Er dei ukrainske styresmaktene fascistiske? Åtte påstandar om Ukraina faktasjekka

For å demme opp om flaumen av desinformasjon frå den russiske propagandamaskina, svarar Helsingforskomiteen på nokre av dei hyppigast fremja påstandane. 

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne teksten stod først publisert hjå Den norske Helsingforskomité, og er sett om til nynorsk og publisert med løyve. 

Med utviklinga i og rundt Ukraina dei siste dagane og timane har det kome mange påstandar om landet, ikkje minst frå den russiske presidenten.

Dette er svar på spørsmåla du kanskje sit med: 

1: Skjedde det eit pro-europeisk statskupp i Ukraina i 2014?

Det korte svaret er nei. Men for å forstå korleis maktskiftet i Kyiv skjedde i februar 2014, er det viktig at vi ser på og nyanserer hendingane som kom i forkant.

Ukrainarar hadde sidan november 2013 protestert mot sitjande president Viktor Janukovytsj. Dei første protestane vart utløyste då Janukovytsj snudde ryggen til ei økonomisk assosieringsavtale med EU, men det var først då dei vart møtte med vald at protestrørsla vaks i storleik.

Hundretusenvis av ukrainarar over heile landet – ikkje berre i nord og vest, men også i aust, sør og på Krimhalvøya – protesterte mot brutaliteten til politiet. 

Foto frå demonstrasjonane i Kyiv i februar 2014. Foto: mstyslav Chernov/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Etter ein valdsspiral som enda med at over hundre demonstrantar vart skotne og drepne i sentrum av Kyiv, rømde Janukovytsj og ei rekkje politikarar til Russland.

I maktvakuumet som oppstod vart det oppretta ei overgangsregjering og ein mellombels president vart utnemnd.

Ifølgje Store Norske Leksikon vert eit statskupp definert som «en omveltning som settes i verk ‘ovenfra’ i strid med forfatningen, for eksempel ved at statsoverhodet avskaffer nasjonalforsamlingen.»

Euromajdan var ikkje driven ovanfrå. Den formelle parlamentariske opposisjonen hadde veldig lite innverknad på protestrørsla, som bestod av ei stor mengde forskjellige menneske.

Helsingforskomitéen meiner difor at revolusjon er korrekt nemning på maktskiftet.

2: Er styresmaktene i Kyiv fascistiske?

Russiske styresmakter har prøvd å delegimitere dei ukrainske styresmaktene ved å teikne dei som fascistar og nynazistar. Det er i hovudsak to påstandar som vert brukte for å argumentere for dette synspunktet:

  1. Maktskiftet i 2014 vart drive av ultranasjonalistar, og
  2. Kyiv fører ein antirussisk politikk (sjå spørsmål 3).

Revolusjonen førte ei brei gruppe menneske saman mot Janukovytsj. Ved sidan av proeuropeisk ungdom, liberale, feministar, LHBT-miljøet, afghanistanveteranar og fotballsupportarar, stod også menneske frå grupperingar med ultranasjonalistiske og antirussiske synspunkt.

Dette betyr likevel ikkje at heile rørsla var ei ultranasjonalistisk eller antirussisk rørsle. 

Det vert også peika på at opposisjonspartiet Svoboda (Fridom), som talar for ein meir framandfiendtleg politikk, hadde ei nøkkelrolle i 2014. Partiet var likevel det minste av dei tre opposisjonspartia og forsvann frå politikken ved det første parlamentsvalet i november 2014.

Det er også merkverdig kor påstandane om fascisme kjem frå. 

I motsetnad til Russland – som i praksis berre har hatt éin leiar sidan 2000 – er Volodymyr Zelenskyj den sjette presidenten i Ukraina.

Volodymyr Zelenskyj er den sjette presidenten i Ukraina. Her frå TV-sending tysdag 22. februar 2022. Foto: Ukrainian Presidential Press Office via AP

I motsetnad til Russland – der valfusk er utbreidd – har alle val i Ukraina sidan 2014 vorte anerkjende som frie og rettferdige.

