Bunaden får miljøstryk av EU

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU planlegg i desse dagar ei merkeordning på alle produkt, også tekstilar. Merkeordninga skal i prinsippet gjere det enklare for forbrukarane å velje miljø- og klimavennleg.

– Slik systemet ser ut til å bli er det dei syntetiske tekstilane som blir merka grøne, medan naturmateriala blir stempla som miljøverstingar, seier professor i klede og berekraft, Ingun Klepp ved Sifo, Oslomet, til Nynorsk pressekontor (NPK).

Det var Tesktilforum som først omtalte saka.

Usikker bunadsframtid

Dei som produserer klede på naturmateriale er blant anna småprodusentar, folk som driv med handverkstradisjonar, urfolk og dei som utviklar nasjonaldrakter.

– Det å stemple naturmateriale som miljøversting og det syntetiske, altså plasten, som løysinga, vil difor få enorme konsekvensar for småskalaprodusentane. Med dette systemet vil alle som kjøper meir plast og mindre naturmateriale bli rekna som grønare, seier Klepp.

– Kva konsekvensar kan merkeordninga konkret ha for bunaden?

Professor Ingun Klepp seier det vil få enorme konsekvensar for småskalaprodusentar om naturmateriala vert merka som miljøverstingar. Foto Oslo MET

– Det er vanskeleg å seie akkurat kva konsekvensar det vil ha. Men det er ikkje mogleg å tenkje seg ei vidareføring av bunadstradisjonen og handverkstradisjonar utan bruk av naturmateriala, seier Klepp.

Nokon må slå alarm

Kulturhistorikaren trur ikkje ein kan hindre at naturmateriala får eit verstingstempel viss ikkje nokon slår alarm.

– Det har vore to høyringar på dette, og det har komme mange gode innspel som kritiserer tala ein legg til grunn, korleis systema er utvikla og den demokratiske prosessen bak. Det er viktig å peike på at tekstilar ikkje berre er meir eller mindre grøne i eit rekneark, men òg at tekstilane er ein viktig del av livet vårt. Bunaden har ein verdi for folk og kan ikkje utan vidare lagast i eit anna materiale viss EU plutseleg bestemmer seg for det, seier ho.

– Folk tar vare på bunaden sin i generasjonar, og det må jo vere målet med den sirkulære økonomien – at vi brukar tinga våre lengst mogleg.

Ho hevdar at røystene som kritiserer systemet, ikkje blir høyrde i det heile.

– Dei har ikkje skjønt alvoret i saka. Eg trur noko av grunnen til det er at det er ganske teknisk komplisert å forklare korleis dei faktisk har rekna, seier Klepp.

Har du bunad?

Har du bunad?

Ja, har arva ein.34
Ja, kjøpte ny.70
Nei, men har lyst på!10
Nei, og vil ikkje ha heller.17
Svar totalt: 131

 

Selektivt reknestykke

Ho gjer likevel eit forsøk på å forklare kompleksiteten bak.

– Parametrar der dei syntetiske tekstilane hadde komme dårleg ut, er ikkje rekna med. Det gjeld til dømes spreiing av mikroplast, kor nedbrytbart stoffet er og ikkje minst produksjonen av plast.

EU har også redusert parametrane som handlar om redusert levetid til å berre ta for seg teknisk styrke.

Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

– Polyester er mykje sterkare enn naturmateriala, men om du hadde hatt eit polyesterslips og eit silkeslips, så er det ikkje nødvendigvis slik at du brukar polyesterslipset lenger, seier ho.

I tillegg har det vore selektiv i bruk av såkalla livssyklusanalysar når ein har utarbeidd systemet.

– Både tala som blir mata inn, reknemetoden og kva miljøbelastingar som blir rekna inn er feil. Alle desse tinga favoriserer dei syntetiske materiala, seier Klepp.

Lite kunnskap blant folk

Professor Klepp trur manglande kunnskap i befolkninga gjer at EU kan innføre det nye merkesystemet utan større protestar.

– På nokre produktområde har ein jamn kunnskap i befolkninga, til dømes på mat. Når det skjer noko der, kan mange ytre seg og meine noko, men på klede er det veldig få som har innsikta som krevst for å diskutere, seier ho.

Ho meiner det både i tekstilnæringa og i andre næringar er relevant å spørje seg kven som vil tene på ulike tiltak.

– Viss ein spør om det, så vil ein i dette tilfelle sjå at det er den same industrien som har utvikla merkeordninga: Nemleg dei som står for den store globale masseproduksjonen av dårlege klede. Det heile er eit lukka udemokratisk system eigd av dei store selskapa, avsluttar Klepp.

Viktig å belyse

Camilla Rossing er leiar i Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt. Foto: Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt

Leiar Camilla Rossing i Norsk institutt for bunad og folkedrakt meiner det er svært viktig å ta tak i denne saka no.

– Som Klepp påpeikar er EUs merkeordning for miljøvennlege tekstilar svært kompleks, og vi meiner det er svært viktig å sette søkjelys på dette. Ut frå det vi veit om miljøvennleg produksjon, forbruk og restavfall, kan det ikkje vere nokon tvil om at ullstoff produsert i Noreg, av norsk ull, burde vere mykje meir miljøvennleg enn tekstilar av polyester, seier ho til NPK.

Også Norges Husflidslag er skeptiske til den nye merkeordninga.

– Eg meiner dette handlar om mangel på heilskapleg kunnskap. Bunaden er uansett det mest haldbare plagget ein har. Av mange grunnar, seier direktør Marit Jacobsen i Husflidslaget.


Ahmed Umar har teke med seg sin sudanske arv i møtet med sitt nye heimland. Foto: Ahmed Umar

Fakta om merkeordninga

  • Innan utgangen av 2022 vil EU at alle produkt som blir seld i Europa skal merkast med miljøavtrykket sitt.
  • Tal og data blir mata inn i det som blir kalla Product Environmental Footprint (PEF) for tekstil og fottøy.
  • Ifølgje EU skal PEF vere med på å utvikle produkt- og sektorspesifikke reglar og teste forskjellige tilnærmingar til verifikasjon.
  • PEF skal òg vere eit verktøy for kommunikasjon av livssyklusanalysar ut til næringsliv, forbrukarar og andre.