26 klimafilmar å sjå etter Don’t Look Up

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor er ikkje folk livredde? Kva må me seie? Kva må me gjere?

Orda kjem frå Dr. Randall Mindy i den store Hollywood-filmen Don’t Look Up, frå Netflix. Han handlar ikkje om klimakrisa direkte, men viser korleis klimaforskarar, klimaaktivistar og andre sin kvardag kan sjå ut i møte med fornekting. Filmen blei sett over 100 millionar timar veka etter han vart publisert. Truleg er det ein av dei mest sette klimainspirerte filmane sidan The Day After Tomorrow (2004).

Kanskje har du også alt sett han, og ynskjer fleire filmtips som handlar om klima- og naturkrisa?

Her kjem 26 tips:

1. En ubehagelig oppfølger (2017)

Klimakrisa og løysingane: Oppfølgaren til En ubehagelig sannhet (An inconvenient truth), som kom i 2006, opna augo til folk over heile verda for at klimaendringane faktisk skjedde. I dokumentaren følgjer me tidlegare visepresident i USA, Al Gore, som reiser rundt og prøver å opplyse folk om klimaendringane. Det er ikkje ein veldig spennande film, men framstår meir som ei slags Powerpoint-forelesing med klipp frå han som reiser rundt, men for mange var dette første gong ein ordentleg fekk presentert dei ulike modellande, teoriane og grafane som viste at klimaendringane var reelle.

I 2017 kom oppfølgaren: En ubehagelig oppfølger. Her ser Al Gore på endringane i løpet av dei ti åra som har gått. Korleis ny teknologi blir laga for å møte krisa, at verdas land stort sett er samde om at klimaendringane skjer og er menneskeskapte, og om å få ned utsleppa dramatisk.

Du kan sjå begge på Viaplay eller SFanytime.com.

2. Being the Change: A New Kind of Climate Documentary (2018)

Berekraftig liv: Dokumentaren er basert på boka Being the Change: Live Well and Spark a Climate Revolution. Her blir me med inn i livet til klimaforskar Peter Kalmus, som kutta sitt karbonavtrykk til ein tiandedel av det ein gjennomsnittleg amerikanar har.

Ein inspirerande og oppløftande film, med bodskap om at alle kan endre tankesett, endre handlingar og kanskje leve lukkelegare.

3. Merchants Of Doubt (2014)

Propaganda: I 2010 kom boka Merchants of Doubt: How a Handful of Scientists Obscured the Truth on Issues from Tobacco Smoke to Global Warming, og i 2014 vart det gjort til film.

I filmen følgjer dei måten forskarar har blitt tilbakevist og motangripne, heilt sidan tobakkindustrien. Korleis ein har brukt skodespelarar til å spele forskarar og samarbeidd med politiske tenketankar og medium for å tilbakevise og så tvil i spørsmål og resultat frå vitskapen. I dag vert slike taktikkar brukt for å senke effektiviteten i nye klimapolitiske vedtak.

Du kan leige denne på SF eller iTunes/AppleTV.

4. A Life on Our Planet (2020)

Natur og dyreliv: David Attenborough har laga natur- og dyreprogram i over 50 år for den britiske statskanalen BBC. I denne filmen oppsummerer 95-åringen korleis det biologiske mangfaldet har blitt forverra gjennom hans levetid.

Filmen har fått noko kritikk for å ikkje få fram at ikkje alle menneske er like ansvarlege for å ha utnytta planeten.

Du kan sjå han på Netflix og halvulovleg på Youtube.

5. Chasing Ice (2012)

Natur: I denne filmen ser me korleis isen på arktis smeltar, gjennom fotograf James Balog sine augo. Han starta skeptisk til om klimaendringane var ekte, men gjennom denne opplevinga finn han udiskutable bevis på global oppvarming.

Han brukar ny teknologi for å ta timelapse-bilete over fleire år av isbreane i verda som viser dei store endringane, på kort tid.

Du kan leige han på iTunes.

6. Chasing Coral (2017)

Natur: Dykkarar, forskarar og fotografar over heile verda set i gang ein storstilt undervasskampanje for å dokumentere korleis korallreva er i ferd med å forsvinne. Det er same regissør som i Chasing Ice, Jeff Orlowski, som står bak filmen. Dokumentaren viser korleis korallrev bleiknar og korleis dette er påverka av menneske.

Du kan sjå han på Netflix eller på Netflix sin Youtube-kanal.

7. The Minimalists: Less Is Now (2021)

Forbrukarsamfunn: Tittelen er inspirert av det populære uttrykket Less i more, gjort kjend av arkitekt Ludwig Mies van der Rohe som brukte det for å skildra sin stil: å bygge hus slik at dei gav inntrykk av ekstrem enkelheit. Filmtittelen spinn vidare på dette med ein meir akutt vri på dagens forbrukarsamfunn: Tida for mindre, er no.

