Unge Venstre vil tvinge moderpartiet til å skrote fråværsgrensa: – Sviktar dei ho var tiltenkt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fråværsgrensa sviktar dei ho var tiltenkt: dei som slit mest, seier Benedicte Bjørnås på telefon til Framtida.no. 

Ho er 2. nestleiar i Unge Venstre, og i førekant av helgas landsmøte i Venstre lovar ungdomspartiet kamp om fråværsgrensa.

– Ingen elevar er like, men alle har rett på og bør få tilgang til individuell oppfølging og tilrettelegging, noko ti prosent-grensa ikkje gjev, seier Bjørnås.

– Det som står i programmet er gyllen middelveg mellom det som er innstilt vedteke og vårt forslag, men vi ynskjer openbert å få vedteke vårt forslag, seier Benedicte Bjørnås, 2. nestleiar i Unge Venstre Foto: Oda Scheel

Fråværsgrensa: Fungerer godt eller rammar dei som slit?

På landsmøtet skal Venstre vedta arbeidsprogrammet for dei neste fire åra, og på agendaen står då også fråværsgrensa.

Programforslaget som ligg føre påpeikar at fråværsreglane fungerer dårleg for dei elevane som slit mest, og tek til orde for ei meir fleksibel ordning med meir rom for skjønn, men forslaget som er innsilt vedteke av landsstyret er som følgjer:

«Fraværsreglementet fungerer godt, og det er god fleksibilitet i systemet. Det er viktig at kontaktlærere og skoleledelse benytter seg av denne fleksibiliteten i møte med elevenes utfordringer. Vi vil sørge for tettere oppfølging av de sårbare elevene for å unngå at de får fravær og faller fra.»

Benedicte Bjørnås og Unge Venstre er usamde i påstanden om at fråværsreglane fungerer godt.

– Fråværsgrensa funkar fint for ressurssterke elevar, men vi er uroa for dei som allereie slit. Fleire elevar får ikkje vurdert i fleire fag, og det er fare for at dei ikkje får vitnemål og fell utanfor arbeidslivet, seier Bjørnås.

Openberr usemje

Fjorårets rapport Fraværsgrensen en suksess for de fleste og til besvær for noen synte at fråværet i snitt har sokke med 27 prosent sidan grensa vart innført i 2016 og elevane får betre karakterar. Rapporten synte òg at elevar som tidlegare har fått «ikkje vurdert» i eitt fag, no får det i fleire.

Benedicte Bjørnås peikar på at det var nettopp elevane som slit fråværsgrensa skulle hjelpe. Ho oppmodar moderpartiet til å sjå elevane reglane går hardast utover, i staden for å berre fokusere på «pene tal».

– Venstre, som skal vere eit parti på lag med eleven og dei som fell utanfor A4-boksen, er nøydde til å sjå på andre mogelegheiter for å oppnå gode resultat og fange opp dei som treng det.

Unge Venstre føreslår difor å skrote fråværsgrensa og satse meir på betra oppfølging i eit eige forslag til arbeidsprogrammet:

«Fraværsgrensen rammer de som sliter mest. Vi vil skape gode løsninger mellom elev og lærer på hver enkelt skole. Det gjøres ikke ved å vedta rigide regler på Stortinget. Derfor vil vi fjerne den nasjonale fraværsgrensen og redusere fraværet gjennom bedre oppfølging»

– Det er ganske openbert at vi er ueinige i denne saka, så det vert nok ei stor sak, spår Unge Venstre-politikaren.

Elevorganisasjonen: – Venstre bør gå tilbake til den riktige sida

– Vi meiner Venstre bør gå tilbake til den riktige sida. Dei har vore mot fråværsgrensa før, men så vart dei tydelegvis tekne av regjeringa og dei fine tala, seier Edvard Botterli Udnæs på telefon til Framtida.no. 

Han er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, og har vore mot fråværsgrensa heilt sidan ho vart innført.

– Eg håpar Venstre vert det skulepartiet dei var då dei stemte mot fråværsgrensa i 2016, seier Edvard Botterli Udnæs. Foto: Privat

Udnæs seier det ikkje er noka overrasking at fråværet har gått ned dei siste fire åra skulen gjekk frå å ikkje ha noko fråværstiltak til å ha ei fråværsgrense – men at dette ikkje tyder at grensa er ein suksess.

– Vi ser er at fråværsgrensa dyttar dei med høgt fråvær ut av skulen, seier Udnæs, og peikar på Fafo-rapporten frå 2019 som syner ein auka risiko for å falle frå.

Den påtroppande EO-leiaren meiner fråvær er eit komplekst problem, medan grensa er ei svart-kvitt løysing. Han meiner ho svekkar forholdet mellom læraren og elevar og legg opp til mistillit, noko som fører til at motivasjonen og trivselen minkar:

– Det er viktig at elevane vert møtte med tillit, og antakinga om at det ligg eit problem til grunn om ein har fråvær – som demotivasjon, dårleg psysisk helse – ikkje at alt udokumentert berre er skulk, seier Udnæs. 

Strir mot fullføringsreforma

Den påtroppande EO-leiaren meiner fråværsgrensa bryt med elevsynet i fullføringsreforma, som Venstre og kunnskapsminister Guri Melby la fram før påske.

 Reforma har eit positivt elevsyn, der dei vil legge opp til meir fleksibilitet og fridom til å velje, at elevar er sjølvstendige vaksne menneske, men fråværsgrensa er umyndiggjerande, seier Udnæs og konkluderer: 

– Venstre må bestemme seg for kva elevsyn dei vil ha i skulen. 

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Risikerte å droppe ut med over 5 i snitt

Benedicte Bjørnås frå Unge Venstre var sjølv del av det første kullet som gjekk gjennom vidaregåande skule med fråværsgrensa frå start til slutt. Ho fortel at ho presterte godt, men hadde mykje fråvær fordi ho var politisk aktiv og laut ha deltidsjobb for å betale husleige som hybelbuar.

Det resulterte i at eg, som var ein flink skuleelev med over 5 i snitt, risikerte å droppe ut, seier Bjørnås. 

Unge Venstre-politikaren fortel at mange timar gjekk med på å rekne på fråvær og diskutere korleis ho skulle følgje reglane med skuleleiinga, for det var eit sprik mellom korleis lærarar og skular handterte fråværsgrensa.

– Eg opplevde eit press for å vere overalt heile tida. Ein ser berre på tala, ikkje korleis elevane opplever fråværsgrensa. Ho kan vere heilt oppslukande, seier Bjørnås.

I første runde tapte Unge Venstre saka: Forslaget møtte kraftig motstand i landsstyremøtet og er difor innstilt avvist. Bjørnås håpar likevel saka kan få eit anna utfall på landsmøtet:

– Landsmøtet er meir liberalt på mange måtar. Eg håpar fylkeslaga har hatt ein god prosess i førekant, slik at dei står på lag med elevane.


Les også: Då Noreg stengde hadde Ingvild (18) akkurat starta på ny skule: – Sårt å skulle verte kjend over Teams

– Det vert slik at eg fryktar kvar gong det kjem ein ny pressekonferanse, om det er no dei skal ta frå vidaregåandeelevar å kome på skulen, seier Ingvild Husby Halderaker (18) frå Oslo er ei av dei unge som har levd med strenge restriksjonar det siste året. Foto: Privat