Desse orda må du kjenne til for å forstå dekninga av Ukraina-krigen

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 17.03.2022 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lurar du på kva som er bakgrunnen for Ukraina-krigen, kan du lese denne forklaringssaka. 

Helsingforskomiteen svarar òg på åtte påstandar om Ukraina her.

I samtalen rundt den russiske invasjonen av Ukraina dukkar det opp mange namn, ord og uttrykk som kan vere vanskelege å forstå eller som du kanskje ikkje kjenner så godt til.

Her er ei oversikt over nokre av dei mest sentrale du må kjenne til for å henge med.

Kyiv

Du har kanskje lagt merke til at norske medium plutseleg skriv om byen Kyiv i Ukraina. Det er den same byen som vi har kalla Kiev. Grunnen til at det er to ulike stavemåtar, er at den eine er den norske transkriberinga frå ukrainsk, medan den andre er den norske transkriberinga frå russisk.

Ukrainsk blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Det er berre eitt offisielt språk i landet, nemleg ukrainsk, og Språkrådet tilrår no at ein brukar ukrainske namn når ein omtalar byar og stadar i Ukraina på norsk. Både Kiev og Kyiv er altså korrekt på norsk, men Utanriksdepartementet har dei siste åra brukt Kyiv.

Ukraina har ønska at ukrainsk stavemåte skal bli brukt i staden for russisk. Sjølv om Kiev har vore det mest dominerande i Noreg tidlegare, har media starta å bruke Kyiv i samband med den russiske invasjonen. Mellom anna har Aftenposten kunngjort at dei vel å bruke Kyiv.

Desse transkriberingsreglane gjeld òg andre ukrainske stadnamn. Til dømes har media gått over til å omsetje Luhansk og Odesa frå ukrainsk, medan det førebels ser ut til at ein held fram med å bruke den russiske, mest innarbeidde stavemåten, Tsjernobyl.

Oblast

Du har kanskje høyrd ordet «oblast» brukt når ein diskuterer krigen i Ukraina. Oblast er ei administrativ inndeling i mellom anna Russland, Ukraina og andre tidlegare sovjetstatar. Ein kan omsetje omgrepet med «fylke», «provins», «region» eller «område».

Termen har i Ukraina-krigen dukka opp mellom anna når vi snakkar om Donetsk og Luhansk, som er to oblastar aust i Ukraina.

Luhansk

Luhansk er i tillegg til å vere ein oblast ein by i Ukraina. Luhansk ligg aust i landet. Russisk-støtta separatistar oppretta ein folkerepublikk i sørlege delar av oblasken under Ukraina-krisa i 2014. Putin anerkjente folkerepublikken som sjølvstendig stat i 2022.

Donetsk

Donetsk er ein annan ukrainsk by og oblast som er sentral i Ukraina-krisa. Også denne folkerepublikken blei anerkjent av den russiske presidenten som sjølvstendig i forkant at invasjonen av Ukraina i februar 2022.

Folkerepublikk

Styresmaktene i Sovjetunionen og dei austeuropeiske kommunistregima brukte folkedemokrati eller folkerepublikk om styresetta i desse landa.

Trass namnet, utvikla dei feste folkerepublikkane seg til diktatur i større eller mindre grad. Då kommunistregima i Aust-Europa fall kring 1990, gjekk dei fleste landa vekk frå omgrepet folkerepublikk.

Også sosialistiske statar i Asia og Afrika har kalla seg folkerepublikkar. Kina heiter framleis offisielt Folkerepublikken Kina.

Donbas

Donbas er òg eit namn som dukkar opp når vi snakkar om invasjonen av Ukraina. Donbas er eit viktig kolgruve- og industriområde på begge sider av grensa mellom Ukraina og Russland. Oblastane Donetsk og Luhansk i Ukraina er ein del av Donbas-området. På den russiske sida finn vi dei nordvestlege kolgruveområda i den russiske oblasten Rostov. Ein vesentleg del av kolreservane ligg på ukrainsk side.

Innbyggjarane i Donbas-området er for det meste russisktalande, men ifølgje SNL viser ei folketeljing frå 2001 at nesten 60 prosent rekna seg som etniske ukrainarar.

Illustrasjon: Sven Teschke / CC BY-SA 3.0 / Wikimedia

Krimhalvøya

Krim er ei halvøy ved nordkysten av Svartehavet. Krimhalvøya var ein del av Ukraina, men ein autonom republikk. Det vil seie at dei hadde eit eige parlament, sjølvråderett og spesielle rettar. Under Ukraina-krisa i 2014 blei dei to administrative einingane Republikken Krim og byen Sevastopol innlemma i Den russiske føderasjonen.

Det blei halde ei folkeavstemming, men denne blei ikkje anerkjent som lovleg av EU, OSSE og USA.

