Gruar du deg til ferien? Det er du ikkje åleine om! Her er rådgjevar i ROS, Elin Heitmann, sine tips for ei god påske.
Elin Heitmann
Elin Heitmann

1. Planlegg

For nokre kan det vere fint å planleggje litt før påska er i gang. På nettsida vår finn du eit planleggingsskriv (link til PDF). Gå gjennom det åleine eller saman med dei du er glad i.

2. Ta ein dag om gongen

Hald fokus på små sigrar – eit lite smil, sola som kjentest god mot huda, ein kopp kaffi som smakte ekstra godt, ei god bok, ein søt hund, fuglane som kvitrar…

3. Et regelmessig

Det kjedelegaste rådet, men prøv å ete jamt og trutt så langt det let seg gjere. Dette gjer ein meir robust for overeting/oppkast.

4. Ta timeouts

Ta deg timeouts når du treng det! Trekk deg tilbake for ein time eller to. Gjer noko for deg sjølv, der du får tid til å samla tankane.

5. Ver der du er i prosessen

Elles ynskjer eg å seie at det er heilt greitt om du vil ta ein pause frå å jobbe med deg sjølv. Det er greitt å vere der du er i din prosess.


Rådgjevar i ROS (Rådgiving om eteforstyrringar), Elin Heitmann, fortel at mange synest påska er vanskeleg. Foto: Privat
Oppdatert: onsdag 27. april 2022 10.03

LES OGSÅ

ANNONSE