«Kvifor held ikkje norske politikarar EU-fana høgare?»

Elias Eide, Stortingskandidat for Høgre og krinsleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er i dei verkeleg store krisene folk over heile verda samarbeider best. Koronapandemien har mint oss på dette. Korleis skal vi skaffe og fordele smittevernutstyr og vaksinar, korleis skal ein få fram varer når grensene er stengde?

Dette er spørsmål som det internasjonale samfunnet saman har funne svar på under heile krisa. Dei utvilsamt viktigaste aktørane har vore FN, Verdas helseorganisasjon (WHO) og EU. Noreg har spelt ei viktig og aktiv rolle internasjonalt, med unntak av i EU; der sit vi «på gangen». 

Den europeiske union har heilt sidan starten i 1951 vore i konstant utvikling og stått i mange kriser. Kvar gong har EU leia an, og med store vyar for framtida. EU har brakt demokrati til nesten heile Europa. Gjennom mellomstatleg samarbeid har dei bidrege til å styrke demokrati, menneskerettar og rettstryggleiken i alle landa som grensar til unionen. Dette har ikkje skjedd med tvang, men med demokratiske prinsipp. Så har også EU gjort feilsteg, men alternativet hadde likevel vore mykje verre. 

Udemokratisk EØS-avtale

Noreg kan lovprise at vi underteikna EØS-avtalen for over 20 år sidan. Utan denne hadde lyset i alle norske bygder og distrikt vore sløkt for lenge sidan, vi hadde truleg ikkje sett ein einaste vaksinedose, og kanskje framleis prøvd å forhandle fram handelsavtalar, slik Sveits har drive med sidan 1994.

Likevel er EØS avtalen grunnleggjande udemokratisk. Vi blir underlagt lovar og reglar som vi ikkje er med på å utforme. Noreg er meir avhengig av EU enn EU er av oss, difor har vi som nasjon eit betydeleg dårlegare forhandlingskort enn om vi hadde vore medlemsland. 

Noreg er meir avhengig av EU enn EU er av oss.

Dagens internasjonale situasjon er ein heilt annan enn for få år sidan. Teknologi og globalisering pregar kvardagen like mykje for ein innbyggjar i ein liten norsk kommune som i verdsmetropolane Brüssel eller Berlin. Maktbalansen mellom stormaktene er endra, og det er ikkje lenger dei med mest våpen og flest soldatar som er dei mektigaste.

Midt opp i dette står dei store internasjonale organisasjonane som FN, NATO og EU, som har måtta tenke heilt nytt for å klare å halde på den dominerande posisjonen dei har hatt i verdsbiletet. Men denne omstillinga har dei klart. Det at Noreg står delvis på sidelinja er såleis uforståeleg. 

Må samarbeide

Mellomstatleg, demokratisk samarbeid er den mest lovande arbeidsforma for framtida. I internasjonal politikk viser det seg at forpliktande internasjonalt samarbeid produserer truverdige løysingar.

Å kome saman er byrjinga, å halde saman er framgang, men å arbeide saman er suksess, sa Henry Ford.

Forpliktande samarbeid blant medlemslanda i Den europeiske union mogleggjer at reelle utfordringar blir overført til eit internasjonalt nivå der nasjonale særinteresser og kortsiktige løysingar ikkje blir tatt omsyn til. Dette fører til ei meir langsiktig og ansvarleg politikkutvikling. Det har vi seinast sett i pandemien, men ikkje minst i utfordringar knytte til klima og miljø, bistand og menneskerettar. 

Å kome saman er byrjinga, å halde saman er framgang, men å arbeide saman er suksess, sa Henry Ford. No er det på tide at Noreg tar ansvar og går inn for eit Norsk EU-medlemskap. For heng vi ikkje saman blir vi hengt kvar for oss. 


Kristine Meek Stokke er nyvald leiar i Europeisk Ungdom. Foto: Privat