viljestyrke nok til å halde meg unna telefonen, gjev meg viljestyrken til å gjere det som er viktig for meg. Eg føler meg meir som meg, fortel Thorstad.

No når ho går ut med berre Nokiaen i lomma kjenner ho seg lettare enn før. Ho er oftare i stand til å nyte ein vårdag utan bekymringar, for ho får vere meir i fred.

– For meg var det ein utruleg fridom.

Men kvardagen har på nokre vis vorte litt meir tungvint. Ho lyt bestille semesterkvittering ho får tilsendt i posten for å få studentkort hjå Ruter, og ho er avhengig av at vennar ringer ho dersom dei legg planar i ein gruppechat på Messenger.

– Men for meg så er det verdt det, for eg kjenner at då har eg kontroll over tankane mine i alle fall i den perioden eg ikkje er heime og har smarttelefonen min. 

Ikkje motstandar av teknologi

Thorstad understreker at Eksist! ikkje er motstandar av smarttelefonar på generell basis, og at organisaasjonen ikkje har alle svara på korleis dei kan skape valfridomen dei lengtar etter. Fremst av alt ynskjer dei ein debatt om kva veg samfunnet er i ferd med å gå.

Ein må kunne få med seg siste nytt frå studiet utan å sjekke Facebook, og kunne verte invitert på fest utan å vere i ein gruppechat på Messenger.

– Det handlar om å skape eit medvite om at du ikkje alltid treng vere pålogga.


Overdriven mobilbruk kan vere eit helseproblem. Her er fem grep for å redusere bruken. Foto: Eirik Tangeraas Lygre
Oppdatert: måndag 29. november 2021 13.36

LES OGSÅ

ANNONSE