Politikk og samfunn

«Nynorsken er ikkje på respirator, Stenerud»

David Stenerud meiner at nynorsken bør vere frivillig. Då må elevane få høve til å ta informerte val.

Sebastian Vinsent Natvik og Mari Kaslegard
Leiar og skrivar i Norsk Målungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fredag 21. mars skriv redaktør i ABC Nyheter David Stenerud eit innlegg om den stakkars nynorsken som ligg for dauden.

Det er ingen nye argument, berre det same me har høyrt før: Nynorsk er fint i dikt, men ikkje rusta for framtida.

Han meiner at språket har hatt si rolle i nasjonsbygginga på 1800-talet, men at det med tida har blitt for bokmålsnært til å framleis vere relevant og at dei få som tviheld på dei gamle formene, ikkje blir forstått.

Sjølv om dei to målformene liknar meir på kvarandre enn dei gjorde i Aasen si tid, har denne utviklinga stagnert for lengst. Dei siste reformene i bokmålet har gått i konservativ retning, og svært få skriv radikalt bokmål i dag. Skal me ha eit talemålsnært alternativ for dei mange av oss som ikkje pratar pent oslomål, er derfor nynorsken stadig viktigare.

Godt etablert myte

Stenerud vil ha oss til å tru at unge nynorskbrukarar er ufrivillige offer for hovudmålet sitt.

Språkrådet sin rapport om språkbyte frå 2022 syner at fleire av elevane opplever at valet om å byte hovudmål skjer i tilfeldige og lite strukturerte situasjonar, som ved utdeling av bøker første skuledag.

Nynorskelevar i blandingsklassar kan dessutan oppleve at den einaste opplæringa dei får i hovudmålet sitt, er bokmålselevane si opplæring i sidemålet.

Bokmålet må ofte aktivt veljast bort for å få fortsette med hovudmålet sitt som nynorskbrukar. Snakkar me då om frigjering frå nynorsktvang eller tvangsinnretting i eit bokmålsvelde?

quote-left

Å påstå at språket er på respirator, er ønskjetenking frå Stenerud si side

quote-right

Kommentaren til Stenerud er gjennomsyra av ein godt etablert myte om at nynorsken er utryddingstrua. I verdssamanheng er dette langt frå sanninga.

I dag er nynorsk eit dagleg bruksspråk for over 600 000 menneske. Innanfor språkvitskapen er det vanleg å vise til ei kritisk grense på rundt 100 000 språkbrukarar.

Talet på daglege nynorskbrukarar er nesten dobbelt så stort som innbyggjartalet på Island og ti gonger så stort som på Færøyane.

Målforma er nedfelt i sterke institusjonar som grunnlova, offisielle ordbøker, skuleverk, akademia. For ikkje å nemne at nynorsken fekk nobelpris i fjor.

Å påstå at språket er på respirator, er ønskjetenking frå Stenerud si side, og langt ifrå realiteten.

Når Stenerud seier at nynorsk er dyrt, kva skal utsegna eigentleg tene til? Nynorsk er dyrt, derfor bør me ikkje ha to jamstilte norske skriftspråk? Og kva med andre språk? Det er vel ikkje slik at alle andre språk enn nynorsk er heilt gratis?

Nokre verdiar kan ikkje setjast prislapp på, og språk er ein slik verdi. I eit land som skal verdsetje demokrati, danning, toleranse og respekt for andre kulturar, så er det avgjerande å vere klar over sin eigen kultur.

Om me ikkje klarer å takle at det finst folk som skriv på eit anna språk enn fleirtalet gjer, og å godta retten deira til å gjere det, er me ikkje komne særleg langt.

Ein må rett og slett berre finne seg i at det faktisk kostar litt å drifte eit samfunn der dei som bur der har demokratiske og språklege rettar.

quote-left

Nokre verdiar kan ikkje setjast prislapp på

quote-right

Kan ikkje svikte elevane

Motivasjonsspørsmålet er eit poeng som går igjen, og Stenerud slit med å finne noko som ikkje hadde vore viktigare enn å lære seg sidemålet sitt.

Eit døme som Stenerud nyttar, er spansk. I den katalanske regionen i Spania lærer elevane katalansk i tillegg til «vanleg spansk». To nokså like språk.

Katalanske elevar som veks opp som tospråklege, lærer framandspråk, til dømes engelsk, lettare og betre enn einspråklege elevar. To norske skriftkulturar gjev oss eit fortrinn i språkforståing, og viser at me bør lære fleire språk i tillegg til nynorsk og bokmål, ikkje i staden for.

Dagens sidemålsopplæring startar seint, og skulle gjerne basert seg meir på korleis born faktisk tileignar seg språk. Dersom målet er å styrkje norskkunnskapane, burde me ha tidlegare og betre sidemålsundervising, ikkje skrote ho.

Opplevinga vår er at dei aller fleste bokmålselevane me har treft på skular rundt om i landet, ikkje har eit problem med nynorsken i seg sjølv, men undervisninga.

Steneruds siste appell til nynorskbrukarar er å halde seg i skuggen av det sjølvsagde hovudmålet, bokmål. Berre slik kan nynorsken leve i fred, umerkbart i storsamfunnet, i det private blant kunstnarane og bondeknølane. Her legg han valfridomen til grunn, som i og for seg er eit strålande argument, så lenge han er reell.

Skal nynorsken framleis få blomstre i lokalmiljøa og litteraturen, slik Stenerud vil, kan me ikkje svikte elevane våre i norskundervisninga.

Ein kan ikkje la vere å legge til rette for informerte val av hovudmål og samtidig forvente å få nobelprisvinnande litteratur på nynorsk.