Første kull med fråværsgrensa: «Både eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er fødd i år 2000, og mitt kull var det første som gjekk gjennom vidaregåande frå start til slutt med fråværsgrensa.

Vi kunne ha 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag før vi strauk, og opp til 15 prosent under særskilde omstende.

Å seie at eg kjenner mange som droppa ut som ein direkte konsekvens av fråværsgrensa, ville vore å overdrive. Eg kan, derimot, med handa på hjartet seie at både eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime.

Det var influensa i fransken, omgangssjuke i gymmen, vondt i hovudet i geografien og grining på tomme øvingsrom i friminutta.

Det spelte liksom inga rolle om kjærasten din dumpa deg kvelden før, eller om du hadde sprutdiaré, så lenge du sat på plassen din frå klokka 08:05 til 15:30.

Betre resultat og mindre fråvær

Før pandemien kom ein forskingsrapport som viste at elevar hadde mindre fråvær og betre karakterar. Regjeringa kopla dette opp mot fråværsgrensa, men eg må berre påpeike ein ting:

Ifølgje Utdanningsdirektoratet har snittet på vidaregåande auka i omtrent alle fellesfag, sidan 2007.

Båe eg og andre var på skulen på dagar då vi skulle ha vore heime

Noko anna som har vore i konstant auking, er talet på elevar med depressive symptom, eller andre psykiske utfordringar. Ungdata meiner desse tala korrelerer med skulepress.

Det er verd å spørje seg om det minimalt høgare snittet verkeleg kom som eit resultat av fråværsgrensa, og om den minimale aukinga var verdt det – fordi Ungdata-undersøkinga viser ganske tydeleg at nokon har betalt.

Koronapause for fråværsgrensa

I mars 2020 var fråværsgrensa sett på pause, som ein konsekvens av koronasituasjonen. Grunnen var at elevar skulle sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråvær, ettersom koronaviruset gjorde at helsepersonalet måtte bruke kapasiteten sin på dei som trong det mest.

Personleg, synest eg at helsepersonell alltid bør bruke kapasiteten på dei som treng det mest, men det kan hende at det berre er meg. 

Til dags dato har ikkje fråværsgrensa kome tilbake enno, og eg har eit sterkt ynskje om at ho enten held seg borte, eller kjem tilbake i ei ny drakt med betre passform.

Den der legeerklæringa

Eit av dei mest omdiskuterte punkta i denne årelange fråværsgrensekrigen har vore legeerklæringa.

For å få godkjent dokumentert sjukefråvær, må ein ha ei legeerklæring frå fastlegen. Ei legeerklæring kosta 251 kroner (for meg i 2016), og det verken var eller er noko poeng i å betale 250 kroner for at legen skal skrive under på at ein har kasta opp tre gongar det siste døgnet, eller at du faktisk var ganske trist fordi bestemor var død.

Som elev på vidaregåande skule er ein som regel mellom 16 og 19 år. Ein lapp frå ein forelder skal vere nok, og ein eigenmelding frå ein myndig vaksen skal halde.

Sjølvstende på vidaregåande skule

Vi fekk alltid høyre at vi skulle ta ansvar for vår eiga læring, og at vidaregåande skulle førebu oss på studielivet og jobb. Skulesystemet i seg sjølv er utdatert, og det vidaregåande verkeleg førebudde meg på var å overleve eit stressnivå som eg aldri har trunge å oppleve etter uteksamineringa.

Sanninga er at folk er forskjellige, og at etter vidaregåande kan du faktisk velje ein kvardag som passar deg.

Sanninga er at folk er forskjellige

Eg begynte på ein fagskule utan fråværsgrense, fordi eg visste at eg ville jobbe ved sidan av og at helsa mi er uføreseieleg. Ei venninne av meg begynte på ein skule med undervisning kvar dag, fordi det var ein kvardag ho sjølv ynskja. Nokon går rett ut i jobb, og trivst med det.

Så lenge du betaler husleiga og har ei halvvegs vilje til å klare deg, er det få ting som hastar eller får store konsekvensar. I motsetjing til vidaregåande, kor du kan miste retten til vitnemål om du forsøv deg til to gymtimar i løpet av eit halvt år. 

Er det viktigare å ha kontroll på oss enn å sjå oss lykkast?

I staden for å trykke «aktiver» på fråværsgrensa etter siste vaksinering, kan ein i staden for opne for dialog mellom skule, foreldre og elev. Ein signert lapp frå forelder kan vere godkjent, og ein telefon eller e-post frå 18-åringen kan vere nok.

Fråværsgrensa kan fungere som eit rettleiande system, som hjelper til med å plukke opp elevar som har det vanskeleg, eller kanskje treng litt tilrettelegging for å kome gjennom.

Uansett kor hardt ein ynskjer at ungdom skal sitje på samleband, så kjem det aldri til å skje. Aldri. Formålet er derfor å finne ut kva som er best for kvar enkelt elev.

Fråvær skjer båe av psykiske og fysiske årsaker, og eg er av den oppfatninga at om ein ikkje lar seg sjølv ha ein dårleg dag, då kan det fort bli ei dårleg veke.

Så kva er viktigast, Guri Melby? Å ha kontroll på oss, eller å sjå oss lykkast?


Edvard Botterli Udnæs er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen. Foto: Privat