10-åring vart nekta abort i heimstaten sin etter valdtekt

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at høgsterettsdommen Roe v. Wade vart forkasta i juni, har retten til abort vorte fjerna eller sterkt avgrensa i ei rekke statar i USA. Ein av desse statane er Ohio, der abort no er forbode etter seks veker.

Den 10 år gamle jenta var gravid i sjette veke då graviditeten vart oppdaga.

Legen hennar kontakta då ein klinikk i nabostaten Indiana, der det er mykje lettare å gjennomføre ein abort – enn så lenge. Det er venta at også Indiana vil stramme inn abort-rettane i løpet av sommaren, skriv The Guardian.

– Må fokusere på dei «sjuke individa»

Etter at Roe v. Wade vart forkasta, har fleire kvinner måtta krysse grenser for å få gjennomført abortar. Legar ved abortklinikkar i Indiana fortel om ein vanvitig auke i førespurnader frå kvinner i nabostatane Kentucky og Ohio.

Kristi Noem, den republikanske guvernøren i Sør-Dakota, vart spurt om valdtektssaka i eit intervju på CNN. Ho svara at ein må fokusere på dei «sjuke individa» som gjer slikt mot jentene.

Om abort for den 10 år gamle jenta sa ho følgande:

– Eg synest ikkje at ein tragisk situasjon skal følgast opp med ein ny tragedie.

Noem sa at folk i staten hennar som bryt med abortlova, bør straffast, men understreka at det er legane, ikkje kvinnene, som bør verte straffa.

Bryt med FN-konvensjon

Saka liknar eit tilfelle frå Peru i 2006, der ei 13 år gammal jente ikkje fekk ta abort etter ei valdtekt, sjølv om helsa hennar stod i fare.

Kvinnediskrimineringskomitéen til FN (CEDAW) vedtok at Peru braut dei internasjonale forpliktingane sine, som følgde av kvinnekonvensjonen til FN. Komitéen slo fast at landet var forplikta til å eliminere diskriminering av kvinner i helsetenestene.

Komitéen kravde mellom anna at Peru etablerte ein mekanisme for effektiv tilgang til aborttenester for å beskytte den fysiske og psykiske helsa til kvinner, og at landet tillét abort etter valdtekt.

USA er derimot det einaste landet i den vestlege verda som ikkje har ratifisert – altså forplikta seg til – kvinnekonvensjonen til FN.

Etter at Roe v. Wade vart oppheva, har kvinnediskrimineringskomitéen til FN oppmoda USA om å binde seg til kvinnekonvensjonen, for å respektere, beskytte, innfri og fremje menneskerettar for kvinner og jenter.


Demonstrantar samla seg framfor høgsterett dagen retten til abort etter grunnlova vart oppheva. Foto: Ted Eyton/ Flickr/CC BY-SA 2.0