Sosiale medium: – Det er ikkje bra å vera avhengig, men eg er jo det

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 24.02.2024 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om at katten din truleg er psykopat og kva forskarane har funne ut er verdas verste lukt

Kjenner du deg att? Dei sosiale plattformene TikTok, Instagram og Snapchat er designa for at du og eg skal bruka mest mogleg tid i dei. Når det går med mykje tid, er det lett å bli avhengig.

Tre som innrømmer at dei er nettopp det, er Nikita Brodahl (13), Iben Aasland (13) og Jørgen Bjelland Müller (14) frå Oslo. Jørgen tok grep for å gjera noko med ein av dei verste tidstjuvane.

– Sosiale medium gjer det lettare å kommunisera med venner og andre. Du kan posta info om deg sjølv, som kan vera interessant for andre. Og så er det ein fin plass å sjekka nyheiter, då store nyheitsmedium som regel har eigen kanal der, seier Jørgen Bjelland Müller (14). Foto: Marte Husabø

– Eg brukte faktisk så mykje tid på TikTok, at eg valde å sletta appen frå telefonen. No har eg berre Snapchat, seier han.

Iben har sett ei grense på telefonen for kor mykje tid ho kan bruka på TikTok kvar dag. Likevel innrømmer ho at det i nokre høve er lett å skriva inn koden som låsen appen opp att.

Algoritmane kjenner deg

– Det er ikkje bra å vera avhengig, men eg er jo det, seier Nikita.

Sidan plattformene er bygd opp av algoritmar, som kjenner deg betre til meir du brukar dei, kan innhaldet du blir presentert for variera mykje.

– Det du brukar mest tid på, kjem opp i feeden din, slik at du vil ha meir, seier Iben.

Nikita, Iben og Jørgen går på det samme trinnet, men får heilt forskjellige videoforslag. Jørgen får matvideoar, Iben ballettdansarar, medan Nikita blir presentert for mote og klede.

I tillegg til videoar og bilde dei faktisk interesserer seg for, sender algoritmen dei også nokre tilfeldige videoar.

– Sosiale medium tek oss tett på

Av desse tilfeldige videoane, fortel ungdommane at dei har fått opp videoar frå menneske som vil hjelpa dei krigsramma i Ukraina.

– Sosiale medium tek oss tett på, og det er bra. Mange i sosiale medium viser at dei bryr seg og prøver å hjelpe. Fleire har mellom anna link til donasjon i bioen sin, seier Nikita.

Men det er lett å bli lurt, og det kan til tider vera vanskeleg å vita kva som er sant eller ikkje.

– Det viktig å hugsa på å høyra på dei truverdige kjeldene. Ikkje del eller snakk om ting som du trur kan vera falske nyheiter, seier Iben.

– Det er ein fin plass for å kommunisera med venner. Og så er det kjekt å bruka det til å sjå kva andre driv med. Du kan mellom anna følgja kjendisar for å bli inspirert og slik, seier Iben Aasland (13). Foto: Marte Husabø

Anonymitet = hat

Sjølv om dei er einige om at sosiale medium er ein fin plass å kopla av, læra nye ting og halda kontakten med venner, er dei også klar på at det er ein plass der negativiteten gror fort.

– Sidan du kan vera anonym på TikTok, er det ein plass der det er lett å spreia hat, seier Jørgen.

Nikita nemner fleire eksempel, som mellom anna at nokre brukarar har utvikla eteforstyrringar, då dei har fått stygge kommentar på videoane sine.

– Viss nokon der ser litt annleis ut enn gjennomsnittet, er det fort å bli hata på, seier ho.


– Det kan vere eg har ualminneleg dårleg viljestyrke, men når eg går inn på Instagram vert eg ofte på Instagram til det er noko anna overhengande eg må gjere.