Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hovudgrunnen til at eg handlar brukt er miljøaspektet, men i tillegg finn eg plagg som er meir unike. Det har eg alltid likt.

Det seier Ronja Årskaug Vallestad (18) frå Viksdalen på telefon til Framtida.no. 18-åringen går på Firda Vidaregåande på Sandane. Ho meiner gjenbruk er viktig, og har sidan tidleg i tenåra handla på bruktbutikkar.

18-årsgrense for innlevering av klede

Kommersielle bruktbutikkar møter eit strengt lovverk for å hindra vidaresal av stolne varer. Tysdag 20. april skal Stortinget på nytt stemma over ei endring av brukthandellova fremma av Miljøpartiet Dei Grøne melder NRK Vestland, som har omtala saka.

Kleda ho ikkje brukar lenger, pleier Årskaug Vallestad å gje vekk til vener og familie, eller donere til bruktbutikkar. Ho har både donert til større bruktbutikkjeder, men også til den lokale bruktbutikken Upscale.

Evangeline Sessford meiner brukthandelføresegna gjer det vanskeleg for kommersielle bruktbutikkar å drive konkurransedyktig. Foto: Frida Bjørnereim

Ho kjenner fleire ungdommar på Sandane som nyt godt av å ha ein bruktbutikk i nærmiljøet, og fortel at mellom anna to av dei ho deler hybel med har klesabonnement på Upscale.

Vallestad synest det er dumt at ein ifølgje brukthandellova må vere myndig for at butikkar som Upscale skal kunne ta imot donerte klede.

– Eg starta å handle brukt ganske tidleg, og eg tippar det er mange fleire, også yngre, som ynskjer å bidra med å minske klesforbruket sitt. For meg personleg utgjer det ikkje ein veldig stor skilnad, men for fleire rundt meg gjer det jo det, seier ho, og legg til:

– Ho eg bur med som har klesabonnement og ikkje er over 18, må til dømes no slutte å levere inn klede til Upscale fram til ho er myndig, sjølv om dette er noko ho allereie har gjort i over eit år.

Ronja fortel at ho syns denne saka er viktig, og at ho er oppteken av å bryte eit tabu rundt gjenbruk, og at ho håpar ei endring i dette lovverket kan vere med på nettopp det.

Evngeline Sessford har motteke 7-8 handleposar med klede på berre to og ein halv dag. Foto: Frida Bjørnereim

Tidkrevjande registrering

Ei som er endå meir frustrert over lovverket er Evangeline Sessford, som driv bruktbutikken Upscale på Sandane.

Butikken har eit abonnementsystem, der du kan betale ein fast sum i månaden og byte klede med butikken så mykje du vil. På grunn av omfattande krav til protokollføring har eigaren sett seg nøydd til å berre ta imot klede frå desse.

– No har vi hatt butikken open i to og ein halv dag, og allereie har vi fått inn 7-8 posar med klede berre frå abonnentar. Eg vil tru det er omlag 250-300 plagg, og om eg skal protokollføre desse korrekt, har eg jobb i fleire dagar. Då har eg ikkje tid att til å faktisk drive butikken min.

12. mars – 6. april i år valde ho å stenge butikken, grunna eit løyve ho oppdaga ho ikkje hadde søkt om. Dette løyvet er knytt opp mot lova om brukthandel, ei lov ho meiner både er utdatert og miljøfiendtleg. No vil ho ta kampen for ei revidert brukthandellov.

I sosiale medium forklarar ho situasjonen slik:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Upscale In Sandane (@upscalesandane)

Dato, vekt, skildring og legitimasjon

Etter å ha starta bruktbutikken hausten 2019 oppdaga Sessford eit strengt reglement for korleis kommersielle bruktbutikkar skal drivast.

Føresegna krev mellom anna at alle plagg som blir donerte må protokollførast. I protokollen skal det stå dato for mottak, vekt, storleik, mengd, ei skildring av plagget, samt at alle ting skal merkast med eit nummer, slik at det skal vere mogleg å finne alle plagga att i protokollen.

I tillegg må varene ligge urørt på lager i minimum 14 dagar før ein kan selje eller endre dei, dette inkluderer vasking, reparasjon og redesign.

Brukthandellova gjer det ulovleg for Evangeline Sessford å redesigne tekstilane ho får inn i løpet av dei første 14 dagane. Foto: Frida Bjørnereim

– Det er dumt, for på grunn av dette mister vi kundar til andre butikkar. Mykje av det vi får inn er sesongbasert, og når varene må ligge 14 dagar lagra, kan plutseleg føresetnadane for å få seld varene vere vekke. Når det er vinter og det er snø, kjem det inn mykje vinterklede, men etter to veker kan markedet for desse kleda vere vekke. Vi mistar moglegheita til å vere konkurransedyktige, seier Sessford, som forstår at reglane er slik for at politiet skal kunne sjekke varene.