I motsetnad til Russland – der sivilsamfunnet er under stadig press frå styresmaktene, der journalistar og opposisjonelle vert bortført, fengsla, forgifta og utsette for attentat – er opposisjonen lovleg og synleg i Ukraina.

I motsetnad til Russland føregår det inga persondyrking av Ukraina sin sitjande president.

Det bør også verte nemnt at Zelenskyj er av jødisk nedætting, og ei rekkje andre framtredande politikarar, mellom anna tidlegare statsminister Volodymyr Grojsman, er jødiske.

3: Har Ukraina forbode russisk språk?

Nei, russisk er ikkje forbode i Ukraina.

Eit av argumenta Kreml kom med for å rettferdiggjere okkupasjonen og annekteringa av Krimhalvøya i 2014, var at dei ønska å verne den russisktalande befolkninga frå eit nært føreståande folkemord.

Bakgrunnen for utsegna var at den mellombelse regjeringa ønska å avskaffe lova om at mindretalsspråk kunne verte nytta som offisielle regionsspråk. Lova vart blokkert av overgangspresident Oleksandr Turtsjynov og erklært grunnlovsstridig i 2018.

I 2019 vart ein versjon av lova innført av president Petro Porosjenko. Denne versjonen krev at all offisiell informasjon skal føregå på ukrainsk.

Russisk står likevel ikkje i fare for å forsvinne frå Ukraina, som har tette kulturelle band til det russiske språket. Dei aller fleste ukrainarar er tospråklege og byter dagleg mellom dei to.

Ukrainarar er også veldig tydelege på at konflikten med Russland ikkje handlar om språk. Sjølv om mange har gått over til ukrainsk sidan 2014, høyrer ein ofte begge språka om kvarandre i byar som Lviv (vest), Kyiv (sentrum), Kharkiv (aust) og Odesa (sør).

I tillegg var mange av dei drepne demonstrantane i Kyiv i 2014 og tusenvis av dei som har falle i krigen i Donbas russisktalande aust-ukrainarar.

Ei kvinne tek innover seg situasjonen medan ho ventar på eit tog for å komme seg ut av Kyiv. 24. februar 2022. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti

4: Er Ukraina eit sterkt splitta land?

Nei. 

Som eitkvart land av ein viss storleik er det også i Ukraina indre motsetnadar og ulike meiningar om korleis landet skal verte utvikla. Men alt for ofte vert Ukraina presentert som eit land, splitta mellom to distinkte, motstridande og geografisk åtskilde delar:

Ein snakkar gjerne om ukrainsktalande, proeuropeiske ukrainarar i vest og russisktalande, prorussiske russarar i aust.

Dette er ei grov forenkling som ikkje fortel oss noko om realitetane i Ukraina. Landet er Europas nest største i areal og heim til over 44 millionar menneske. Verken dei lingvistiske, politiske, økonomiske, religiøse eller kulturelle linjene kan verte abstraherte til ei todeling.

Sidan 2014 har derimot russisk aggresjon mot Ukraina samla ukrainarane. I dag er det difor langt større semje om kva retning landet bør ta. Med andre ord har Putin langt på veg viska ut det aust-vest-skiljet som tidlegare prega offentleg diskurs om utanrikspolitikken til landet.

5: Har Ukraina eksistert før 1917?

Ja. 

Statsdanninga til Ukraina kan verte trekt heilt tilbake til 800-talet, lenge før Moskva og St. Petersburg hadde vorte grunnlagde.

Kyiv var hovudsete for Kyivriket frå ca. 882 fram til 1240, og ulike statsdanningar og identitetar har vore rådande i Ukraina (Halytsj-Volynja, Zaporizjzjja, Dnipro m.fl.).

Vi finn bruken av ordet ukrainarar i kjelder som stammar frå 1100-talet, og idéen om ein særeigen ukrainsk identitet har eksistert i stadig større grad sidan 1700-talet.

I Putin si aggressive tale 22. februar 2022, påstod han at Ukraina vart kunstig oppretta av bolsjevikane i 1917, og at landet eigentleg er ein del av Russland. Dette stemmer ikkje i det heile. 

6: Ønska befolkninga på Krimhalvøya å vere ein del av Russland i 2014?

