Oljeindustri-kritikk vart fjerna frå klimarapporten til politikarane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I starten av april vart den tredje delrapporten frå FNs klimapanel offentleggjort. Han tok føre seg mogelegheitene for å løyse klimakrisa.

I løpet av dei 3000 sidene av rapporten vart rolla til fossilindustrien understreka, men i det politiske samandraget (Summary for Policymakers) var fossilindustrien fråverande.

Slik var det ikkje i førsteutkastet.

Fjerna i samandrag for politikarar

The Guardian har fått tilgang til eit tidlegare utkast av samandraget som skildrar korleis fossilindustrien og andre med eigeninteresser i å vidareføre ein økonomi basert på karbon, aktivt arbeidde mot klimahandling. 

Der stod mellom anna skrive:

«Faktorar som hindrar ambisiøs omstilling inkluderer strukturelle barrierar, ein trinnvis heller enn systematisk framgangsmåte, manglande koordinering, handlingslamming, fastlåst infrastruktur og midlar, og fastlåsing som ein konsekvens av eigeninteresse, handlingslamming i reguleringane, og mangel på teknologiske ferdigheiter og menneskelege ressursar.»

Miljøsosiolog Robert Brulle frå Brown University er ein av dei som reagerer på redigeringa:

– Den politiske prosessen med å skape dette samandraget for makthavarane enda opp med å redigere all denne informasjonen ut, seier han til The Guardian.

Kapitla som er baserte på forsking vert kontrollert av forskarane som skriv dei, men samandraget må godkjennast av representatar frå 195 land.

– Fossilindustrien driv lobbyverksemd

Elise Åsnes, den nyvalde leiaren i miljøorganisasjonen Spire, fortel at endå det er djupt skuffande, så er ho ikkje overraska over samandrag-kuttet:

Elise Åsnes vart nyleg vald til leiar i Spire. Tidlegare har ho vore nestleiar. Foto: Presse/Spire

– Dette har vi sett fleire gongar tidlegare også. Fossilindustrien og rike oljenasjonar fråskriver seg ansvaret for klimakrisa, og driv lobbyverksemd for å kunne fortsetje med den same, gamle, miljøskadelege praksisen som før,

Ifølgje lekka rapportar var det særleg representantar frå Saudi-Arabia som arbeidde for å vektleggje karbonfangst- og lagring, og tone ned fokuset på oljeindustrien. Saudi-Arabia husar kring 17 prosent av verdas petroleumsressursar, og kring 50 prosent av bruttonasjonalprodukt stammar frå olje- og gassektoren.

– Dette vart også Noreg skulda for å gjere på COP26 i arbeidet med ein tidlegare IPCC-rapport, påpeikar Åses på e-post til Framtida.no.

Spire-leiaren understrekar at sjølv om ikkje fossilnæringa si rolle var spegla i samandraget, så er det tydeleg i resten av FN-rapporten:

– Den tredje delrapporten i seg sjølv var klokkeklar på at fossilinteresser er det største hinderet for å handtere klimakrisa, skriv ho og held fram:

– Oljenæringar og fossile nasjonar, som Noreg, må verte ansvarleggjorde for sitt enorme bidrag til klimakrisa.

– Dyssar ned konsekvensane av fossil industri

Åsnes seier ho heilt klart ser verdien i at landsrepresentantane må godkjenne samandraget, fordi det forankrar klimaforskinga i fleire land:

– Samstundes når kvar einaste setning i samandraget må verte godkjent av 195 land vert språket utvatna og politikken svakare, og dyssar ned konsekvensane fossil industri har for klimakrisa.

– Teknologiutviklinga åleine er ikkje nok – vi treng også politisk vilje og handlekraft.

Fossilindustrien med flest representantar på klimatoppmøte

Atmosfæreforskar Ken Caldeira, seniorforskar for Bill Gates’s Breakthrough Energy, seier til The Guardian at dei på 80-talet trudde makthavarane ville gjere det rette, om dei berre fekk nok informasjon.

– No ser vi at det ikkje handlar om informasjonsunderskot, det handlar om maktstrukturar og at folk vil behalde den økonomiske og politiske makta. Så det å berre fortelje folk meir klimavitskap kjem ikkje til å hjelpe noko.

Spire-leiar Elise Åsnes trur det er naudsynt å innskrenke fossilindustrien si makt i FN-systemet for å få til ei reell grøn omstilling:

– På førre klimatoppmøte i Glasgow (COP26) hadde fossilindustrien sin lobby fleire delegatar enn alle andre delegasjonar. Det er også viktig at folket reiser seg og krev klimahandling, blant anna ved å stemme på modige politikarar som lovar ekte systemendring.


Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Mika Baumeister/Unsplash, skjermdump av 3. delrapport frå IPPC