Talsperson i Grøn Ungdom: – På høg tid med ein skikkeleg EU-debatt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er på høg tid at me tek ein skikkeleg EU-debatt, som eg meiner burde ende opp med «ja».

Det seier talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland, på telefon til Framtida.no. 

Folkerøysting om folkerøysting

På landsmøtet til moderpartiet Miljøpartiet Dei Grøne skal partiet stemma over eit forslag frå Lan Marie Berg, Rasmus Hansson og fleire andre MDG-politikarar om å starta ein EU-prosess i partiet.

I forslaget heiter det at:

«MDG vil jobbe for en folkeavstemning som avklarer om Norge skal gå i forhandlinger om mulig EU-medlemskap. En eventuell fremforhandlet avtale om EU-medlemskap skal legges fram for en folkeavstemning som vil avgjøre om Norge blir EU-medlem eller ikke»

– Me føreslår å starta debatten om norsk EU-medlemskap i MDG, og at partiet skal verte ein pådrivar for at denne debatten skal starta i det norske samfunnet, sa Rasmus Hansson, stortingsrepresentant for MDG, til NRK.no førre veke.

Éin av fire er for EU-medlemskap

I ei undersøking gjort av Ipsos på oppdrag for Dagbladet i slutten av april kom det fram ei auke i personar som er for eit norsk EU-medlemskap, sjølv om «nei»-sida framleis er i fleirtal.

– Delen som meiner Noreg bør bli medlem av EU har vore stabil på 15 prosent frå 2011 til 2017, men byrja å aka i 2019. I 2021 var det 21 prosent som meinte Noreg bør bli medlem av EU. Samanliknar vi desse tala med de nye tala her, ser me at det har auka ytterlegare, forklarar Maria Rosness i Ipsos til Dagbladet i saka som er publisert 29. april.

Uavklart frå Grøn Ungdom

Stokkeland fortel at Grøn Ungdom ikkje har eit klart standpunkt for eller imot EU.

– Personleg er eg for norsk EU-medlemskap. Me er eit ganske europositivt parti som er for EØS-avtalen. Eg synest det er bra at partiet no set i gang ein prosess, seier Stokkeland.

Ungdomspolitikaren peikar på fleire internasjonale utfordringar som klimakrisa, flyktningkrisa, Ukraina-krigen og personvernutfordringar. Dette meiner han er problem som berre kan løysast med bindande internasjonale samarbeid.

– På tide å gå inn i EU

Stokkeland trur mange har tenkt på EU-saka som veldig daud og irrelevant, noko som berre dukkar opp når det er litt for lenge sidan Unge Høgre eller Unge Venstre har vore på Dagsnytt 18.

Stokkeland er difor positiv til ei ny folkerøysting og er klar på kva han håpar utfallet blir.

– Det er mykje snakk om at min generasjon ikkje har fått vera med å bestemma, men sjølv ikkje dei fleste partileiarane me har i dag har vore med og stemt. Personleg meiner eg det er på tide å gå inn i EU. Det er genuint trist at to-tre generasjonar ikkje har fått vore med å ta del i den avgjersla.


Den nye Fpu-leiaren Simen Velle ser opp til den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj. Foto: Presse, Ukrainian Presidential Press Office via AP, File