«Korleis sørgjer regjeringa for at dei som ikkje har det bra, blir fanga opp og får hjelp?»

Ingebjørg Blindheim
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

De seier mykje, ved at de seier så lite, Kjerkol og Støre.

Heilt sidan starten av pandemien har eg og fleire andre som brenn for psykisk helse, og jobbar tett på dei som har det vanskeleg, åtvara mot konsekvensane det vil ha for den psykiske helsa dersom det ikkje vert sett inn tiltak for å førebygge, og for å hjelpe dei der det allereie har gått gale.

Folk mistar jobbane sine, mistar familiemedlem, sit på heimekontor i vonde situasjonar. For det er ikkje gitt at alle har det like bra som oss, og at alle har det trygt heime – korkje barn eller vaksne.

Kva gjer regjeringa for dei?

Korleis sørgjer regjeringa for at dei som ikkje har det bra, blir fanga opp og får hjelp?

Korleis kan de tillate at unge og gamle døyr av rus, eteforstyrringar, sjølvmord og meir, når det kunne vore unngått?

De påpeikar kor alvorleg dette er, kor trist det er å skulle sette inn desse tiltaka, men likevel sørgjer de ikkje for at det er eit godt nok hjelpesystem til å ta imot reaksjonane og konsekvansene for den psykiske helsa.

Helsevesenet har sprengt kapasitet, og då seier det seg sjølv at om det fysiske helsevesenet slit, gjer i allefall det psykiske helsevesenet det også.

Men det er gløymt. Det er nedprioritert.

Framleis sit eldsjeler søvnlause og prøver å hjelpe dei som når botnen, utan å eigentleg kunne garantere dei at det finst noko hjelp. Eller god nok hjelp.

Det einaste eg føler eg kan gjere no er å vise omsorg, støtte og prøve å ringe rundt for å finne hjelp, noko som er vanskelieg.

Ein 19 år gamal person sa til meg: «Skal vi få hjelp i disse tider, må ein jo skade andre. Det held ikkje lengre å skade seg sjølv. Det held aldri å seie ifrå».

Tenk litt over den setninga der.

Er det verkeleg sånn vi vil dagens helsevesen skal vere?

Det vert snakka mykje om førebygging, men kor er ho?

Det vert sagt at det manglar fagfolk, likevel vert støtta til frivilligheita kutta, og det er tilnærma umogleg å kome inn på studium om ein ikkje har rette scoren, sjølv om ein er meir enn eigna til jobben.

Kvifor seie at ein skal søke hjelp og oppsøke hjelpetelefonar og chattar, om dei ikkje får midlar til å eksistere?

Eg er forkjempar for å snakke fram det psykiske helsevesenet, og løfte det. For det finst så mange bra helsearbeidarar der ute som vil, som kjempar, og som kan gi god hjelp, men de, regjeringa, stoppar dei frå å kunne gjere det.

Det er ikkje nok behandlarar med tanke på kor mange som faktisk treng psykisk helsehjelp, og det er stor manko på døgnplassar.

No, med ny regjering, har eg fått eit nytt håp om at kanskje det er dei som slit psykisk sin tur til å bli sett.

Så langt har de skuffa, men det er endå tidleg, og eg håpar de snur.

Eg håpar de gjer som den førre regjeringa gjorde: kallar inn til eit møte over internett med menneska som kjenner dette på kroppen, til dømes Mental Helse, Helsesista, Leve og Ung leve, Mental Helse Ungdom, Rådet for psykisk helse og fleire, som eg veit har kloke meiningar og forslag til kva som kan og bør gjerast – og at de lyttar. Sånn på ekte.

Sånn lytting med hjarte som fører til tiltak.

Vi har ikkje fleire å miste.

Eg er lei av å sjå dei eg bryr meg om visne vekk, isolere seg, og døy fordi dei ikkje får god nok hjelp.