PS: Om du vil sjå meir minimalisme, kva med dokumentarfilmen: Minimalisme? Du kan sjå han på Netflix.

Du kan sjå han på Netflix.

8. River Blue (2017)

Klesindustri: Ein dokumentarfilm der me følgjer padlar og elvevernar Mark Angelo i tre år på reise over heile verda. Han viser korleis den globale motebransjen øydelegg drikkevatn og natur.

9. 2040 (2019)

Framtidshåp og teknologi: 2040 er ein litt meir optimistisk film. Dokumentaren ser på kva som kan gjerast for å takle klimakrisa, særleg teknologiske framsteg som kan reversere prosessen innan 2040. Ramma rundt filmen er at regissør Damon Gameau vil finne ut korleis verda til hans no fire år gamle dotter, kan sjå ut når ho er 21 år i 2040.

Du kan leige han på AppleTV eller på BIFF.

10. The True Cost (2015)

Klesindustri: Ein dokumentarfilm med fokus på fast fashion. Produksjon, korleis industrien utnyttar lågtlønna i utviklingsland, men også konsekvensane som elve- og jordforureining, forureining frå sprøytemiddel, sjukdom og død. I tillegg ser filmen på kva rolle forbrukarsamfunnet og kapitalismen speler i alt dette. Her er det intervju med miljøvernarar, klesarbeidarar, fabrikkeigarar og folk som prøver å lage meir berekraftige klede.

Du kan kjøpe han på The True Cost si eiga heimeside,Amazon eller sjå han på Youtube.

11. Breaking boundaries (2021)

Natur: Denne dokumentaren viser korleis klima og naturøydeleggingar heng saman. Forskar Johan Rockstrom fra Stockholm Resilience og David Attenborough er hovudpersonane i filmen, som tek oss med på reisa der me ser korleis menneskeleg aktivitet har øydelagt mykje av dei naturlege økosystema og kor vippepunktet går om me skal klare å redde dette.

Du kan sjå han på Netflix.

12. Cowspiracy: The Sustainability Secret (2014)

Animalsk matindustri: I denne filmen får me sjå konsekvensane av dyrelandbruk, som avskoging, vassforureining og matjorderosjon. Kjøttindustrien står for over 60 prosent av utsleppa frå matproduksjon.

Filmen har fått kritikk for å vera utydeleg med kjelder og vel konspiratorisk i tonen, men ingenting stort frå filmen har blitt avkrefta.

Du kan sjå han på Netflix.

13. Seaspiracy (2021)

Fiske: I same vending kan me nemne Seaspiracy. Filmen viser korleis storfiske påverkar miljøet. Men ver obs: Filmen fekk svært fort kritikk også frå dei som er intervjua i dokumentaren. Fleire har sagt at sitata vart tekne ut av kontekst, medan forskarar sa filmen hadde fleire overdrivingar og beint fram reine faktafeil. 

Du kan sjå han på Netflix.

14. No Impact Man (2019)

Karbonavtrykk: Om du ser etter litt inspirasjon, er denne fin. Colin Beaven frå USA er forfattar og bloggar, og i dokumentaren følgjer me hans eitt år lange eksperiment for å redusere karbonavtrykket sitt drastisk.

Du kan leige han på Amazon og sjå han på Youtube.

15. Just Eat it! A Food Waste Story (2019)

Matsvinn: I denne dokumentaren følgjer med det canadiske paret Grant Baldwin og Jen Rustemeyer i forsøket på å leve berre på mat som har blitt kasta, i løpet av seks månadar. Dei går mellom anna gjennom samfunnet sitt syn på utløpsdato, at maten må sjå fin ut og ha rett storleik, og får deg kanskje til å tenke deg om ein ekstra gong før du kastar mat.

Du kan leige han på Amazon eller sjå han på Hulu.

16. Extinction: The Facts (2020)

Dyreliv: David Attenborough fortel om korleis menneske har forrårsaka den sjette masseutryddinga, gjennom avskoging, overfiske, krypskyting og klimakrisa. Over ein million dyreartar står i fare for å bli utrydda, og fortel om konsekvensane av tapt biologisk mangfald. Han ser også på ulike løysingar for å unngå det enorme tapet av biologisk mangfald.

Filmen har fått kritikk for at påstanden om at isbjørn kan vere på veg mot å bli utrydda innan 2030 og at tap av biologisk mangfald er årsak til nye epidemiar ikkje stemmer.

Du kan leige han på Dailymotion, leige han på iTunes eller Amazon Prime.

17. Cathing The Sun (2015)

Solenergi: I denne dokumentaren møter me arbeidarar og gründerar i USA, Tyskland og Kina, som fortel om det globale kappløpet for å bli leiande på rein energi i framtida.