På Krimhalvøya bur det russarar, ukrainarar og tatarar. Om lag 60 prosent er russarar.

Du kan lese meir om Krim her!

Satellittbilete som viser Krimhalvøya. Foto: NASA / Offentleg eigedom / Wikimedia

Ukraina-krisa

Ukraina-krisa viser til ei militær og politisk krise mellom Russland og Ukraina som har vart sidan 2013.

Russland annekterte i 2014 Krimhalvøya, og regionane Krim og Sevastopol blei vidare innlemma som to nye regionar i Russland. Å annektere tyder at ein stat tek over eit område i eit anna land og gjer det til sitt eige, sjølv om ein ikkje har lov til det.

Mellom Ukraina og separatistområda i aust har det jamleg vore militære trefningar sidan 2014.

Les meir om Ukraina-krisa her!

Separatist

Separatistar jobbar for lausriving, uavhengigheit eller sjølvstende. Målet kan vere å opprette ein ny, sjølvstendig stat. Separatistar kan òg ønske å blir foreinte med eit anna land att.

Minsk-avtalane

Minsk-avtalane er fredsavtalen mellom Russland, Ukraina og Donetsk og Luhansk etter Ukraina-krisa i 2014.

Avtalen blei underteikna i 2014 og 2015 i den kvitrussiske hovudstaden Minsk, og førte mellom anna med seg våpenkvile og opning for avgrensa sjølvstyre for Donetsk og Luhansk.

Våpenkvile er ein mellombels stans i militære operasjonar i krig eller væpna konflikt. Det kan vere ein avtale mellom partane, eller einsidig erklært, og gjeld for ei bestemt tidsperiode. Det er ikkje det same som fredsslutning, som vil seie at krigen tar slutt.

Putin seier no at Minsk-avtalen ikkje lenger eksisterer.

Putin

Vladimir Putin er presidenten i Russland. Han har sete ved makta i landet i lang tid, faktisk i over 22 år.

Nyttårsaftan i 1999 tok Putin over som president for Boris Jeltsin. Putin var så president mellom 2000 og 2008. Frå 2008 til 2012 var han statsminister, og sidan 2012 har han igjen vore president.

Foto: Kremlin.ru, CC BY 4.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/4.0>, via Wikimedia Commons

Putin har òg arbeid for KGB, den sovjetiske etteretningstenesta.

Nupi skildrar den første presidentperioden hans som ein periode der han kjempa ned kaoset og oppløysingstendensane som hadde prega landet, medan han i sin andre periode fokuserte på økonomisk utvikling. Presidentperioden frå 2012 har vore prega av konflikt med Vesten og ønsket om å gjere Russland til ei internasjonal stormakt att.

Zelenskyj

Volodymyr Zelenskyj er president i Ukraina. Det har han vore sidan 2019. Zelenskyj har russisk som morsmål og jødisk bakgrunn. Før han blei president i landet, var han kjent som skodelspelar, komikar og programleiar. Han er òg utdanna jurist.

Volodymyr Zelenskyj er president i Ukraina. Foto: President.gov.ua, CC BY 4.0, Wikimedia

I 2017 danna han partiet «Folkets tener», som òg er namnet på ein serie han spelte nettopp ukrainsk president i.

Under Zelenskyj har Ukraina halde fram eit nasjonsbyggingsprosjekt og ønska å knytte seg nærmare Vesten gjennom EU- og Nato-medlemskap, skriv NRK.

Presidenten meiner målet til Putin med invasjonen av Ukraina no er å ta og drepe han og familien hans.

– Fienden har peika på meg som mål nummer éin og min familie er nummer to, sa Zelenskyj i ein tale.

Tsjernobyl

Tsjernobyl har igjen blitt sett på kartet etter at Russland tok kontroll over den ukrainske byen som ligg rundt 100 kilometer nord for hovudstaden Kyiv.

Tsjernobyl er mest kjent for den verste kjernekraftulukka i historia, som skjedde i 1986. Reaktor 4 ved kjernekraftanlegget i Tsjernobyl eksploderte i samband med testing under eit årleg vedlikehald.

Russiske styrkar har erobra det tidlegare atomkraftverket. Det er mykje radioaktiv forureining i området, som kan blir spreidd i nærområde ved trefningar, men det som uroar mest i samband med den russiske invasjonen, er at Ukraina får halvparten av straumforbruket frå dei andre reaktorane der.

Les meir om roa for at Russland skal ta kontroll over ukrainske atomanlegg her!

Skilt som varslar om strålefare i byen Pripjat, som ligg like ved Tsjernobyl. Foto: Diana Markosian, Wikimedia Commons

Nato

Nato er ein forsvarsorganisasjon. Han vart skipa i 1949, med mål om å verne medlemslanda politisk og militært. Dei 30 landa som er medlemmar av Nato, har lova å hjelpe til dersom nokon går til åtak på dei andre.

