Aukande press på psykisk helsetilbod til barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten følgjer opp fjorårets situasjonsskildring og viser at utfordringane i tenestetilbodet truar pasienttryggleiken.

– Sjølv om pandemien er over for denne gongen, vil etterverknadene for barn og unge bli merka i lang tid, seier direktør Pål Iden i Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom).

Pandemi-etterslep

Rapporten legg særleg vekt på tre utfordringar knytt til barn og unge: Etterslepet etter pandemien som skaper auka ventetid, gapet mellom helsetilbodet i kommunane og tilbodet i spesialisthelsetenesta, og aukande prioriteringsutfordringar i dei kommunale tenestene.

Rapporten peikar på fleire risikofaktorar, mellom anna auka press på utskriving av pasientar, mindre tid til kvar pasient, lengre ventetid på behandling, manglande tilgang på kompetanse, mindre fleksibilitet og mindre ressursar til ettervern, oppfølging og foreldrerettleiing.

– Det er viktig at leiarar i helse- og omsorgstenesta er merksame på desse risikofaktorane slik at pasienttryggleiken til barn og unge blir vareteke. På tvers av nivåa har vi eit ansvar for at rammene er på plass, så neste generasjon får den helsehjelpa som no trengst, seier Iden.


Irene Kingwsick, generalsekretær i ROS fortvilar over at det nyopna senteret i Tromsø no ser ut til å måtta leggast ned. FOTO: ROS