Debattsatsing: Skriv om psykisk helse


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I samband med En psykt vanlig uke 14.-20. mars skal Framtida.no ha ekstra fokus på psykisk helse på debattfronten.


Me ynskjer å kaste lys på mange ulike persperktiv, frå stort til smått og frå ulike folk. Har du tankar om temaet, send oss ei melding på Instagram, Facebook eller ein tekst på tips(a)framtida.no! ⁠

Om du heller vil spele inn ein film der du pratar til kamera, kan du sjølvsagt det.⁠

Me har skrive nokre spørsmål for å setje i gang tankane, men du vel kva du vil skrive om heilt sjølv.

  • Er det vanskeleg å vere open om eiga psykiske helse? Kvifor?
  • Kven har du lært å snakke om psykisk helse av?
  • Korleis vert den psykiske helsa di påverka av ting som føregår i verda?
  • Kan du snakke med fastlegen, helsesjukepleiaren eller helsevesenet generelt om psykisk helse? Hjelper det, og kva kan eventuelt verte betre?
  • Er det nokre stadar det er lettare/vanskelegare å snakke om dette? I t.d. idretten, med familie, vennar, på skulen, i korpset, studentgruppa?
  • Korleis blir den mentale helsa påverka av kjønn eller seksualitet?
  • Er det vanskeleg å kople heilt av?
  • Kva gjer ein om ein sjølv eller nokon ein kjenner har det ekstra tungt?

Knytt gjerne teksten til eigne erfaringar og opplevingar rundt psykisk helse, men det er ikkje noko krav. Del det du er komfortabel med.

Om du treng hjelp, innspel eller rettleiing hjelper me deg gjerne! Berre send oss ein e-post eller ei melding på Instagram eller Facebook.

Teksten lyt vere på nynorsk, men om du helst skriv bokmål, så hjelper vi deg sjølvsagt med å setje om. ⁠

Send teksten/videoen så snart du kan, så me kan gjere det klart til temaveka!