Klimabudsjettet: Noreg i minus frå start
Noreg ligg an til å overskride utsleppskvoten for 2021. Urovekkjande, meiner regjeringa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje førebelse berekningar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) låg utsleppa av klimagassar i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor i Noreg på om lag 25.370.000 tonn i 2021.
Det er 480.000 tonn meir enn kvoten Noreg har fått tildelt.
I avtalen som Noreg har inngått med EU om felles gjennomføring av klimamåla, er det nemleg sett eit årleg tak på utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor frå og med 2021. EØS-tilsynet Esa har fastsett dette taket til 25.164.459 tonn i 2021, men har då brukt ein annan teljemåte enn SSB.
Klima- og miljødepartementet opplyser at taket blir om lag 24.890.000 tonn viss ein reknar det om til same teljemåte som SSB har brukt.
Samtidig blir taket senka år for år – slik at utsleppa må kuttast med over ein million tonn frå 2021 til 2022 viss kravet for 2022 skal oppfyllast.
Bindande regelverk
Det var Venstres Ola Elvestuen som var klima- og miljøminister då EU-reglane vart innlemma i EØS-avtalen i 2018.
I dag seier han at dette var det viktigaste han gjorde som statsråd. Grunnen er at regelverket bind alle norske regjeringar fram til 2030.

Venstres stortingsrepresentant Ola Elvestuen var klima- og miljøminister då avtalen med EU om felles oppfylling av klimamåla vart inngått. No meiner han ei skjerping av innsatsen må til. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
No må innsatsen forsterkast kvart år framover, hevdar Elvestuen.
– Dette er ikkje eit mål. Det er ei forplikting som Noreg har inngått med EU, og vi har den forpliktinga på lik linje med alle EU-landa, seier han.
– Det er ikkje noko alternativ ikkje å få rekneskapen til å gå opp.
- Les også: Her skjer verdas raskaste oppvarming
Viser til førre regjering
NTB har også stilt klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) spørsmål om tala. Han overlèt til statssekretær Sigrid Hagerup Melhuus (Ap) å svare.

Sigrid Hagerup Melhuus (Ap)
er vikar i klima- og miljødepartementet fram til 31. august 2022. Foto: KLD
– Utsleppstala for 2021 er førebelse, og fordelinga på kjelder kan endrast. Likevel er det urovekkjande at utsleppa i 2021 sannsynlegvis er høgare enn utsleppsbudsjettet vårt, seier Melhuus.
Og peikar på den førre regjeringa:
– Utsleppa i 2021 er i svært stor grad eit resultat av førre regjerings klimapolitikk. Det vart regjeringsskifte i oktober.
Melhuus meiner klimapolitikken i Noreg har vore bakpå i fleire år.
– Det merkar vi konsekvensane av no, for klimatiltak treng ofte noko tid til å setjast i verk og deretter til å verke, åtvarar ho.
Fleksibilitet
Det overordna målet i avtalen med EU er at klimautsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor i Noreg skal kuttast med 40 prosent frå 2005-nivå innan 2030.
Det som blir kalla ikkje-kvotepliktig sektor, er dei utsleppa som fell utanfor EUs kvotesystem for bedrifter (ETS) – det vil seie utslepp frå transport, bygg, avfall, jordbruk og noko industri. Til saman er det snakk om omtrent halvparten av klimagassane som blir slopne ut i Noreg.
Men EU-reglane gir også Noreg fleksibilitet.
Den viktigaste fleksibiliteten er ein pott på snautt seks millionar kvotar som er overførte frå ETS til ikkje-kvotepliktig sektor. Desse kvotane utgjer no ein slags sparekonto som Noreg kan tappe viss utsleppskrava i ikkje-kvotepliktig sektor ikkje blir nådde.
I tillegg kan Noreg låne kvotar frå seinare år, kjøpe kvotar frå andre europeiske land eller trekkje frå noko CO2 som blir bunden i skog.

Utsleppa av klimagassar frå vegtrafikk gjekk opp frå 2020 til 2021. No risikerer Noreg å sprengje utsleppsbudsjettet som er fastsett gjennom klimasamarbeidet med EU. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Skjerping i vente
Elvestuen meiner målet bør vere at sparekontoen ikkje blir i det heile tappa. I staden kan ETS-kvotane slettast, foreslår han. Det vil bety at utsleppskuttet blir endå større.
Samtidig er EU i desse dagar på veg inn i sluttforhandlingane om ei skjerping av måla. Når denne skjerpinga blir vedteken, må Noreg rekne med å bli bedne om å godta eit kutt på 50 prosent i staden for 40 prosent innan 2030.
– Så dette vil bli endå tøffare, seier Elvestuen.
Melhuus seier for sin del at løysinga er å stramme til klimapolitikken kvart einaste år framover. Ho gir derimot ikkje direkte svar på om det er aktuelt for regjeringa å ta i bruk den fleksibiliteten som EU tillèt.
Det endelege oppgjeret for utsleppa i perioden 2021–2025 skjer først i 2028.