Åtte kule kvinner du ikkje lærte om på skulen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.03.2022 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ellen Gleditsch – kjemikar hos Marie Curie

 

Foto: NTB / NTB

Fødd: 29. desember 1879
Døydde: 5. juni 1968
Frå: Mandal

Du har kanskje høyrt om den første kvinnelege professoren i Noreg, zoolog Kristine Bonnevie, men har du høyrt om den andre?

I 1929 – etter eitt år med saksbehandling, utsetjingar og debatt – vart Ellen Gleditsch utnemnd professor i uorganisk kjemi.

Ellen Gleditsch vaks opp i Tromsø, der ho utdanna seg til å verte farmasøyt. 23 år gammal var ho assistent på det kjemiske laboratoriet hjå Universitetet i Oslo.

Gleditsch var fascinert av radioaktivitet, og då ho var 28 år søkte ho seg til Marie Curie sitt berømte laboratorium i Paris.

I 1903, fire år tidlegare, hadde Curie fått sin første Nobelpris, då i fysikk. Curielaboratoriet husa eit av dei leiande fagmiljøa innan radioaktivitet, og å få innpass der ville både sikre best mogeleg opplæring, samt opne mange dører for Gleditsch.

Marie Curie avviste først førespurnaden frå Gleditsch, men ombestemte seg då ho fekk høyre om kjemikvalifikasjonane til tromsøværingen. Ho trong ein kjemikar til å ta seg av isolasjon av radium frå bariumsalt.

I fem år arbeidde Gleditsch ved laboratiet til Marie Curie, samstundes som ho studerte ved Sorbonne-universitetet. I 1912 forlet Gleditsch Paris, og hadde ein svipp heimom før ho drog vidare til USA for å forske vidare. I 1916 kom ho igjen attende til Noreg, som dosent (lærar på universitetet) i radiokjemi.

Studiane til Ellen Gleditsch vekte internasjonal merksemd, og eitt av hennar viktigaste bidrag var forskinga på halveringstida til radium.

Sjølv etter ho vart pensjonist heldt Ellen Gleditsch dei små grå i gang, og skreiv biografiar om meir enn 20 kjende kjemikarar og fysikarar.

Det siste manuskriptet sitt, leverte ho rett før ho døydde våren 1968. Då var ho 88 år gammal.

  • Denne lista er inspirert av Gleditsch-prosjektet som arbeider med å løfte fram kvinner som ikkje har fått sin rettmessige plass i historiebøkene.

Therese Bertheau – fjellklatringspioneren

 

Foto: Ukjend fotograf/Norsk fjellsport/Falle i det fri

Fødd: 23. november 1861
Døydde: 26. mars 1936
Frå: Skjeberg, Østfold

På slutten av 1800-talet var den gjengse oppfatninga at menn klatra i fjellet og kvinner heldt seg heime.

I Turistforeningen si årbok frå 1887 stod det faktisk skrive:

«Lad – uden avindsyke – herrene beholde tindebestigernes triumfer.»

Ei som gav fullstendig blaffen i dette og ikkje ville late mennene behalde «tindebestigernes triumfer», var Therese Bertheau. Ho nådde sin første fjelltopp, Uranostinden (2157 m.o.h.) i Jotunheimen, allereie i 1885 og fleire skulle det verte.

Ni år seinare, sommaren 1894, vart ho første kvinna i verda som gjekk til toppen av Store Skagastølstind! Fjellet er Noregs tredje høgste, og ruvar 2405 meter over havet.

Det var forventa at kvinner som drista seg til fjells på 1800-talet, hadde på seg fotsidt skjørt, men Bertheau heva skjørtekanten til leggen og hadde bukse på seg under som ho gjekk i når ingen såg på. Når fotografen tok fram kameraet sitt, tok ho på seg skjørtet att.

Her går William Cecil Slingsby, Therese Bertheau og Ola Berge på galleria på Store Skagastølstind sommaren 1900: 

Bertheau steig opp over 30 toppar i løpet av livet, mange av dei i Jotunheimen.

I eit intervju frå 1902 fortel fjellklatraren at eventyret og spenninga drog ho mot tindane, for det var så vakkert på toppane, roa senka seg i kroppen og det vart lett å puste.

Seinare, i eit brev til klatrekamerat Henning Tønsberg, fortel ho korleis fjellet fekk makt over ho:

«De alminnelige turene gjennom dalene kunne ikke i lengden tilfredsstille min eventyrlyst. Det var tindene som trekte.»

