Arrangerer «En psykt vanlig uke» : – Alle skal ha ein stad å gå til

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Festivalen blei opphaveleg starta fordi studentforeiningane på Gløshaugen meinte det var litt lite fokus på mental helse.

Det fortel leiar for En psykt vanlig uke, Alice Steckmest på telefon til Framtida.no. Det er berre eit par dagar til festivalen går av stabelen når vi har ho på tråden.

Frå måndag 14. mars til søndag 20. mars skipar ei rekkje studentforeiningar i Trondheim aktivitetar og arrangement med ekstra fokus på mental helse saman med eksterne aktørar. Blant dei er NTNUI, Studentersamfunnet, Logitas og Erasmus Student Network (ESN) Trondheim.

Openheit

En psykt vanlig uke er eit arrangement som skal bidra til auka merksemd rundt psykisk helse, samt å senke terskelen for å prate om det.

Årets tema er openheit.

– Det er kult at psykisk helse blant studentar har blitt så viktig no, seier Steckmest, og viser til at det blei sett på dagsordenen med den siste ShoT-undersøkinga.

Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) er ei spørjeundersøking som sidan 2010 har kartlagt helse, livskvalitet og studieprestasjon blant norske studentar.

Leiar for «En psykt vanlig uke» Alice Steckmest. Foto: Privat

Den førre undersøkinga kom i 2018, men i 2021 blei ei ShoT-tilleggsundersøking gjennomført. Ho skulle kartleggje studentane sin helse- og trivselssituasjon det siste året. Denne perioden var i stor grad prega av koronatiltak.

Resultata viste mellom anna at fleire studentar er einsame. 54,4 prosent av studentane svarte at dei var einsame, mot 23,6 prosent i 2018. Fire av ti studentar melde òg at dei har søvnproblem.

Også i det siste Studiebarometeret svarte 50 prosent av studentane at dei føler seg meir einsame.

– Det med korona har verkeleg ikkje hjelpt. Det merkar vi med studentar som kom for to år sidan, det er først no dei byrjar å møte medstudentar fysisk, seier Alice Steckmest og held fram:

– Kanskje dei einaste dei har blitt kjent med er folk i kollektivet. Det har verkeleg vore vanskeleg for mange trur eg.

Noko for alle

En psykt vanlig uke-leiaren synest det er dumt å ikkje gjere noko, når ein veit at mange studentar har det vanskeleg. Ho poengterer at relativt små tiltak, som festivalen deira, kan bidra til at nokon får det betre.

Programmet for festivalen har noko for ein kvar – nettopp det er viktig for leiaren. Dei vil arrangere såpass mykje forskjellig at dei kan nå folk med ulike interesser.

– Vi vil sørgje for at alle har ein stad å gå til.

Og ein må ikkje vere student for å vere med. Ho opplyser at festivalen er for alle, uavhengig om ein er student eller ikkje.

Illustrasjon: En psykt vanlig uke

Frå venespleising til Halloween-drapet

Eit av arrangementa under festivalen som kan gjere kvardagen til einsame studentar litt lettare, er venespleising. Her kan ein møte andre, potensielle venar, og kanskje nokon å utforske resten av festivalen med.

Då Studentersamfundet i Trondheim arrangerte vennespleising for første gong i fjor, melde over 1100 studentar seg på  – langt fleire enn arrangørane hadde turt å håpe på.

Alice Steckmest trekker vidare fram føredrag gjennom Wake Me Up Norway, ein organisasjon som støttar og heiar fram unge mellom 15 og 23 år, som noko som verkeleg er verdt å få med seg.

Til dømes skal mentaltrenar Espen Simonsen, som mellom anna er kjent frå Kompani Lauritzen, halde føredrag. Det skal òg Marius Løken, som overlevde det såkalla Halloween-drapet i 2011. Han blei knivstukken 15 gongar, og kompisen blei drepen.

– Vi skal òg samarbeide med Petters JazzJam, som eg personleg synest blir kult!

Bli med!

Festivalleiaren rår både dei som kjenner seg einsame og dei som vil hjelpe andre til å bli med i ei av dei mange studentforeiningane som finst.

– Ein blir tvungen til å utforske meir, og mange verv er veldig lågterskel, understrekar Alice Steckmest.

Om ein opplever at andre har det kjipt og ikkje har funne seg heilt til rette, meiner ho at noko av det viktigaste ein kan gjere er å engasjere seg. Slik bidreg ein til å sørgje for at ander også har det bra.

– Eit lite verv kan gjere ein stor forskjell for ein student.

Ho vonar En psykt vanleg uke kan motivere studentar og foreiningar, og at festivalen vil vekse og inspirere til at psykisk helse blir prioritert.

– Vi håpar at ved å ha fokus på psykisk helse éi veke, vil vi pushe folk til å ha fokus generelt heile året og motivere dei til å tenke litt nytt.


Illustrasjonsfoto: Brooke Cagle/Unsplash. Innfelt: Frida Andersen. Foto: Privat