Studie: Varmare hav kan føre til mindre fiskeartar og fiskemangel

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaendringane gjer havet varmare, med mindre oksygen i seg. Ifølgje forskarar kan det føre til at fisken som bur i varmare hav kan bli mindre, fordi større fisk krev meir oksygen.

Ein konsekvens kan vere at det vert vanskelegare for fiskeindustrien, og større fiskemangel i verda, meiner forskarane.

Professor i marin bevaringsbiologi ved Dalhousie Universitet i Candada, Boris Worm, seier til miljønettstaden Mongabay:

– Funna støttar spådomen om at varmare vatn vil ha mindre fisk, som truleg er meir tilpassa framtidige vilkår, men mindre truleg kan mate verda.

Pressar ut matfisken

Gjennom Senter for hav og samfunn ved Christian-Albrecht University i Kiel, har ei rekke internasjonale forskarar brukt sediment-prøvar frå havbotnen i Humboltstraumen utanfor kysten til Peru til å granske miljøvilkåra som eksisterte frå 116.000-130.000 år sidan.

Det var nemleg førre gong planeten var i ei varmetid mellom istider. Det var omlag to grader varmare enn det er i dag og det var mindre oksygen – omlag slik ein reknar at verda vil sjå ut i 2100.

Forskingsarbeidet syner at i eit varmare hav vart mindre kutling-liknande fisk dominerande, og pressa ut viktig matfisk som ansjos.

Trenden er uavhengig av press frå overfiske og fiskerihandtering, ifølgje forskarane.

 – Ut ifrå resultata våre, konkluderer vi at effekten frå menneskeskapte klimaendringar kan ha større påverknad på evolusjonen til bestandane i regionen enn vi tidlegare har trudd.

Det seier Dr. Renato Salvatteci, som er hovudforfattar på studien, i ei pressemelding. Resultata vart nyleg publiserte i Science.

Truleg mindre matfisk

Salvatteci og forskarteamet seier at tilhøva i havet og fiskesamfunna utanfor Peru-kysten nærmar seg slik det var i førre mellom-istid.

Det kan i så fall bety at den globale tilgangen på matfisk står i fare for å gå ned. Dette kjem i tillegg til trugselen frå overfisking.

– Ekstra press frå fisking kan også påverke storleiken på fisken og fiskesamfunna, så det har vore vanskeleg å seie om det var at klimaet vart varmare som påverka fiskestorleiken, eller press frå fisking. Men under førre mellom-istid var ikkje dette presset frå fisking, seier Arnaud Bertrand, som er del av forskarteamet, til Mongabay.

Humboldtstraumen står i dag for kring 15 prosent av fiske på verdsbasis, fordi det er så mykje av den peruanske ansjosen der. Arten vert kalla den mest utnytta fiskearten i verdshistorien, av IUCN (Verdas naturvernunion).

Påvirkar utviklingsland

Ifølgje Eurasia Review, uttalar forskar Moriaki Yasuhara, frå School of Biological Sciences ved Universitet i Hong Kong, og Curtis Deutsch, professor i geovitskap ved the High Meadows Environmental Institute på Princeton Universitet, at:

«Funna til Salvatteci og teamet er det siste tillegget til veksande bevis for at ei varmare framtid vil endre økologiske samfunn i tropiske hav, som uforhaldsmessig påvirkar utviklingsland der ein er meir avhengig av fiske i småskala.»


Illustrasjonsfoto: Diane Picchiottino/Unsplash