Fråværsreglane blir gjeninnførte i haust

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avgjerda er i tråd med avgjerda regjeringa tok i november i fjor, då dei mellombelse reglane vart fastsette, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Under pandemien ville vi unngå at elevar med symptom på luftvegssjukdom gjekk på skulen av frykt for høgt fråvær, og dessutan unngå smitte og spreiing av koronavirus. Eg er veldig glad for at samfunnet er tilbake i ein meir normal kvardag, også i skulen, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

– Det betyr at vi går tilbake til vanlege reglar og rutinar for nærvær på skulen til hausten, legg ho til.

Får ikkje karakter

Ifølgje regelverket får ikkje elevane karakter i eit fag der dei har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær.

Frå hausten kan ikkje elevane lenger bruke eigenmelding eller stadfesting frå ein forelder for å dokumentere helsefråværet. Gyldig dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkunnig, som til dømes fysioterapeut, tannlege, psykolog eller helsesjukepleiar.

Det er først ved fråvær over 10 prosent i eit fag at elevar treng dokumentasjon. Dei treng altså ikkje oppsøkje helsepersonell kvar gong dei er sjuke, så lenge dei held seg under fråværsgrensa.

– Reglane har utfordringane sine

Kunnskapsministeren meiner det er viktig at elevane kjem på skulen, både for å lære og for å vere ein del av det sosiale fellesskapet. Samtidig er ho open for å sjå på reglane.

– Vi veit at fråværsgrensa har bidrege til at elevane er meir på skulen, men vi ser også at fråværsreglane slik dei er i dag, har utfordringar. Derfor må vi heile tida arbeide med å sjå på korleis vi kan forbetre reglane slik at dei bidreg til mest mogleg nærvær for elevane, seier Tonje Brenna.

Før sommaren vil regjeringa gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å sjå på om det er rom for å forbetre dagens fråværsreglement, opplyser ho.

– Regelverket skal opplevast rettferdig for både lærarar og elevar, og vi tek no ein gjennomgang på om det er for komplisert og for byråkratisk, seier Brenna.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen