«Sylvi Listhaug er det siste verda treng no»
I ei tid med krig og kriser treng vi politikarar som byggjer bruer, skriv Alexandra Schonhowd Sørensen, leiar i Bergen AUF.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Mens verda er prega av krig, klimakrisa og aukande autoritære krefter, er det éin ting vi verkeleg ikkje treng: meir høgrepopulisme og splitting. Likevel er det nettopp dette Sylvi Listhaug og Framstegspartiet tilbyr.
Høgrepopulistisk oppskrift
Over heile verda ser vi korleis ytre høgre-politikarar utnyttar frykt og misnøye for å få makt. Donald Trump bana veg for denne rørsla med sin konspirasjonsprega politikk, der sanninga var mindre viktig enn å skape fiendebilete. I Europa har leiarar som Giorgia Meloni og Viktor Orbán følgt same oppskrift: demonisering av minoritetar, angrep på menneskerettane og eit stadig meir autoritært samfunn.
Sylvi Listhaug spelar på dei same strengane i norsk politikk. Ho har fleire gongar gått til åtak på pressa, kalla klimakampen hysteri og framstilt menneske på flukt som ei trussel. Dette er ikkje tilfeldig – det er eit strategisk forsøk på å flytte det politiske landskapet i ei meir ekstrem retning.
Forsvarar Israel
Den pågåande krigen i Gaza har vist oss kven som står på rett side av historia. Dei fleste demokratiske land, inkludert Noreg, har vore tydelege på at folkeretten gjeld for alle, og at Israels bombing av sivile er uakseptabelt. Likevel nektar Sylvi Listhaug og FrP å anerkjenne dette. I staden forsvarar dei Israels handlingar blindt, sjølv når FN sine ekspertar slår fast at det blir utført alvorlege krigsbrotsverk.
Denne haldninga skader ikkje berre palestinarane – ho skader òg Noreg. Når norske politikarar aktivt undergrev folkeretten, svekkjer det vår truverd internasjonalt.
Listhaug likar å framstille seg som ein forkjempar for norsk tryggleik. Men sanninga er at politikken hennar gjer oss meir utsette. Når vi svekkjer folkeretten, bidreg vi til ei verd der makt er viktigare enn rett. Det er ein farleg veg å gå – for små land som Noreg er nettopp folkeretten vår viktigaste beskyttelse og tryggleik i ei uroleg verd.
Byggje bruer
I ei tid med krig og kriser treng vi politikarar som byggjer bruer – vi treng solidaritet. Noreg er tent med ein politikk som står opp for folkeretten, menneskerettane og det internasjonale samarbeidet som har tent oss så godt til no. Sylvi Listhaug representerer det motsette – og derfor er ho det siste verda treng no.