Nepal planlegg å flytte baseleiren på Mount Everest

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Baseleiren på verdas høgaste fjell Mount Everest ligg på Khumbubreen, 5364 meter over havet. Det er vanleg at fjellklatrarar opphalder seg et par dagar i leiren for å minske risikoen for høgdesjuke, og bli vant til den tynne lufta.

I vårsesongen blir plassen brukt av oppimot 1500 menneske.

1 meter tynnare kvart år

Det meste av Khumbubreen er dekt av steinete rusk, men det er også plassar med isklipper.

Scott Watson, forskar ved Universitetet i Leeds seier til BBC at det er smeltinga av desse klippene som gjer breen ustabil.

– Når isklipper smelter sånn som dette, fell bitar frå steinblokkene som ligg på toppen av  klippene. Då lagar smeltinga vassamlingar som kan vere farlege, seier Watson.

Watson var med på ein studie utført av Universitetet i Leeds i 2018. Studien viste at isen nær basen blir 1 meter tynnare kvart år. Sjølve breen mistar 9,5 millionar kubikkmeter i året.

Det meste av Khumbubreen er dekka av steinete rusk, men det er også plassar med isklipper.
Foto: Unsplash, Sebastian Pena Lambarri

Flytter basen

Fjellklatrarar og nepalske myndigheiter kan også fortelje at ein bekk midt i baseleiren har utvida seg jamt. Spekkar på overflata av breen dukkar også opp oftare enn før.

Taranath Adhikari, som er direktør i turistdepartementet i Nepal seier til BBC at dei planlegg å flytte basen 200 – 400 meter lengre ned. Flyttinga blei bestemt etter anbefalingar frå eit råd samansett av myndigheitene i Nepal.

Rådet fann ut at nærværet av så mange menneske bidrog til problemet. Bruk av parafin og gass for varme og matlaging har innverknad på smeltinga. Dei fann også ut at leiren produserer 4000 liter tiss kvar dag.

Nepalske tenestemenn seier at flyttinga kan skje innan 2024.

– Vi har vurdert dei tekniske og miljømessige aspektane ved baseleiren, men før vi flyttar må vi diskutere lokalsamfunna, med tanke på kultur, og andre aspekt, seier Adhikari

LES OGSÅ: Yngste nordmann på toppen av Mount Everest: – Må tørre å satse

Toppen av Mount Everest!! |
Utrolig artig å bli Norges yngste gjennom tidene på toppen. Galdhøpiggen og dress i fjor, Mt.Everest og dundress i år, skreiv Ole Hovstad.