Mange på Krim var nøgde med situasjonen før 2014. På grunn av eigenarten til Krim som autonom republikk i Ukraina, hadde Krim eit eige parlament, sjølvråderett og spesielle rettar.

Ukrainsk, russisk og krimtatarsk var tillate og halvøya var eit ynda reisemål for slavarar frå heile Aust-Europa. Med sanksjonane mot Russland og dei lokale okkupasjonsmaktene har denne industrien vorte sterkt redusert.

Den såkalla folkerøystinga som vart organisert i mars 2014 vart gjennomført 17 dagar etter Russland sin okkupasjon av halvøya. Det var inga form for open, offentleg debatt i forkant av valet.

Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa (OSSE) erklærte at folkerøystinga var illegitim og sende ikkje observatørar, og det heile føregjekk medan ei framand makt kontrollerte vallokala.

Mange innbyggjarar nekta også å anerkjenne folkerøystinga, og røysta ikkje. Folkerøystinga vart også gjennomført i strid med grunnlova til Ukraina.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

7: Ønsker befolkninga i dei separatistkontrollerte områda å vere ein del av Russland?

Mange av innbyggjarane i Donbas-regionen (oblastane Luhansk og Donetsk, aust i Ukraina) har sidan 2014 flykta frå området. Av dei som er igjen er det nok ein del som opplever seg som russiske og har ønska anten å verte ein del av Russland, eller i det minste ha tett assosiering med Russland.

Så har befolkninga også sidan 2014 levd under eit militærstyre der berre russisk propaganda vert tillate, samstundes som dei har hatt svært avgrensa tilgang til vestlege eller ukrainske medium. I tillegg er utstrekt bruk av bortføringar, tortur og drap mot meiningsmotstandarar godt dokumentert i dei to utbrytarrepublikkane.

Difor er det vanskeleg å seie noko om innbyggjarane sin eigentlege politiske ståstad.

Dei aller fleste ønsker nok ein slutt på krigen, anten regionen vert verande under russisk kontroll eller vert foreina med Ukraina att. Kva dei aller helst ønsker veit vi likevel ikkje på grunn av situasjonen på bakken.

8: Har det føregått eit folkemord mot russarar i Ukraina?

Det er svært lite sannsynleg. 

Eit folkemord er visse handlingar – som systematiserte drap og deportasjonar – meint for å heilt eller delvis utslette ein etnisitet, nasjon eller religiøs gruppe.

Dei siste vekene har russiske medium gjentekne gongar påstått at det har vorte funne massegraver i Donbas-regionen – som dei hevdar skal bevise Ukraina sitt folkemord på etniske russarar.

Det finst ingen uavhengige kjelder som stadfestar desse påstandane.

Helsingforskomitéen sin partnar i Ukraina, Truth Hounds, har granska påstandane og viser til følgjande:

  • Berre ved éin av dei fire påståtte stadane for massegraver er det kjent at det faktisk var harde kampar under den førre krigen.
  • Hendingane som vert rapporterte strekker seg tilbake til 2014, og det vil vere for lenge sidan til at ein kan fastslå sikkert om lik var sivile eller soldatar.
  • Fleire av påstandane vert knytte til stadar der den ukrainske regjeringshæren ikkje var i det heile teke, men der utbrytarane heile tida hadde kontrollen.
  • Ingen kjelder på prorussisk eller russisk side rapporterte om desse hendingane i tida etter dei skal ha funne stad.
  • Verken satellittbilete, samarbeid med russiske menneskerettsorganisasjonar, eller vitneutsegner kan underbygge påstandane.

Om det verkeleg hadde eksistert massegraver ville det kunna grunngje påstanden om massedrap og brotsverk mot menneskeslekta. Det ville likevel gjenstå å bevise at drapa hadde skjedd som ledd i ein plan om å drepe mange russarar for å kunne rettferdiggjere bruken av omgrepet folkemord.


Bilete syner brannmenn som inspiserer skadane etter at ein bygning i Kyiv vart treft av rakettar 25. februar 2022. Foto: Ukrainian Police Department Press Service via AP