108 ordførarar krev nynorsk for skuleelevane sine på Google
108 ordførar i fylke og kommunar med nynorskelevar har skrive brev til Google og krev nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år byrjar mellom 7 000 og 8 000 førsteklassingar med nynorsk som opplæringsspråk i norsk skule. Det er over 90 000 i grunnopplæringa.
– Det er viktig for oss, som ordførarar, at desse barna skal ha like høve til å bli trygge på språket sitt og digitale ferdigheiter som andre elevar i norsk skule, seier ordførar i Stad Alfred Bjørlo i pressemeldinga.
I ei undersøking Framtida.no gjennomførte i fjor, svara fire av fem lærarar ved nynorske skular at klassen deira må bruka digitale ressursar på bokmål minst éin gong i veka – sjølv om dei kunne ønskt dei var på nynorsk.
Bergen og Stavanger støttar kravet
Blant dei 108 ordførarane som støttar oppropet er bergensordførar Marte Mjøs Persen, Stavangerordførar Kari Nessa Nordtun og fleire andre frå språknøytrale kommunar og nynorskkommunar.
Saman krev dei at Google har eigne språkversjonar for nynorsk av programvare og appar på:
- G Suite for utdanning, inkludert program for tekstbehandling, rekneark, presentasjonar, kalender, videomøte og e-post
- Google Chromebook
- Google Classroom
- Nynorsk rettskrivingsprogram
LES OGSÅ: Elevorganisasjonen: – Viktig at kommunane torer å investere i digitale læremiddel
Ber Google om å støtta nynorskelevane
Google er éin av to store aktørar for digital infrastruktur i grunnskulen og vidaregåande opplæring.
– Dessverre tilbyr ikkje Google nynorskversjonar av program og appar eller tilfredsstillande nynorske rettskrivingsprogram. Me vil med dette brevet oppmoda Google til å gjera det mogleg for skulane å bruka tilboda som dei tilbyd, og samstundes støtta opp om nynorskelevane, seier Alfred Bjørlo.
Initiativet til brevet er teke av mållaga i Ørsta, Volda, Stranda og Ulstein. Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har samarbeidd om å organisera oppropet.
Dei bed Google om eit samarbeid for å få nynorsk på plass i den digitale infrastukturen for skulen.
Google: – Kan ikkje auke støtta for nynorsk
Andrea Lewis Åkerman, fungerande kommunikasjonssjef i Google Norge, skriv dette i ein epost til Framtida.no tysdag ettermiddag.
LES OGSÅ: Mållaget krev at nynorsken blir sikra i digitale læremiddel