Therese Bertheau var ei imponerande kvinne også utanom fjellklatring. Ho hadde dåtidas høgaste utdanning for kvinner, guvernanteeksamen, og var utdanna i både engelsk, fransk og tysk.


Clara Holst – språkvitaren akademia ikkje ville ha

Filologi: vitskapen om eit folk sitt språk og litteratur

Foto: Ukjend fotograf/Falle i det fri

Fødd: 4. juni 1868
Døydde: 15. november 1935
Frå: Kristiania (Oslo)

Clara Holst kom frå ein akademisk familie, og gjekk i fotefara til bestefaren sin.

I 1817 vart Frederik Holst den første til å ta ei doktorgrad ved det som då heitte det kongelige Frederiks universitet, dagens Universitetet i Oslo. Nesten 100 år seinare, i 1903, vart barnebarnet Clara Holst den aller første kvinna til å forsvare ei doktorgrad ved det same universitetet.

Avhandlinga til den ferske filologen heitte Studier over middelnedertyske laaneord i dansk i det 14. og 15. aarhundrede. Tidlegare hadde ho vore den første kvinnelege filologistudenten og den første kvinna som tok filologisk embetseksamen.

Allereie før disputasen var i boks, hadde Holst opparbeidd seg ei internasjonal erfaring utanom det vanlege: Ho hadde studert både ved Sorbonne i Frankrike, Cambridge i England, samt i Leipzig og København.

Disputasen hennar vakte merksemd i samtida, med stort frammøte både av folk og journalistar. Sjølv prøveførelesingane hennar vart annonserte i Aftenposten og Morgenbladet.

Ein skulle tru at Holst var ein særs ettertrakta jobbkandidat. Men det var ikkje starten på nokon karriere i norsk akademia for ho.

Kvinner fekk ikkje fast stilling hjå universitetet, så dersom ho ville arbeide innanfor høgare utdanning laut ho til utlandet. I nokre år budde og arbeidde difor Holst i USA.

I 1908 kom ho attende til Noreg, og to år etterpå fekk ho eit lærarembete ved Hamar katedralskole. Endå ho var overkvalifisert til stillinga, fekk ho ikkje undervise anna enn på nybyrjarnivå. To eldre mannlege lærarar, mindre kvalifiserte enn ho, skulle nemleg ha dei øvre nivåa.

Clara Holst bad om å verte friteken embetet, og trekte seg attende.

Sidan har knapt nokon høyrt eit ord om kva som hende med filologen. 


Aasa Helgesen – Norges første kvinnelege ordførar

 

Foto: Ukjent/Historiske Foto- Marnardal og Audnedal. Gjengjeve med løyve

Fødd: 11. februar 1877
Døydde: 29. april 1968
Frå: Bjelland (no Marnardal)

Då Aasa Helgesen gjekk for å stemme i kommunevalet i Utsira i 1925 oppdaga ho noko uventa: Ho stod oppført som ein av kandidatane på ei rein kvinneliste.

Verken Helgesen eller nokon av dei andre kvinnene var klare over at dei no stilte til val.

Det sitjande kommunestyret hadde rekna med attval og stilte ikkje liste, og ein ung radioassistent hadde difor sett sitt snitt til å røske opp i lokalbefolkninga og kanskje tvinge fram eit omval – han utforma difor kvinnelista som ein spøk.

Men det gjekk ikkje heilt som spøkefuglen hadde tenkt: Til dei 12 plassane i kommunestyret, vart 11 kvinner valde inn. Og noko omval vart det ikkje, for Justisdepartementet fann ingen feil ved valet.

Helgesen, som til vanleg var jordmor på øya og fungerte som lege ved behov, vart Noregs første kvinnelege ordførar. Ordførarklubba fekk ho av forgjengaren sin, ektemannen. Sjølv hadde Helgesen stemt på mennene.

Nyheita om kvinnekuppet vekte merksemd hjå journalistar både i inn- og utland.

Trass dei dystre spådomane, let ikkje «Skjørteregimet på Utsira» seg pille på nasen og tok tak på dei nye arbeidsoppgåvene med godt mot. Etter eit halvår kunne Haugesund Avis melde at kommuneøkonomien var god og det var ikkje stifta eit einaste øre i gjeld.

Ved neste val var derimot fordelinga igjen snudd – då var det atter ein gong berre menn i den politiske leiinga i Utsira. Slik heldt det fram heilt til 1980.


