– Ukrainarane har ein rett på sjølvforsvar, og me som land har ei plikt til å hjelpa dei. Ikkje berre er det vår plikt, det er ogso i vår eiga interesse, skriv Jens Håkon Birkeland frå Unge Venstre.
Jens Håkon Birkeland
Jens Håkon Birkeland

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Noreg har ei særskild moralsk plikt til å støtta Ukraina i deira kamp for fridom, ogso med våpen.

Dei russiske åtaka på Ukraina er eit alvorleg brot på folkeretten, og må fordømmast på det sterkaste. Men fordømming kjem ikkje til å stoppa Putin. Det gjorde ikkje det i 2014, det gjer det ikkje i dag, og det kjem det heller ikkje til å gjera i framtida.

Handlinga må få konsekvensar.

Russisk imperialisme

Ukraina utgjer ein trussel for Putin – ikkje ein trussel gjennom militær makt, der er Russland overlegne, men ein trussel gjennom idear. Putin veit at dersom fridom og demokrati kan lukkast i Ukraina so vil dette visa det russiske folket at eit alternativt liv er mogleg.

Eit liv utan Putin og hans autoritære regime. Eit liv i fridom.

Eit eventuelt ukrainsk NATO-medlemskap har aldri vore det konflikten har handla om. Konflikten handlar om russisk imperialisme, Putin sin våte draum om å gjenreisa det russiske imperiet, og frykta hans for å miste makta.

Russland sin krig mot Ukraina er ikkje berre eit åtak på Ukraina, det er eit åtak på den demokratiske verda, folkeretten og den liberale rettsbaserte verdsordenen.

Vårt handlemønster i den komande tida vil vera avgjerande for dei liberale demokratia si overleving i framtida.

Ei plikt me har forsømt

Fred eksisterer ikkje i eit vakuum og fridom må aldri takast for gitt. Fridom er ikkje gratis, men er noko som må hegnast om og forsvarast kvar einaste dag. Det er vår plikt.

Men det er på tide at me erkjenner at dette er ei plikt me har forsømt.

I tillegg til å ha forsømt vårt eige forsvar altfor lenge, har me ogso gjort altfor lite for å støtta opp under oppbygginga av Ukraina og deira forsvarsevne. Dette åtaket var mogleg nettopp fordi me har vore for svake i vår støtte til Ukraina, og på den måten har bidratt til å gje Putin dei garantiane som han trong for å gjennomføra åtaket.

Noreg, som eit lite land som er fullstendig avhengig folkeretten og ei liberal rettsbasert verdsorden for å oppretthalda vår politiske handlefridom, har ei særskild moralsk plikt til å hjelpa ukrainarane i deira kamp for fridom og demokrati.

Ukrainarane har ein rett på sjølvforsvar, og me som land har ei plikt til å hjelpa dei.

Ukrainarane har ein rett på sjølvforsvar, og me som land har ei plikt til å hjelpa dei. Ikkje berre er det vår plikt, det er ogso i vår eiga interesse.

Dersom me lar Putin ta Ukraina utan å yte motstand, vil dette sette ein farleg presedens om at det er fullt mogleg å skapa ei krise for so å ta seg til rette i eit anna land. Ved etableringa av ein slik presedens heng lagnaden til dei liberale demokratia i ein tynn tråd.

Svake sanksjonar

Dei sanksjonane som so langt er lagt fram er altfor svake. Dersom EU sine sanksjonar ikkje går langt nok, so pliktar me for det fyrste å pressa dei til å gå lenger, og for det andre å gå lengre sjølv.

Oljefondet må trekkast ut av Russland, og selskapet som bidreg til det russiske krigsmaskineriet. Sanksjonane må ramma hardare over heile linja, og utestenging av Swift er eit minimum.

Det beste me kan oppnå med sanksjonar er å bidra til vekst i opposisjonen mot Putin. Dette betyr at sanksjonane bør særleg ramma oligarkane, politikarane samt familiane deira.

Det vil ta tid før sanksjonane får full effekt, og sjølv då vil effekten vera sterkt avgrensa. Det viktigaste me kan gjera akkurat no for å støtta ukrainarane i deira kamp for fridom er å styrka Ukraina si evne til forsvar, for å uttømma Russland i vilje til å føra krig.

I tillegg til å auka omfanget økonomisk og humanitær hjelp, er det på tida at Noreg startar å sende militær bistand. Det er på tide at Noreg donerer militært utstyr, dette inkluderer våpen.

Ukrainarane har ikkje bede nokon andre om å kjempa kampen for dei. Dette til trass for at dette er alle vår sin kamp. Det minste me då kan gjera er å innfri dei ukrainske førespurnadane og gje dei dei verktøya dei treng.

Ein kamp me pliktar å bidra i

Kampen om Ukraina er ein kamp for fridom, folkeretten og den liberale verdsordenen. Og det er ein kamp me pliktar å bidra i. Om me ikkje klarer dette, vil historia fortelja at det var dei av oss som hadde mest å mista, som gjorde minst for å unngå tapet.

Eit spørsmål me må stilla oss sjølve er: dersom det hadde vore oss som var blitt invadert, ville me då akseptert å ikkje få støtte på grunn av eit vedtak frå 1959, der regjeringa ikkje ser ut til å forstå intensjonen ved vedtaket?

Dersom det er slik at stortingsvedtaket frå 1959, hindrar oss i å sende våpen, ammunisjon og anna forsvarsmateriell til Ukraina må dette endrast. Dersom det ikkje gjer det, er det ingen grunn til å vente.


💬 Har du noko på hjartet? Send tips eller eit meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no! 


Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti
Oppdatert: måndag 28. februar 2022 14.20
ANNONSE