Dette er bakgrunnen for den russiske invasjonen av Ukraina

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert i NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gjengjeven med løyve. Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.
Saka var først publisert i midten av januar. 

Ifølge amerikansk etterretning har Russland allereie rundt 100 000 soldatar på grensa til sin nabo i sør, og alle fryktar at dei går til angrep.

For å forstå kvifor, må vi sjå på historia.

Forholdet etter Sovjetunionens fall

På slutten av 1991 gjekk den gamle supermakta Sovjetunionen i oppløysing. Prosessen vart sett i gang då statsleiar Mikhail Gorbatsjov starta å reformere landet i 1985.

Gorbatsjov hadde opphaveleg berre tenkt å få kommunismen til å fungere betre. Det heile kom likevel ut av kontroll, og enda med at både kommunismen og Sovjetunionen forsvann.

Med nokre unntak, gjekk oppløysinga stort sett fredeleg føre seg. Russland, som oppstod frå oska til Sovjetunionen, forsøkte ikkje på det tidspunktet å halde på dei andre statane som braut ut av Sovjetunionen med makt.

Ukraina var ein av utbrytarstatane, og forholdet med Russland gjekk på 1990-talet både opp og ned. For begge partar var det likevel utenkjeleg at dei skulle kome til å bruke militærmakt mot kvarandre.

Det var likevel også på den tida nokre i Moskva som meinte at Ukraina hadde fått med seg for mykje då dei gjekk. Særleg var dei irriterte over at halvøya Krim i Svartehavet heldt fram med å vere ein del av Ukraina. 

Oransjerevolusjonen

I 2004 var det presidentval i Ukraina. Den pro-vestlege Viktor Jusjtsjenko stod mot den noko meir Russland-vennlege Viktor Janukovytsj. Då det vart klart at Jusjtsjenko låg an til å vinne, brukte Janukovytsj statsapparatet til å manipulere valresultatet i sin favør, og han vart utropt som vinnar.

Dette ville derimot deler av den ukrainske befolkninga ikkje godta. Gjennom store, men fredelege, demonstrasjonar i hovudstaden Kyiv (også kjend som Kiev), tvang dei igjennom eit omval på slutten av 2004. Det enda med siger for Jusjtsjenko.

Biletet syner Maidan-plassen i Kyiv under Oransjerevolusjonen. Foto: Irpen/Wikiemedia Commons/CC BY-SA 3.0

Folkeoppstanden vart kjend under namnet Oransjerevolusjonen. Han kan seiast å vere starten for den krisa vi har no.

I Moskva var det mange som ikkje aksepterte at Oransjerevolusjonen var ein ekte folkeoppstand.

Dei hevda han i staden var eit resultat av vestleg manipulering av den ukrainske befolkninga for å trekkje Ukraina vekk frå Russland. 

Skjebneåret 2014

Trass i juks i 2004, stilte Janukovytsj på nytt til val i 2010. Denne gongen vann han ærleg og rettferdig. I utanrikspolitikken freista han no å balansere mellom Russland og Vesten, men han sa samstundes klart frå om at medlemskap i den vestlege militæralliansen NATO ikkje var noko mål for Ukraina.

Bilete frå eit møte mellom Janukovytsj og Vladimir Putin i 2006. Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 3.0

Dette var likevel ikkje nok for Moskva. 

Russland hadde gradvis fått eit dårlegare forhold til Vesten, sidan USA og NATO bomba Jugoslavia i 1999. Leiinga i Kreml, maktsentrumet i Russland, meinte Vesten tok seg til rette militært rundt omkring i verda, og dei var sinte på at NATO hadde utvida alliansen austover ved å ta inn nye medlemmar. I tillegg meinte Kreml at Vesten freista å prakke ein framand samfunnsmodell på russarane. På bakgrunn av dette ønska dei å feste eit sterkare grep om Ukraina.

