Politikk og samfunn

«Den norske alkoholmodellen er under press»

Feilslått liberalisering gjer at den norske alkoholmodellen er under press. Dette er dumt når me veit at han fungerer, skriv leiaren i Juvente.

André Thomassen Haugen
Styreleiar i Juvente
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Tidlegare skjenkjestart og pils i park er ikkje ein lakmustest på eit liberalt samfunn.

Byrådet i Oslo fekk knapt fleirtal for tidlegare skjenkjestart 17. mai.

Heldigvis var det få som møtte opp. Det er eit godt teikn. Det viser at forslaget til byrådet ikkje representerte mesteparten av Oslos
borgarar.

Rokkar ved modellen

Me veit frå før at éin av to nordmenn meiner alkohol tek for mykje plass på nasjonaldagen.

Likevel er det alt for mange som vil rokka med den norske alkoholen modellen.

quote-left

Tidlegare skjenkjestart vil skapa større tilgjengelegheit og utfordra den norske alkoholmodellen

quote-right

Me i Juvente meiner at forslag som pils i parken, tidlegare skjenkjestart vil skapa større tilgjengelegheit og utfordra den norske alkoholmodellen på lang sikt.

Dette vil ha negative konsekvensar for folk flest.

Den norske alkoholmodellen er under press.

Ei pakke av verkemiddel

Pils i park er ikkje berre pils i park. Tidlegare skjenkjestart er ikkje berre tidlegare skjenkjestart. Det har uføresette konsekvensar.

Me veit at den norske alkoholmodellen fungerer, det er ein pakke av mange verkemiddel.

Pakken består av Vinmonopolet, skjenkjeløyvingar, avgifter, aldersgrenser og sals- og skjenkjetider.

Me veit at denne modellen fungerer, men me veit ikkje kva for eit av desse verkemidla som er mest effektivt.

Det er derfor det er farleg å rokka med modellen.

Små endringar, store

Det er bra at mange ikkje møtte opp for tidleg skjenking på 17. mai, men når ein opnar opp for tidlegare skjenking kan det ha uføreseielege konsekvensar.

Små endringar kan ha store konsekvensar i det lange løpet. Dette har me fleire døme på.

Alkoholkonsumet auka i Finland då dei prøvde å gi skattelette til alkohol.

Tilgjengelegheit er ein viktig del av denne modellen.

Det er derfor me har skjenkjeløyvingar, aldersgrenser og skjenkjetider. Det stoppar folk frå å kjøpa alkohol og har derfor ein effekt.

Samtidig er det også viktig å tenkja på at ein burde ha alkoholfrie-soner. Det blir færre og færre av dei. Spesielt no som det er fleirtal i Stortinget for å endra alkohollovgivinga som vil opna for at kommunar kan definera avgrensa friareal: altså pils i park.

Men, pils i park er ikkje berre pils i park. Det rokkar med heile modellen.

Det same gjer tidlegare skjenkjestart.

Folkehelse framfor profitt

Liberalisering kan vera vel og bra, men det skal ikkje gå utover folkehelsa. Me veit at fire av ti nordmenn har sett rusa vaksne saman med barn på 17. mai dei siste to åra.

Med tidlegare skjenkjeløyving og pils i park vil detta mest sannsynleg auka.

quote-left

Fri flyt av alkohol er ikkje bra for samfunnet.

quote-right

Alkohol er ikkje fienden, men fri flyt av alkohol er ikkje bra for samfunnet.

Dette handlar ikkje om moralisering, men heller at me må prioritera folkehelse framfor profitt.

Ikkje kødd med modellen!

Me har funne kompromisset som fungerer: den norske alkoholmodellen.

Det er betre for alle om me ikkje køddar med den.

Tidlegare skjenkjestart og pils i park er ikkje ein lakmustest på eit liberalt samfunn. Ein treng ansvarlege avgrensingar.