No er det for første gong over 300.000 studentar i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten 2021 var det registrert 304.900 studentar ved universitet og høgskular i Noreg.

Talet på studentar auka med 12.000 frå 2020 til 2021, skriv Statistisk sentralbyrå.

Over 30 år

Studentar over 30 år stod for nærare halvparten av auken, med 5.700 studentar.

– Gjennom to år med pandemi har vi sett ein stor auke i talet på studentar, med ein årleg vekst på heile 4 prosent både i 2020 og 2021. Til samanlikning har den årlege veksten i gjennomsnitt lege på 2 prosent dei ti tidlegare åra, seier Maj-Lisa Lervåg som er ansvarleg for studentstatistikken.

60 prosent kvinner

Blant studentane på norske universitet og høgskular er rundt 60 prosent kvinner og 40 prosent menn. Kjønnsfordelinga har halde seg stabil dei siste 20 åra.

Totalt var 38,4 prosent av 19-24-åringane i landet under høgare utdanning i fjor haust. Det er ein auke frå 31,6 prosent frå ti år tidlegare.

Kollasj: Framtida.no. Foto av: Kim Thoresen-Vestre (SV). Skjermdump/Privat/Gjennestad VGS