EU aukar innsatsen mot fast fashion og matsvinn

132 kilo mat og 12 kilo klede vert kasta i året per innbyggar i EU. Desse tala vil unionen redusere.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Førre veke vedtok EU-parlamentet nye reglar for å kjempe mot kasting av mat og tekstilar.

EU vil jobbe for å redusere matsvinn frå butikkar, restaurantar, mattenester og hushaldningar med 30 prosent innan utgangen av 2030, samanlikna med snittet i 2021–2023.

EU-landa skal innføre tiltak som sikrar at verksemder som kastar mykje mat, fasiliterer donering av useld mat som er trygg å ete.

I tillegg skal matsvinn i produksjon og prosessering reduserast med 10 prosent.

Kjempar mot fast fashion

EU innfører også nye reglar for klesindustrien. Snart skal alle produsentar som sel klede, sko og andre tekstilar innanfor grensene til EU, tvingast til å dekke kostnaden med å samle inn, sortere og resirkulere tekstilar.

EU-medlemmene har 30 månader på seg til å innføre desse reglane i eigne land.

Reglane skal òg gjelde for netthandel, uavhengig av om produsenten held til i eit EU-land eller ikkje.

EU slår fast at medlemslanda må rette særleg merksemd mot fast fashion og ultra-fast fashion-produsentar når dei lagar reglane.

60 millionar tonn matavfall

EU-lovgjevnaden kjem i etterkant av at EU-kommisjonen i 2023 bad om ein revisjon av EU-reglane for avfall, med særleg fokus på mat og tekstilar.

Kvart år vert nesten 60 millionar tonn matavfall og 12,6 millionar tonn tekstilavfall generert i EU. 

Klede og sko åleine står for 5,5 millionar tonn avfall.

Det er estimert at mindre enn éin prosent av alle tekstilar i verda vert resirkulert til nye produkt.