Personen som donerer kleda skal registrerast med namn og adresse, og det skal visast gyldig legitimasjon. Det er heller ikkje lov å ta imot varer som blir donert av folk under 18 år.

Butikkar som er drivne av veldedige organisasjonar, er fritekne frå desse krava.

Evangeline fortel at det er mogleg å søke om fritak frå protokollføringa. Det har ho gjort, men politiet gav henne avslag på søknaden. Ho meiner denne vurderinga ikkje er riktig, at argumenta som avslaget er bygd på, ikkje er gode nok. Difor har ho klaga på søknaden.

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender. Foto: Renate Madsen

Framtiden i våre hender vil ha endring

– Det er på høg tid å oppdatere brukthandelforskrifta, slik at ho ikkje hindrar ein meir sirkulær økonomi med meir gjenbruk, skriv Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender på e-post til framtida.no.

Nordmenn kjøper i snitt 23,5 klesplagg i året. Mindre enn eitt av desse er kjøpt brukt, viser ein rapport frå forbruksforskingsinstituttet SIFO frå våren 2020.

Ifølge Framtiden i våre hender eksporterer vi i Noreg 90 prosent av bruktkleda våre, rett og slett fordi det ikkje er ein stor nok bruktmarknad. På verdsbasis vert heile 87 prosent av brukte klesmateriale brende, eller hamnar på søppelfyllingar, gjerne i fattige land.

– Regjeringa har eit mål om at Noreg skal vere eit føregangsland på sirkulær økonomi. Men akkurat no er vi ikkje i nærleiken av å vere det. Vi må omstille økonomien vår til mindre kjøp og kast av nye produkt, og meir gjenbruk. Då må regjeringa leggje betre til rette for handel med brukte varer, skriv Bakken Riise.

Ho peikar på at krava i forskrifta skal gjere det mogleg å finne stolne varer før dei blir selde vidare. Bakken Riise ser behovet for dette ved sal av dyrare varer som smykker, mobiltelefonar og dyrare sportsutstyr, men meiner det er unødig for klede, kjøkkenreiskapar, bøker og blad, barneutstyr og leiker.

– Det må bli enklare å drive bruktbutikk i 2021, konkluderer ho.

Upscale har eit abonnementsystem der kundar kan byte klede med butikken så mykje dei vil. Foto: Frida Bjørnereim

Nybø må prioritere korona

Upscale-eigar Sessford vil ta kampen for ei revidert brukthandellov.

Fleire politikarar har teke til orde for å oppheva brukthandellova, mellom anna dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i 2019.

– Gjenbruk av klede og andre forbruksvarer er ein del av den grøne, sirkulære økonomien. Vi bør ikkje ha lover som bremsar denne type handel. Vår vurdering er at vi allereie har bra nok lovverk for å hindre heleri, så det å skrote brukthandellova er eit forsvarleg og godt forenklingstiltak, sa han i ei pressemelding frå regjeringa i 2019.

NRK Vestland har også omtala saka og fått svar frå dagens næringsminister, Iselin Nybø (V), som forklarar at prosessen stoppa opp fordi koronatiltaka til næringslivet måtte prioriterast.

– Dette er framleis tilfelle. Det vil seie at vi dessverre ikkje forventar å kunne legge fram endringar i nærmaste framtid, seier Nybø til NRK.

Brukthandel for folk flest

Ved å snakke høgt om saka og prate med fleire som sit på Stortinget, håpar Sessford å kunne påverke til ei endring i lovverket.

– Dette er ein veldig enkel ting vi kan gjere for å vise at Noreg har lyst til å vere miljøvennlege. Klesbransjen er ein av verstingane når det kjem til miljø, men kva gjer vi eigentleg her i Noreg?

Evangeline Sessford opna bruktbutikken Upscale på Sandane hausten 2019. Foto: Frida Bjørnereim

Butikkeigaren trur ei lovendring vil gjere at vi ser fleire små bruktbutikkar, nisjebutikkar, dukke opp rundt omkring, slik som i Danmark og Sverige.

– Reiser du til København er jo annankvar butikk bruktbutikk, og eg trur det hadde vore spennande å få til i store byar. Også i bygdene ville ein sjå forskjell. Der dei store bruktbutikkjedane ikkje ser ein marknad, vil små bruktbutikkar, som min, kunne drive.

Ho peikar på at små butikkar vil kunne donere vidare klede dei ikkje får selt til store veldedige aktørar som Fretex.

– Det vil ikkje bety at nokon får donert mindre klede, men det vil bety at brukthandel vert tilgjengeleg for folk flest, avsluttar ho.


Ingrid Vik Lysne (t.v) og Ingrid Bergtun har over 250.000 følgjarar på sosiale medium og opplever stor suksess med ei ny sybok. Jakkane dei her har på seg er laga av eit ullpledd. Foto frå boka: Anna Torst Saltvedt