Trudde skjelpadda var utrydda – oppdaga på nytt etter over 100 år

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om utrydningstruga reptilar

I 2019 gjorde fire vaktarar frå Galápagos Nasjonalpark i Ecuador ei oppsiktsvekkjande oppdaging.

Under ein tur til øya som heiter Fernanda Island, fann dei ei einsam dame-skjelpadde frå ein art som dei trudde var utdøydd for meir enn 100 år sidan, skreiv National Geographic i februar 2019.

Tre år seinare, kan testar bekrefta at skjelpadda faktisk er av arten som var antatt  utdøydd. Arten heiter Fernandina giant turkise på engelsk, eller Chelonoidis phantasticus på latin. Arten var sist oppdaga i 1906, skriv The Guardian.

– Det er ei stor sak at ein art me trudde var utrydda, plutseleg dukka opp, seier Stephen Gaughran til The Guardian.

Skjelpadda Fernanda

Gaughran er ein av hovudpersonane bak studien, som er publisert i tidsskriftet Communications Biology.

Dame-skjelpadda har fått namn etter øya der ho vart oppdaga, Fernanda. Det er ei stort sett uutforska aktiv vulkanøy på vestsida av Galápagos. Forskarane trudde lenge at det var vulkanen som stod bak utryddinga av arten – men der tok dei jammen feil.

Skjelpadda, som forskarane trur er om lag 50 år gamal, vart oppdaga medan ho bevega seg rundt på eit lite grønt område blant den størkna lavaen.

Er ho den einaste?

No startar jobben med å finna ut om Fernanda er den einaste skjelpadda som er att av sin art.

Alle dei forskjellige Galápagos-skilpaddene er oppførte som sårbare eller kritisk truga. Å finna fleire av dei, ville gjort det meir truleg at Fernandina giant turkise-individ kanskje kan reddast. Nyleg vart det gjort funn som kan vera frå to eller tre andre individ, men arten til desse er enno ikkje bekrefta.

– Viss det berre er Fernanda som er att, er det spennande at me fann ho. Men viss det er minst nokre få av desse skjelpaddene som lever på den aktuelle øya, opnar det for moglegheita til å verkeleg gjenoppliva arten, seier Stephen Gaughran.


Les også: Katten din er truleg ein psykopat

Har du ein psykopat-katt i livet ditt? Illustrasjonsfoto: Erik-Jan Leusink/Unsplash