Elsa Laula Renberg – den samiske kvinnepioneren

 

Foto: Ukjent/Saemien Sijtes fotoarkiv/Offentlig eiendom,

Fødd: 29. november 1877
Døydde: 22. juli 1931
Frå: Sør-Sápmi

Elsa Laula vart fødd i Sør-Sápmi, men nøyaktig kor er usikkert. Ho er nemleg dotter av reindriftssamar, som oppheldt seg på begge sider av den norske og den svenske grensa.

Gjennom oppveksten var Elsa Laula vitne til korleis samane vart undertrykte og marginaliserte.

Svenske nybyggarar dyrka jord på reindriftslandet til samane, som fekk erstatsningskrav om reinen åt av høyet til bøndene.

Reindriftssamane mista retten til å leige ut eigne slåttemarker og tilby jakt og fiske, og fekk heller ikkje lov av staten til å drive jordbruk.

Dei hadde heller ikkje stemmerett, då ein laut ha inntekt eller eige land av ein viss storleik for å få tilgang, og deira tradisjonelle landområde rekna staten som sitt.

Som student i Stockholm vart kampgløden til Elsa Laula kveikt. I 1904 gav ho ut kampskriftet Inför Lif eller Död, som var den første boka gjeven ut av ei samisk kvinne. Der skildrar ho korleis koloniseringa av Sápmi truga samane sin eksistens og mana til organisering.

Same året var ho med å stifte Lapparnas Centralförbund i Sverige – tidenes første landsomfattande samiske organisasjon. Organisasjonen levde ikkje lenge, men Elsa Laula mista ikkje motet. Fire år seinare etablerte ho Brurskanken samiske kvinneforening, den første av sitt slag.

Ho heldt liv i kampviljen og heldt fram med å organisere og krevje samiske rettar.

Ho var drivkrafta bak det første samiske landsmøtet nokosinne i 1917, som samla over hundre deltakarar både frå Sverige og Noreg.

Deltakarane på det første landsmøtet samla i Trondheim:

Møtet varte i tre dagar, og starta 6. februar, noko som er grunnen til at Samefolkets dag er lagt til denne datoen kvart år.


«Molla» Mallory – tennisdronninga «Marvelous Molla»

 

Medan ho budde i Noreg spelte Molla Mallory tennis med både kongen og Sveriges kronprins! Av dei to var kongen den beste tennisspelaren, ifølgje MalloryFoto: George Grantham Bain/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Fødd: 6. mars 1884
Døydde: 22. november 1959
Frå: Mosvik, Trøndelag

Visste du at ein nordmann har vunne tennisturneringa Grand Slam i US Open? Det har nemleg Molla Mallory gjort! Opptil fleire gongar.

Tennisdebuten til Anna Margrethe Bjurstedt kom som 18-åring i Oslo Tennisklubb, men innan ho takka for seg som tennisspelar, hadde ho bygd seg opp det mest imponerande troféskapet i norsk tennishistorie.

I 1912 henta ho heim Noregs første OL-medalje for kvinner under leikane i Stockholm, då ho vann bronse i single.

Molla var fødd i Mosvik i Trøndelag, men flytta til USA i 1914. Der skulle ho arbeide som massør og spele tennis som hobby. Men tenniskarrieren tok av for Bjurstedt, som etter nokre år gifta seg med børsmeklaren Franklin Mallory.

Samanlagt vann Molla Mallory 13 Grand Slam-turneringar, åtte gongar i single. Framleis held ho rekorden over flest singles-meisterskap på kvinnesida i US Open – nesten 100 år etter ho sist spelte seg til topps.

Molla Mallory skal òg ha vore ein pådrivar for at tennisskjørta vart heisa frå anklane til litt under kneet for å få meir rørslefridom. Foto: Bain Collection/Library of Congress/Offentleg eigedom

Siste US Open-siger fekk ho i 1926 som 42-åring, noko som gjer ho til den eldste, både blant kvinner og menn, som har sikra ein tittel.

Molla Mallory er den høgast meritterte norskfødde tennisspelaren nokosinne. Ein skulle tru det gjorde ho til ein av våre største idrettsheltar?

Medan amerikanske aviser i samtida døypte ho «Iron-Molla», «Marvelous Molla» og «Tennis Queen» og kalla ho ei «hard hitting daughter of the north land», så er det få i the north land som veit om ho.