Det skapte difor harme i Moskva då Janukovytsj i 2013 erklærte at han ville underteikne ei samarbeidsavtale med EU. Putin sette inn eit enormt press for å få ukrainarane til å snu, og rett før avtala skulle verte underteikna erklærte Janukovytsj at det ikkje ville verte noko av.

På nytt gjekk ukrainarane til gatene for å demonstrere mot Russland sitt grep over landet deira, og denne gongen gjekk det ikkje like fredeleg for seg. 

Det var store demonstrasjonar i mange av dei største byane i landet. På den store plassen Maidan i sentrum av hovudstaden Kyiv døydde kring 100 demonstrantar og 15-20 politifolk i løpet av dagane 18.-20. februar 2014.

Foto frå demonstrasjonane i Kyiv i februar 2014. Foto: mstyslav Chernov/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Det heile enda med at Janukovytsj flykta til Russland, fordi han nekta å gå av som demonstrantane kravde.

I Kreml var dei rasande. På same vis som etter Oransjerevolusjonen vart det hevda at det også denne gongen var Vesten som stod bak.

Mange vestlege politikarar hadde uttrykt støtte til demonstrantane, og fleire hadde besøkt Maidan. I Moskva vart det heile tolka som at Vesten no ikkje skydde nokon middel for å få kontroll over Ukraina.

Det var med dette bakteppet at Putin bestemte seg for å utnytte det politiske kaoset i Ukraina til å ta Krim.

Annektering og krig

Den 27. februar tok Putin ved hjelp av russiske spesialstyrkar kontroll over bygningane til parlamentet og regjeringa på Krim. Då spesialstyrkane ikkje møtte motstand, vart den russiske militærinnsatsen trappa kraftig opp, og snart var heile halvøya okkupert.

Den 18. mars vart Krim erklært som ein del av Russland. 

I eufori over kor lett dette hadde gått, tok Russland initiativ til og støtta nokre av dei russisk-språklege i Aust-Ukraina i eit væpna opprør. I løpet av sommaren 2014 såg det likevel ut til at ukrainske styresmakter ville klare å slå ned dette opprøret militært. Russand sette då inn sine eigne styrkar for å redde det dei hadde vore med på å få i stand. Dei ukrainske styrkane vart drivne tilbake og leid store tap.

Dette var bakgrunnen for dei såkalla Minsk-avtalene, som inneheld ei rekkje handlingar partane må gjennomføre for at konflikten skal verte løyst. Så langt har ingen av dei gjort så mykje av dette, og Russland nektar for at dei i det heile er ein del av konflikten.

Krigen i Donbas i Aust-Ukraina har til no kosta over 14 000 menneskeliv. 

Kvifor vil Ukraina heller vere med Vesten enn Russland?

Ukrainarane har tradisjonelt ikkje vore samde om kor vidt landet bør søkje partnarskap austover eller vestover.

I dei vestlege og sentrale delane av landet som grensar mellom anna mot Polen, Slovakia, Ungarn og Romania brukar fleirtalet ukrainsk i daglegtale. Dei fleste her er for ei vestvending.

I dei austlege og sørlege delane som delvis grensar mot nettopp Russland, og der russisk ofte dominerer som talespråk, har det vore større støtte for å søke seg mot Russland.

Dette skiljet finn vi også i dag, men etter Russland brukte militærmakt mot landet, har dei pro-vestlege kreftene fått meir vind i segla.

Mange som før sympatiserte med Russland – eller var nøytrale – har no vorte både for ei vestvending og Ukraina-patriotar. 

I tillegg til dette meiner ein del at Ukraina av historiske årsaker bør søke integrering vestover. Andre meiner i tillegg at eit tett samarbeid med vesten vil vere den einaste måten for å få bukt med den øydeleggjande korrupsjonen i landet, og atter andre påpeikar at EU-marknaden gjev dei største mogelegheitene for ukrainsk næringsliv.

Kvifor let ikkje Russland berre Ukraina gå?

