Studenttelefonen har auka pågang – men mistar støtta i mars

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studietida skal vere ei tid for læring og å bli kjend med nye menneske. Dei siste to åra har derimot norske studentar for det meste vore åleine på hyblar og hatt undervisning heimanfrå, utan sosialt opplegg.

Difor blei Studenttelefonen oppretta i februar 2021, eit gratis tilbod for studentar som slit og treng nokon å snakke med. Sidan oppstarten i fjor har pågangen auka, og i dag ringjer om lag 25 studentar kvar dag, skriv NRK Rogaland. Talet er aukande.

– Det er fleire som synest det er enklast å ta kontakt med eit anonymt tilbod, der dei kan få ut frustrasjonen sin til nokon dei ikkje kjenner, seier prosjektleiar Vidar Torbjørnsen til Nynorsk pressekontor.

Likevel har ikkje tilbodet fått fornya støtta til å halde fram drifta etter februar.

Jo lengre tid åleine – jo vanskelegare å kome ut igjen

Torbjørnsen fortel at det lenge har vore ønske om å etablere tenesta, men det var først då korona herja som verst vinteren 2020–2021, at det blei etablert eit tilbod.

– Der er også dei som har kome til studiet med bagasje i sekken frå før. Dei kjem ikkje frå vanlege liv og blir sittande mykje åleine. Då byrjar tankane å gå, og vi ser at depresjonar og eteforstyrringar blir forsterka.

Prosjektleiar Vidar Torbjørnsen ved Studenttelefonen trur og håpar på midlar til vidare drift etter februar. Foto: Marie Edholm Andresen / Telemarksavisa

Fleire studentar sat einsame på hybelen og trong nokon å prate med. Oftast er det mellom klokka 20 og 02 studentane ringjer.

– Det kan vere eit tidspunkt då dei er ferdige med dagens gjeremål, og er på hybelen og kjenner det er mørkt. Både det sosiale livet på studiet og utanfor er nedstengt. Då kjenner ein fort ei einsemd.

– Vår jobb er å oppmuntre dei så godt vi kan. Vi er ikkje behandlarar, men i tillegg til å vere eit lågterskeltilbod for samtale skal vi vere pådrivar for å få dei som har det vanskeleg, til å oppsøkje hjelp.

Nye midlar – men ikkje til Studenttelefonen

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Mental Helse Hjelpetelefonen og helsepersonell ved Studentsamskipnaden i Agder (SiA), Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) og Kompetansesenter rus – region sør (KoRus Sør). I tillegg til at studentane kan ringe, er det også ein chatfunksjon.

Midlane til Mental helses studenttelefon kom gjennom krisepakken til studentane, skreiv Dagsavisen i fjor. Det var også Dagsavisen som først omtalte at tenesta stod utan midlar etter februar 2022.

Helse- og omsorgsdepartementet uttalte då at dei tiltaka var mellombelse kompensasjonar for negative konsekvensar av strenge smitteverntiltak. Trass i at midlane til tenesta ikkje er foreslått førte vidare, var det sett av pengar i statsbudsjettet til andre tenester som Mental helse driv. Organisasjonen fekk 27,5 millionar til drift av hjelpetelefonen, som departementet peikar på er open for alle, også studentar.

27,5 millionar er den same summen Mental helse fekk til drift av hjelpetelefonen året før, ifølgje Dagsavisen.

Illustrasjon: Oda By

Store etterverknader

Den noverande støtta frå Helse- og omsorgsdepartementet kan halde liv i tilbodet ut februar. Vidar Thorbjørnsen trur og håpar den store pågangen viser at der er grunnlag for at Studenttelefonen får fornya midlar og drift.

– Sjølv om ting vil opne opp og gå tilbake til noko meir normalt, har pandemien gitt store etterverknadar. Det kjem ikkje til å vere så enkelt som å opne opp og så er alt bra igjen. Fleire studentar kjem til å trenge tilpassingstid. Jo lengre det går mellom kvar gong ein er sosial med andre, jo vanskelegare blir det å kome seg ut igjen. Dei fleste blir låste i rutinane sine og føler det er vanskeleg å kome ut.

– Dette fortener studentane. Dei som gir studentane behandling, har også uttalt at dei føler seg tryggare når dei kan låse døra på kontoret klokka 16 og vite at studentane har nokon å ringe på kvelden.

– Viktig tilbod

Sandra Bruflot (H) sit i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget meiner det er skuffande at Støre-regjeringa droppar Studenttelefonen.

– Vi veit mange studentar føler seg einsame frå før, og at det har blitt forsterka av koronapandemien. For Høgre har det vore viktig å styrke laget rundt studentane under heile pandemien, og då er lågterskeltilbod som Studenttelefonen viktig.

Sandra Bruflot (H) i Helse- og omsorgskomiteen meiner det er dårleg å kutte eit tilbod som Studenttelefonen. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Ho seier Studenttelefonen blei oppretta av Høgre i regjering med ekstraordinære koronamidlar, men at vi framleis lever i ein pandemi med strenge tiltak, bestemt av Støre-regjeringa. Det gjer at mange studentar framleis har digitale opplegg, og studentkvardagen deira er langt frå det normale.

At Studenttelefonen hadde auke i kontaktane i førre semester, viser at det framleis er behov for tilbodet, meiner Bruflot.

– Eg synest det er dårleg av regjeringa å kutte eit lågterskeltilbod som studentane treng. Vi veit at mange studentar kjenner seg einsame, usikre og stressa – og at dei er ekstra utsette for psykisk vanhelse, uavhengig av pandemien.

Nynorsk pressekontor har teke kontakt med Helse- og omsorgsdepartementet, men ikkje fått kommentar om vidareføring av midlar til Studenttelefonen.


Irene Kingwsick, generalsekretær i ROS fortvilar over at det nyopna senteret i Tromsø no ser ut til å måtta leggast ned. FOTO: ROS