Dette seier verdsleiarane om Ukraina-åtaket: – I menneskeslekta sitt namn, trekk styrkane dine tilbake

Verdsleiarar fordømmer åtaket på Ukraina og ber Russland avslutte invasjonen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russiske styrkar har gått til åtak i Ukraina frå fleire frontar, i det som er det største av ein stat mot ein annan i Europa sidan den andre verdskrigen.

Den russiske presidenten Vladimir Putin har allereie anerkjent Donetsk og Luhansk som sjølvstendige statar, og torsdag morgon gjekk styrkane til åtak fleire stader på grensa og i fleire ukrainske byar.

Det er meldt om luftåtak i mellom anna hovudstaden Kyiv, og det kjem meldingar om at nær 100 personar skal vere drepne. Det skal vere 40-50 døde på begge sider.

Fullskala invasjon

Den ukrainske utanriksministeren seier det er starta ein fullskala invasjon frå Russland, og president Volodymyr Zelenskyj opplyser at dei innfører ei beredskapslov i heile landet.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at den ukrainske presidenten har oppmoda alle innbyggjarar som er klare til å forsvare landet om å tre fram, og at dei vil gi våpen til alle som ønsker det.

Russlands president Vladimir Putin seier ifølgje Reuters at målet hans er å demilitarisere og «denazifisere» Ukraina.

– Eg har bestemt meg for å utføre ein spesiell militær operasjon… for å beskytte folk som har blitt utsette for mobbing og folkemord… dei siste åtte åra, uttalar han ifølgje Reuters.

Foto: Kremlin.ru, CC BY 4.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/4.0>, via Wikimedia Commons

FN-Guterres: – I menneskeslekta sitt namn, hent styrkane heim

No fordømmer ei rekkje verdsleiarar åtaket.

Tryggingsrådet i FN møttest onsdag kveld til eit hastemøte.

– Eg har berre ein ting å seie, av heile mitt hjarte: President Putin: Stopp soldatane dine frå å angripe Ukraina. Gi fred ein sjanse. For mange menneske er allereie døde, uttalte generalsekretær António Guterres.

Etter nyheita om dei militære åtaka på morgonkvisten, skriv Guterres at han er nøydd til å endre oppmodinga si.

– President Putin, i menneskeslekta sitt namn, trekk styrkane dine tilbake til Russland. Denne konflikten må stoppe no, bønfell han. 

Biden: – Verda vil halde Russland ansvarleg

Joe Biden har sagt at USA og deira allierte vil setje inn sterke sanksjonar mot Russland. Han opplyser at han vil snakke med G7-leiarane om situasjonen i dag.

Den amerikanske presidenten uttalar at Russland aleine er ansvarleg for dødsfalla og øydeleggingane åtaket vil føre med seg.

Joe Biden vert teken i eid som president i USA 20. januar 2021. Foto: Foto: Gage Skidmore/Flickr/Cc BY SA 2.0

– USA og dets allierte og partnarar vil svare samla og bestemt. Verda vil halde Russland ansvarleg.

Boris Johnson: – Blodig og øydeleggjande

Den britiske statsministeren Boris Johnson uttalar på Twitter at han er rysta over det russiske åtaket, og fortel at han og den ukrainske presidenten har diskutert kva dei skal gjere vidare.

– President Putin har valt ein blodig og øydeleggjande veg ved å setje i gang dette uprovoserte åtaket på Ukraina.

Franske Macron: – Vi er klare

Den franske presidenten Emmanuel Macron gjentok i går si støtte til Ukrainas suverenitet og territorielle integritet.

– I økonomiske og finansielle spørsmål, når det gjeld defensivt utstyr, vil Frankrike halde fram å gi si støtte, skriv han på Twitter.

I dag fordømmer han på det sterkaste dei russiske krigshandlingane og ber Russland umiddelbart avslutte dei militære operasjonane.

Emmanuel Macron. Foto: Presidencia de la República Mexicana/ Flickr (Wikimedia Commons), CC BY 2.0

I ein tale til det franske folket seier president Macron i ettermiddag at ein har gjort alt for å unngå krig, men no er han her.

– Og vi er klare. På denne krigshandlinga vil vi svare utan svakheit.

Han kallar hendingane «eit vendepunkt i Europas historie og i vårt land», og seier det vil få konsekvensar for liva våre og for den geopolitiske situasjonen på kontinentet.

Nato-Stoltenberg: – Trudde det høyrte til historia

Nato opplyser at dei sender fleire militære styrkar til medlemslanda i Aust-Europa og det blir halde eit digitalt toppmøte fredag.

– Freden på vårt kontinent er blitt knust. Vi har no krig i Europa i eit omfang vi trudde høyrde historia til, seier Jens Stoltenberg, som er generalsekretær i Nato på ein pressekonferanse i Brussel.

Stoltenberg peikar på at det er ei ny røynd og eit nytt Europa etter invasjonen i Ukraina.

– Det er ei aggressiv handling mot eit fredeleg land og ein alvorleg trussel mot europeisk tryggleik.

Han understrekar at Nato vil gjere det som er naudsynt for å beskytte forsvarsalliansen.

Tyske Scholz: – Omsynslaus handling

Også den tyske rikskanslaren Olaf Scholz ber Russland avslutte den militære aksjonen med det same. Han skriv på Twitter at dei vil samarbeide tett innanfor rammene til G7-landa, Nato og EU.

– Det russiske åtaket på Ukraina er eit operbert brot på folkeretten. Det er ikkje noko som rettferdiggjer det. Tyskland fordømmer denne omsynslause handlinga til president Putin på det sterkaste. Vår solidaritet er med Ukraina og dets folk.

Kina: – Hindre at situasjonen kjem ut av kontroll

Kinesiske styresmakter har uttalt at dei følgjer situasjonen i Ukraina nøye, men har ikkje kritisert Russland på same måte som andre nasjonar.

Talsperson Hua Chunying i det kinesiske utanriksdepartementet vil ikkje kalle den russiske militæraksjonen for ein invasjon, og meiner dette omgrepet er «fordomsfullt», skriv NTB.

– Vi ber om at alle partar beherskar seg og hindrar at situasjonen kjem ut av kontroll, seier Chunying.

Kina har tidlegare skulda USA og deira allierte for å «helle bensin på bålet» i Ukraina-krisa.


Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Foto: Birgitte Vågnes Bakken