Her skjer verdas raskaste oppvarming

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior. Det kan du òg lesa om sledehunden Foxi og selar som tissar på seg sjølv

– Regionen rundt det nordlege Barentshavet har ei oppvarming som er 2 til 2,5 gonger høgare enn snittet i Arktis, og heile 5 til 7 gangar høgare det globale gjennomsnittet, seier Ketil Isaksen i ei pressemelding.

Han jobbar som klimaforskar ved Meteorologisk institutt og er hovudforfattar av ein ny studie som nyleg vart publisert i tidsskriftet Scientific Reports.

Saman med ei rekkje andre forskarar, har han ved å ta i bruk nye vêrstasjonar og måtar å måla på, funne ut at oppvarminga på Svalbard varierer stort. I nord og i aust er oppvarminga dobbelt så stor som den er i vest. 

Soleklar toppnotering på kloden

Målingane viser at den norske øya tek ein soleklar toppnotering når det gjelder observerte temperaturendringar. Ingen andre plassar på kloden kan måla seg med dei dystre tala, kan forskarane slå fast. 

Men kva er eigentleg grunnen til at temperaturen stig såpass på Svalbard? Jo, det er det den smelta havisen som får skulda for.

Isen har nemleg tidlegare lege som eit kjølande teppe over heile Barentshavet, og når den forsvinner, så stig lufttemperaturen kraftig.


Les også: Amalie (22) på Svalbard: – Byråkratane i Oslo-gryta skjønar ikkje heilt kva som går føre seg her oppe

Amalie Henriksen på Svalbard. Foto: privat