Politikk og samfunn

Dagens eksamen har gått ut på dato

– Dagens eksamensform speglar ikkje dei reelle kunnskapane og ferdigheitene til alle elevar, skriv Sandra Tenud frå AUF.

Sandra Edith Kalland Tenud (26)
Sentralstyremedlem i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi er mange som gleder oss til desember, men for elevar som kjem opp til eksamen, er det lite juleglede.

Eksamen har ikkje endra seg mykje dei siste 200 åra. Trass i at samfunnet og arbeidslivet har utvikla seg dramatisk, står vurderingssystemet fast i gamle mønster. Dette skaper press, og mange elevar opplever eksamen som lite relevant og demotiverande.

Dagens eksamensform speglar ikkje dei reelle kunnskapane og ferdigheitene til alle elevar. Særleg elevar med praktiske evner kjem dårleg ut i eit system som legg opp til teoretiske vurderingar. Stressnivået knytt til eksamen er høgt, og mange rapporterer lågare meistringskjensle som følgje av vurderingsformer som ikkje anerkjenner breidda av kompetansen.

Det er på tide å modernisere eksamenssystemet og sikre at alle elevar får vise kva dei faktisk kan.

For AUF er det avgjerande å skape ein skule som ser kvar elev, uansett bakgrunn, interesser eller evner. Vi vil utvikle ein fellesskule der alle får høve til å lykkast, ikkje berre i klasserommet, men også i livet. Ei modernisering av eksamenssystemet er heilt nødvendig.

Eit viktig steg er å gi elevane større valfridom. Dagens trekkordning på 10. trinn tvingar elevar til eksamen i tilfeldig valde fag. Dette bidrar ikkje til motivasjon.

AUF meiner at elevane bør få velje kva skriftleg eksamen dei vil ta, slik at dei kan vise styrkane sine.

Praktiske og munnleg-praktiske eksamenar må òg innførast der det er mogleg, for å gjere vurdering meir relevant for interessene og framtidige måla til elevane.

Eksamenskarakteren på ungdomsskulen bør heller ikkje stå som ein sjølvstendig karakter.

Éin enkelt dag med dårleg prestasjon kan ikkje øydelegge for eit heilt års arbeid.

AUF meiner eksamensresultata må sjåast i samanheng med standpunkt, slik at resultatet gir eit meir rettferdig bilete av elevens kompetanse.

På vidaregåande skule ønskjer vi også endringar. Den tradisjonelle eksamenen bør reduserast til fordel for vurderingsmetodar som speglar breidda av kunnskapane til elevane, som praktiske prøver, prosjektarbeid eller munnlege presentasjonar. Eksamenskarakteren bør dessutan fungere som eit korrektiv til standpunktkarakteren, der snittet av dei to tel på vitnemålet. Vi må fjerne ordninga der 20 prosent av elevane i VG1 trekkjast opp til eksamen.

Til slutt må trekkordninga på VG3 endrast. Elevane må få større innverknad over kva fag dei skal ta skriftleg eksamen i. Dette gir ikkje berre ein meir rettferdig prosess, men òg moglegheit til større meistringskjensle.

AUF ønskjer å skape ein meir praktisk og relevant skule, med mindre test og press.

Desse endringane gir meir valfridom, betre vurderingsformer og større rom for meistring. Slik legg vi grunnlaget for ein skule som motiverer, inkluderer og gir alle elevar moglegheita til å lykkast, både i og utanfor klasserommet.