Du kan sjå han på Youtube eller leige han på Amazon.

18. Virunga (2014)

Biologisk mangfald på spel: Denne dokumentaren tek plass i Virunga nationalpark, aust i Kongo. Dette er ein av dei plassane med mest biologisk mangfald i verda, og heimen til dei siste fjell-gorillaane i verda. Skogvoktarar prøver så godt dei kan å verne staden og dyra mot væpna millitsar, krypskyttarar og andre som vil ta kontrollen over dei rike naturressursane.

Du kan sjå han på Netflix.

19. Before the flood (2016)

Eit samarbeid mellom skodespelar Leonardo DiCaprio og National Geographic. DiCaprio reiser verda rundt for å vise korleis folk blir påverka av klimaendringane, gjennom avskoging, stigande havnivå og anna menneskeleg aktivitet. Han møter politikarar og oppdagar desinformasjonskampanjar som prøver å gjere det uklart for folk kor presserande klimakrisa er.

Du kan sjå han på Youtube og Watchdocumentaries, eller leige han på iTunes, Amazon Prime, GooglePlay, Viaplay, Disney+ og SF.  

20. Ice on fire (2019)

Karbonfangst: Leonardo DiCaprio har forteljarstemma i denne dokumentaren. Her ser ein på korleis verda er på veg mot vippepunkt som blir umoglege å snu, men også korleis ein kan snu det mellom anna med hjelp av karbonfangst og ny teknologi.

Obs: Filmen har fått kritikk for å vere for teknologioptimistisk og setje alle kort på karbonfangst, og dimed også spele ned behovet for å redusere karbonutsleppa.

Denne kan du sjå på Youtube (halvulovleg med spansk tekst), på HBO, leige han på Amazon Prime eller iTunes.

21. Thank you for the rain (2017)

Ekstremvêr: Dokumentarfilmen Thank You For The Rain følgjer den kenyanske småbonden Kisilu Musya og familien hans over fleire år. Han har bestemt seg for å filme og dokumentere familien og landsbyen og korleis klimaendringane påverkar begge delar. Han er avhengig av regnet for å kunne dyrke og skaffe mat. Når regnet endeleg kjem, vert det storm og flaum og huset hans vert øydelagt. Han startar ei lokal rørsle for å få fram konsekvensane av ekstremvêret, og endar opp på klimatoppmøtet i Paris i 2015.

Du kan leige han på filmen si heimeside, sjå han på NDLA, på Aftenposten eller leige han på BIFF.

22. Det store vesle livet på gården (2018)

Biologisk mangfald: John og Molly flyttar frå Los Angeles og ut på landet for å drive eit økologisk småbruk. Men snart oppdagar dei at jordbruk i pakt med naturen ikkje er så enkelt. Filmen følgjer dei i nesten ti år.

Du kan sjå han på NRK fram til 30.11.22, eller på Hulu, Amazon, eller kjøpe han på Viaplay eller GooglePlay.

23. This changes everything (2015)

Nytt økonomisk system: Denne filmen er basert på boka med same namn, og tek for seg tanken om at å møte klimakrisa også kan gi høve til å gjere om vårt økonomiske system. Filmen fokuserer på sju plassar rundt om i verda, der folk gjer forsøk på å starte desse endringane. Frå dei som har kome gjennom stormen Sandy i New York, til antibore-protestar i Hellas og urinvånarar som protesterer mot oljesand i Alberta, mellom anna.

Du kan leige han på iTunes eller Amazon.

24. Racing Extinction (2015)

Dyreliv: Dokumentaren viser korleis menneskeleg aktivitet er ansvarleg for tapet av nesten halvparten av artane i verda. Gjennom eksperiment, fotografering og samanlikningar ser ein på før og etter og ei gruppe øko-aktivistar kastar lys på hav som blir surare, høgare temperaturar og Co2-utslepp.

Du kan sjå han på Discovery+, leige han på Amazon.

25. The Human Element (2019)

Natur og ekstremvêr: Fotograf James Balog dokumenterer korleis dei fire elementa luft, jord, vatn og ild blir påverka av det femte elementet: menneskeleg aktivitet. Dokumentaren viser korleis global oppvarming har bidrege til skogbrannar og stormar.

Du kan leige han på iTunes/AppleTV, og på Amazon.

26. I am Greta (2020)

Ung klimaaktivist: I denne dokumentaren følgjer me 18 år gamle Greta Thunberg, som har blitt ein av verdsleiarane i den unge generasjonen når det kjem til klimakamp. Her følgjer me henne frå den spede starten då ho sat utanfor Riksdagen åleine og protesterte, til ho seilte til USA og klimatoppmøtet i New York i 2019 for å delta der.

Du kan sjå han på NRK til 24.12.23, leige han på Amazon Prime, iTunes, GooglePlay, Hulu og fleire stader.