«Du må vakne, det er krig i Europa»

Silje Hornnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjengjev skribenten sine eigne haldningar. Synspunkta uttrykt i artikkelen representerer ikkje nødvendigvis YATA eller FN-studentane sine meiningar. 

I morgontimane den 24. februar tikka meldingane inn om at Russland no har gått til krig mot Ukraina. Eg sat sjølv og åt frukost då eg sette på nyheitene på TV, men brødskiva blei fort liggjande då bileta rulla over skjermen.

Eit utenkjelig scenario: Krig i Europa. Men kvifor blei vi så overraska?

Var det overraskande at Russland gjekk til åtak?

Sidan andre verdskrig har den vedvarande respekten for statar sin ukrenkjelege suverenitet vore norma.

Vårt trusselbilde har vore farga av eit fredeleg liv i nord, med ein nabo i aust som vi har klart å halde under kontroll takka vere trusselen frå NATO. Vårt bilete av krig heng igjen i 1940 og frå Midtausten. Difor kom det nok overraskande på mange at Russland valde å trakke over streken og invadere Ukraina i ein fullskala krig, natt til 24. februar 2022.

Utenkjeleg eller ei, folkeretten er no broten og Russland brukar militær makt i eit omfang som Jens Stoltenberg «trudde høyrde historia til».

Vårt bilete av krig heng igjen i 1940 og frå Midtausten.

Eit meir aggressivt Russland

Sjølv om eit slikt fullskala åtak mot Ukraina var uventa, har Russland sin aggressivitet mot Ukraina og NATO auka i omfang dei siste åra.

Ein må ikkje gløyme at sidan Russland invaderte Krimhalvøya i 2014 har om lag 14 000 menneske vorte drepne, og om lag 734 000 ukrainarar har vorte internt fordrivne.  

Etter at Russland stilte krav til NATO i desember 2021 om at Ukraina aldri måtte få bli ein del av NATO, blei det endå tydelegare at respekten for Ukraina sitt sjølvstyre og ikkje minst folkeretten var låg hjå russarane.

Russland sin president, Vladimir Putin, veit samstundes at FNs Tryggingsråd er nokså handlingslamma i ein slik konflikt, ettersom Russland er ein av dei permanente medlemmane i Tryggingsrådet og kan leggje ned veto der dei ynskjer.

Dette forklarar kvifor nokon, dessverre, ikkje blei så overraska då Russland invaderte Ukraina med denne styrken.

Nøye planlegging, godt samarbeid med Kina og Midtausten, og eit Ukraina som ikkje er medlem av NATO har gjort Russland mindre redd for sanksjonar og den vestlege forsvarsalliansen.

Russland synte seg som ein strategisk spelar og forsyner seg no av nabolandet, alt mens vi bokstaveleg talt låg og sov.

Folk ser på delar av militært utstyr på bakken, etter eit russisk åtak i Kharkiv, Ukraina, Thursday, Feb. 24, 2022. Foto: AP Photo/Andrew Marienko

Kva gjer det internasjonale samfunnet?

I statssuverenitetsprinsippet ligg det ein tydeleg bodskap om statar sin rett til eige sjølvstyre utan innblanding frå andre statar. Nettopp difor er det også vanskeleg for det internasjonale samfunnet å finne måtar å handle på, når ei slik konflikt spring ut i eit fullskala åtak mellom to land.

Sjølv om Putin bryt reglane, ynskjer framleis det internasjonale samfunnet å halde seg til spelereglane, sjølv om det kan verte oppfatta som handlingslammande.

NATO har vore tydeleg på at dei står saman med sine allierte, men ettersom Ukraina ikkje er ein del av NATO, vil heller ikkje artikkel 5 om at «eit åtak på ein alliert er eit åtak på alle», verte utløyst i denne konflikten.

Geografi har likevel ikkje vore noko hinder for stormaktssjuke leiarar før, og NATO sender no styrkar til NATO sine grenser i aust for å beskytte mot eventuelle åtak lenger vestover.

Kva kan nordmenn gjere i denne situasjonen?

Om du kjenner på ei kjensle av håpløyse og redsel, er vi fleire. Det du som norsk borgar kan gjere, er å engasjere deg på sosiale medium, eller i media generelt, og bidra til at fleire får meir kunnskap om kva det er som skjer.

Få ut bodskapen om at krig er noko ein aldri skal streve etter. 

Denne krisa har gjort meg merksam på kor heldige vi er som bur i eit fritt land, kor sensur ikkje eksisterer og kor menneskerettar vert beskytta til ei kvar tid. Vi står dermed i ein privilegert situasjon, kor vi kan bidra med våre stemmer og ytre oss om kvifor Russland sin invasjon av Ukraina er feil basert på eit reint folkerettsleg grunnlag.

No er det krig i Europa. Ved å ta innover oss det som skjer, kan vi betre forstå korleis befolkinga i Ukraina har det, og vi kan strekkje ut ei hand til våre medmenneske.

Noreg vil nok sjå ein flyktningbølge som følgje av krigen, og då bør vi stå klare til å ta i mot sivilbefolkinga som blir ramma både økonomisk og militært av krigen utfaldar seg. 

Noreg og det internasjonale samfunnet må stå saman med Ukraina

Historia blir skriven no.

Etter morgontimane på torsdag, sat eg igjen med ei vond kjensle. Eg er einig med Stoltenberg i at ein tenkjer at ein europeisk konflikt på ein slik skala er noko som burde høyre historia til.

Likevel kan vi ikkje vere naive og seie at vi ikkje hadde kjennskap til den historiske konteksta og dei geopolitiske faktorane som førte til at Russland invaderte Ukraina. 

Historia blir skriven her og no, og vi må klare å omstille haldninga vår frå at krig i Europa er utenkjeleg, til at det no har skjedd.

Noreg og det internasjonale samfunnet må stå saman med Ukraina, og jobbe for å bevare dei folkerettslege prinsippa om fred og sjølvstyre.

Fred og menneskerettar kan aldri verte tekne for gitt, og det at vi blei så overraska over eit åtak på vårt eige kontinent, vitnar om at vi kanskje hadde begynt å gjere nettopp det.


Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskij besøkte Donbas-regionen i april 2021. Foto: Ukrainian Presidential Press Office via AP