Det er særleg to grunnar til at Putin synest dette er så vanskeleg.

For det første meiner han at Ukraina av historiske årsaker høyrer saman med Russland. Putin har faktisk ved gjentekne høve hevda at det ikkje eingong finst noko eige ukrainsk folk. Dei er berre ein variant av det russiske. Dette betyr ikkje nødvendigvis at dei ikkje kan få ha sin eigen stat, men denne staten kan ikkje verte leten gå i kompaniskap med land som Russland oppfattar som fiendar.

Foto: Kremlin.ru/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Den andre grunnen er militær-strategisk. Om Ukraina vert medlem av NATO, fryktar Russland at USA og andre vil byggje opp sitt militære nærvær i Ukraina. Dei tenkjer at dette i verste fall kan gjere Vesten i stand til å setje Moskva ut av spel i eit overraskingsangrep.

Representantar for Kreml har til dømes nemnt at eventuelle amerikanske rakettar utplassert langs Ukraina si nordgrense vil kunne nå Moskva på berre ti minutt. Dette vil dei unngå for ein kvar pris.

Konsekvensane av krig

Onsdag 15. desember 2021 overleverte Russland ei liste med ei rekkje krav til USA og NATO. Dei viktigaste av desse var at USA måtte love at NATO ikkje ville verte utvida med fleire tidlegare sovjetstatar, og at amerikanarane måtte skrinleggje ei kvar utplassering av sine rakettar i tidlegare austblokkland.

Om ikkje, ville Russland svare med «militærtekniske og militære tiltak». NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg står no overfor ei stor krise.

Jens Stoltenberg er generalsekretær i forsvarsalliansen NATO. Foto: NATO/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Det store spørsmålet no er om Russland vil gå til eit omfattande militært angrep på Ukraina, viss dei ikkje får det som dei vil. Det er liten tvil om at Ukraina-spørsmålet er ytst viktig for Russland. Samstundes er det også mykje som talar imot ei militær løysing.

1: For det første har det ukrainske forsvaret vorte mykje meir slagkraftig i åra sidan 2014. Dei er truleg ikkje sterke nok til å stoppe dei russiske styrkane, men dei kan likevel påføre dei betydelege tap.

2: For det andre har Vesten truga med politiske og økonomiske sanksjonar mot Russland av eit omfang landet ikkje har sett før – om dei går til angrep.

3: For det tredje tyder meiningsmålingane på at det ikkje er nokon overdriven appetitt på krig i den russiske befolkninga. Ei konflikt av større omfang vil difor kunne påføre både Russland og den russiske leiinga betydelege kostnadar.

I tillegg er det uklårt kva Putin eventuelt skulle gjere om han likevel vel ei militær løysing.

Om han okkuperer nok av Ukraina til å få kontroll over hovudstaden Kyiv, ville han kunne setje inn si eiga regjering der. Då kan han sjølv bestemme Ukraina sin politikk, men det vil krevje ein militæroperasjon av enorme dimensjonar.

Og sjølv om han skulle lukkast med å ta mykje av Ukraina, betyr ikkje det at landet vil vere enkelt å halde på. Det heile kan fort gli over i ein geriljakrig der lommer av væpna motstand heile tida påfører okkupasjonsmakta tap og gjer landet uregjerleg.

Det kan også hende Putin nøyer seg med eit avgrensa angrep, og ikkje full invasjon. Men dette vil også utløyse mykje vreide hos Kyiv og Vesten.

Truleg har Putin enno ikkje bestemt seg for kva han kjem til å gjere om forhandlingane ikkje gjev resultat han synest han kan leve med.

Krig er ei reell mogelegheit, men konsekvensane for Russland kan fort verte så store og uoversiktlege at dei på sikt trugar Putin-regimet sjølv. 

I Ukraina ser ein på det å stå imot Putin som eit spørsmål om å vere eller ikkje vere ein sjølvstendig stat.


Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk