Identitet

Skeiv ungdom: «Varsellampene bør byrja å blinka»

Leiar i Skeiv Ungdom, Rebecca Zahl, er uroa for transpersonar sitt helsetilbod.

Rebecca Zahl
Leiar i Skeiv Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens (PKI) gjennomførte nyleg ei medlemsundersøking der dei ønskte å sjå på opplevingane rundt kjønnsutgreiing ved dei to største behandlingsstadene i Noreg.

Funna er dystre.

Forbod mot konverteringsterapi

Tre femdelar meinte dei hadde teke skade av utgreiinga. Tre firedelar opplevde den som krenkjande, og over halvparten av dei som har gått gjennom utgreiing ved NBTK kan tolkast til å ha opplevd konverteringsterapi.

Dette er urovekkjande høge tal for ei folkegruppe der me veit at det er ein markant samanheng med eit godt helsetilbod og ei sunn fysisk og psykisk helse.

Endå meir urovekkjande er det når Stortinget allereie i 2023 vedtok eit forbod mot konverteringsterapi med strenge juridiske krav på kva det innebar – krav som det diverre ser ut til at den noverande behandlinga framleis fell innunder, skal me basera oss på funna frå rapporten.

Oppfatta krenkjande

Det er greitt å avklara at sjølve ordet ’konverteringsterapi’ ikkje er teke i bruk i studien.

Ein har i staden basert seg på om behandlinga vart oppfatta som krenkjande, og om ein har vorte utsett for minst eitt av punkta som blir definerte som konverteringsterapi i lova. Dimed er det ikkje sikkert at alle ville fått medhald dersom desse sakene skulle gått til retten.

Likevel er tala høge nok til at varsellampene bør byrja å blinka, og røyken frå dass byrjar å bli synleg frå utsida.

For la det vera klinkande klart; alle har rett på eit godt og verdig helsetilbod. Dette er ein del av menneskerettane, barnerettane, og ikkje minst norsk lov.

Det skal gjelda anten det er Kari eller Ola Nordmann, så vel som Kari-som-vil-bli-Ola Nordmann.

Krev tilsyn

Då er det vår plikt å setja spørsmålsteikn ved om me kan seia oss fornøgde med statistikken slik han no er presentert.

Skal rett vera rett, må det setjast inn tiltak for å betra praksisen, og ein må i det minste finna ut av kvar i løypa ein er på villspor.

Difor krev me at det blir gjort tilsyn med NBTK.

Me må greia ut om det noverande behandlingstilbodet er godt nok, og ikkje minst må me krevja at transpersonar får tilbod om eit forsvarleg helsetilbod, slik også dei har krav på per norsk lov.