Noreg er eitt av landa som er med i Nato, saman med mellom anna USA, Frankrike og Storbritannia. Ukraina er ikkje medlem av Nato.

Vår tidlegare statsminister Jens Stoltenberg har vore generalsekretær i Nato sidan 2014.

– Freden på vårt kontinent er blitt knust. Vi har no krig i Europa i eit omfang vi trudde høyrde historia til, sa Jens Stoltenberg torsdag.

Bilete frå Nato-møte i Praha i 2002. Foto: US gov / Offentleg eigedom / Wikimedia

Folkeretten

Medan Noregs lover bestemmer kva menneska kan og ikkje kan gjere medan dei er i Noreg, bestemmer reglane i folkeretten kva statar kan og ikkje kan gjere.

Slik sett er målet med folkeretten å passe på korleis dei ulike statane i verda held seg til kvarandre, skriv FN.

Då Russland invaderte Ukraina, braut dei altså folkeretten. Ein invasjon er når militære styrkar frå eit land tek seg inn på eit område som høyrer til eit anna land. Dette kan skje både på land, frå sjøen og gjennom lufta.

Tryggingsrådet i FN

FN sitt tryggingsråd skal hindre at det bryt ut væpna konflikt når det oppstår ein trussel mot internasjonal fred og sikkerheit.

Det er vanleg at Tryggingsrådet samlar partane i konflikten til samtalar. Om samtalar ikkje fører fram, kan dei vedta at FN skal gripe inn anten gjennom sanksjonar eller med militær makt. Sanksjonar er ein reaksjon som innan folkeretten kan innebere diplomatiske eller økonomiske verkemiddel for å få ein stat til å handle annleis. Diplomatiske sanksjonar kan til dømes vere når USA no utviser ein russisk diplomat, medan døme på ein økonomisk sanksjon er handelsboikott.

Det er 15 medlemmar i Tryggingstådet, fem faste og ti som blir valde av FNs generalforsamling. USA, Kina, Russland, Storbritannia og Frankrike er faste medlemmar. Noreg er valt inn som medlem i perioden 2021-2022.

Swift

Ein av sanksjonane som har vore diskutert og delvis sett i verk, er å stenge Russland ute frå Swift. Swift (Society for Worldwide Interbank Financial Telecommunication) er eit internasjonalt betalingssystem for overføring av betalingar mellom bankar i ulike land. No har sju russiske bankar blitt kasta ut av Swift-systemet. Det vil seie at det ikkje blir mogleg å overføre pengar mellom dei råka bankane og bankar i andre land.

Blant dei aktuelle russiske bankane finn vi den nest største i Russland. Den aller største, Sberbank, er derimot ikkje omfatta av sanksjonane. EU-land kjøper framleis russisk olje og gass, og denne banken blir brukt til betaling for dette.

Atomvåpen

Vladimir Putin har sett atomvåpen-styrkane sine i det han kallar «kampberedskap».

Atomvåpen, også kalla atombombe eller kjernefysiske våpen, er den kraftigaste våpentypen i verda: eit masseøydeleggingsvåpen. Ei vanleg, stor bombe kan ha ei sprenglading på 10 tonn TNT. Frå atomvåpen kan sprengladinga svare til fleire tusen eller fleire millionar tonn TNT, ifølgje SNL.

Førre gong atombomber vart brukte i krig, var då USA sleppte atombomber over Hiroshima og Nagasaki i Japan under andre verdskrig. Sidan den gong har masseøydeleggingsvåpenet ikkje blitt brukt i krig.

Det er ni land me veit har atomvåpen: USA, Russland, Kina, Frankrike, Storbritannia, Pakistan, India, Israel og Nord-Korea. Talet på atomvåpen har sokke om lag 80 prosent sidan Den kalde krigen, frå om lag 70.000 i 1986 til 12.700 i tidleg 2022. Russland og USA har flest med over 5000 atomvåpen kvar.

Humanitære korridorar

Humanitære korridorar blir brukt for å evakuere sivile frå hardt råka krigsområde.

Generalsekretær i Flyktninghjelpen Jan Egeland fortel til VG at mange trur det er snakk om ein fysisk korridor ein kan gå igjennom, men det stemmer ikkje heilt.

Ein humanitær korridor vil seie at det er inngått ein avtale mellom partane om å ikkje gå til åtak på ei avtalt rute i eit visst tidsrom. 

I Ukraina har det mellom anna blitt opna slike «trygge» ruter i nærleiken av Kyiv og i Luhansk. Den ukrainske visestatsministeren Irina Verestsjuk har sagt at det skal opnast ti humanitære korridorar.

Saka vil bli oppdatert.


Kjelder: Store Norske Leksikon, Nupi, NRK, Wikipedia, FN-sambandet