Fleire gruar seg: – Det skal ikkje bli ei eteforstyrra påske

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Majoriteten av dei me snakkar med gruar seg til påske. Det handlar mellom anna om at rutinane dei har opparbeidd seg flyt ut og at mange har meir tid til å tenkja på eteforstyrringa, mat og kropp. Mange reiser også heim til familien, der dei fortel at dei har ein som er veldig opptatt av mat og vekt og kommenterer kropp.

Det fortel Elin Heitmann, rådgjevar i ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser).

Auka trykk etter feriar

Under koronapandemien melde ROS om stor pågang og lange ventelister. Heitmann fortel at dei har vorte vande med aukande pågang, og at dei ofte opplever eit auka trykk etter feriar som jule- og sommarferie.

– Det mange seier er vanskeleg er sosiale medium. I sosiale medium er det mykje framstilling av den perfekte påska. Det handlar ikkje berre om mat, men òg perfekte familieforhold og livet på hytta. Om ein ikkje har den perfekte påska kan ein føla seg dårlegare og det matar opp under ein vond sirkel, seier Heitmann.

– Kva er ditt råd til dei som slit med eteforstyrringar i påska?

– Om ein kjenner at det vert veldig vanskeleg med masse fokus på mat, kan ein be om hjelp til å ramme inn måltid. Jo meir jamt og trutt ein et, jo meir robust er ein med tanke på overeting og oppkast.

Heitmann meiner likevel at det er viktig at dei pårørande ikkje strekkjer seg så langt at eteforstyrringane får øydeleggja påskekosen.

– Det skal ikkje bli ei eteforstyrra påske. Ein må ete som ein plar og ikkje bli kontrollert av andre sine matvanar. Ofte tilrettelegg ein etter eteforstyrringa, så sit alle der og et salat. Då oppmodar eg heller til at det vert konflikt, for det er viktig at det ikkje fjernar matgleda, understrekar ho.

Sjå etter endring i åtferd

Dei fleste tenker gjerne på anoreksi og bulimi, men eteforstyrringar inkluderer også overeting, megareksi og ortoreksi.

Eteforstyrringar kan gje utslag i kroppslege endringar, men det er slett ikkje alltid tilfelle. Det kan difor vera like viktig å sjå etter andre teikn.

Om du legg merke til at ein person trekker seg tilbake og endrar åtferd, kan det vera lurt å ta ein bekymringssamtale. Det er viktig å tenkja over om tidspunktet er riktig for å ta det opp og at ein tek bekymringa på tomannshand, når ein har god tid og ikkje vert forstyrra.

– Ta utgangspunkt i korleis personen oppfører seg. Det er heilt innanfor å seia at ein har ei kjensle av at ikkje alt er som det skal. Vêr audmjuk og spørjande, framfor bastant, rår Heitmann.

Ein må òg bu seg på mange ulike reaksjonar, som til dømes fornekting, tårer eller anerkjenning. Det vanlegaste er å bli avvist. Då er det viktig å respektera det og seia at ein skjønar at det er vanskeleg, men «eg vil at du skal vete at eg kjenner på det og eg kjem til å ta det opp på eit seinare tidspunkt».

– Bekymring kan takast opp mange gonger, så lenge det er litt mellomrom mellom kvar gong, understrekar Heitmann.

Unngå å kommentera under måltida

Rådgjevaren rår den som er bekymra til å ta opp problematikken når det er god stemning, framfor rundt måltid eller andre stressande situasjonar. Under ein gåtur, køyretur, skitur eller påskekrim, slepp ein å sjå direkte på kvarandre, noko som kan vera mindre konfronterande.

 Prøv å ikkje kommentera mat under måltida. Er ein bekymra for lite matinntak kan ein heller ta ein check-in etter måltidet og seia at: «Eg legg merke til at du har eit lågt matinntak, er det noko eg kan gjera?» Det handlar mykje om kva relasjon ein har og kor open ein person er sjølv, avsluttar Heitmann.


Om lag 10–30 prosent av dei som lid av eteforstyrringar er menn, men for mange er det framleis sett på som ei kvinneliding. Daniel Spjeld brukar erfaringane sine i arbeidet som rådgjevar i ROS, Rådgiving for spiseforstyrrelser. Foto: The Human Aspect og Matias Hagen