Etter ho la opp som tennisspelar som 45-åring, byrja Mallory å arbeide i ein butikk i New York som selde tennis- og golf-klede, men ho fekk snart sparken.

– Eg antek at eg ikkje trekte så mange kundar til butikken som dei hadde håpa. Du vert så fort gløymd. Det skjer før du får snudd deg, sa ho til avisa The Sunday Sun, gjengjeve i Aftenposten.

I 1958 vert Molla Mallory teken opp i den internasjonale Tennis Hall of Fame, og året etter døyr ho medan ho er på besøk hos systera Valborg i Sverige.


Fern Sunde – krigshelten

 

Foto: Vest-Agder-Museet

Fødd: 6. juli 1918
Døydde: 19. september 1991
Frå: Regina, Canada

Fern Sunde er truleg verdas første kvinnelege skipsradiotelegrafist. Ein telegrafist betener radiostasjonar eller teleanlegg.

Då andre verdskrig braut ut, søkte Fern Sunde seg til kveldskurs i radiotelegraf. Ho søkte tre skular som alle mangla elevar, og fekk tre avslag.

Men behovet for telegrafistar vart større, og seks kvinner skulle få mogelegheita. Berre Sunde og éi anna søkte og vart tekne opp, men medeleven slutta etter kort tid. I 1941 mønstra Fern Sunde på det norske skipet M/S Mosdale frå Farsund.

Ifølgje ei undersøking av 191 skip i åra 1941-1942 var det berre 17 kvinner blant 5574 sjøfolk, noko som tilsvarar 0,3 prosent. Dei fleste kvinnene var tilsette som messepiker, salongpiker og lugarpiker, som dei då vart kalla.

Fern Sunde var såleis ein pioner, som opna døra for andre kvinner etter seg.

M/S Mosdale frakta tonnevis med viktige varer til britiske hamner, og Sunde sin jobb som gnist var å lytte for å fange opp signal og lese koda meldingar.

Familien hennar heime i Canada var lite begeistra for karrierevalet til dottera, men ho let seg ikkje overtale til å kome heim:

– Inntil Tyskland er slått, høyrer eg til her, skal ho ha svara.

15. juli 1943 vart Fern Sunde den første kvinna til å få Krigsmedaljen i Noreg. Då hadde Mosdale tilbakelagt 51 turar over Atlanteren. Innan krigen var over hadde Sunde segla 78 gongar over havet med skipet.


Johanne Kolstad – The Queen of Skis

 

Johanne Kolstad. Foto: Norsk Bergverksmuseum.

Fødd: 25. februar 1913
Døydde: 5. september 1997
Frå: Øvre Nordsinni ved Dokka i Nordre Land

Du kjenner kanskje til Maren Lundby eller Anette Sagen? Begge dei to skihopparane er kjende for å imponere både i og utanfor bakken, med å høglydt seie frå om at dei ikkje aksepterer å verte handsama ulikt enn gutane.

Men før nokon av dei to i dei heile var fødde, regjerte Johanne Kolstad i hoppbakken.

Kolstad vaks opp i Nordre Land, der skiføret var godt og hoppbakkane mange. Med ein far som var snikkar, hadde ho òg enkel tilgang på ski.

Kolstad og venninna Hilda «Nusse» Braskerud vart hoppyndlingar, men dei fekk ikkje konkurrere som gutane. Jentene passa seg best som prøvehopparar og pauseunderhaldning, trass i at dei imponerte i bakken.

I 1931 kravde folket at dei to skihopparane skulle få ta fatt på Holmenkollen. Men Skiforeningen nekta, og major Finn Quale, som var formann i foreininga, uttala:

«Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken.»

Så Johanne Kolstad tok like greitt og reiste til USA på skiturné nokre år seinare. I fem år reiste skihopparen rundt om i statane og deltok på spektakulære show. Amerikanarane kalla ho the Queen of Skis. 

Det siste hoppet Johanne Kolstad gjorde, var også hennar beste.

I 1938 i New Hampshire, får Kolstad verkeleg luft under skia. Ho hoppar heile 72 meter. Det var ny verdsrekord for kvinner, og han skulle verte ståande i 35 år.

I 1973 hoppa Anita Wold over 80 meter, og tok over rekorden for ei tid. Seinare vart Wold første kvinne til å hoppe i Holmenkollen.


Illustrasjonar: Jenny Jordahl. Sett saman av Framtida.no