Don’t Look Up: Sjå opp, for klimamyter!

Katherine Duarte
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Romjulas store snakkis på sosiale medium har vore Netflix-filmen Dont’t look up.

Med eit stjernespekka skodespelarensemble i hovudrollene, med blant anna Leonardo DiCaprio, Jennifer Lawrence, Meryl Streep og fleire, var det mange som hadde store forventingar til filmen. Trass i dette, har filmen fått blanda respons blant filmkritikarar.

Plottblottar: Dette er ein satirefilm som handlar om ein meteor som kjem til å treffe jordkloden og utslette heile menneskeslekta.

Eg skal ikkje røpe altfor mykje, men det høyrer med til historia at forskarane ikkje blir lytta til, og det går mildt sagt ille med planeten vår…

Eg, som mange andre forskarar, likar filmen. Bodskapen er alvorleg, og filmen blir presentert som ein mockumentary som både skal få oss til å lese og kanskje sjå det tragikomiske som skjer når ein ikkje lyttar til fortvilte forskarar.

Eg vil trekke fram desse viktige hovudpoenga frå filmen som kan oppsummerast i fem klimamyter som eg meiner oppsummerer forskingsformidlinga og frustrasjonen til klimaforskarar veldig godt:

1. Vi kan ikkje handle før vi er 100 % sikre!

I eit av dei mest hårreisande sitata frå det ovale kontor (og det er det mange av i filmen) seier den amerikanske presidenten Orlean (spelt av Meryl Streep) at «Vi avventar og ser» når forskarane fortvila forklarar sakas alvor.

Ho meiner at sidan forskarar ikkje er 100 prosent sikre på at meteoren kjem til å treffe jorda, men 99,6 prosent sikre, så er det betre at dei seier 70 prosent for å ikkje skremme befolkninga. Så lenge forskarane ikkje er 100 prosent sikre er det ikkje vits å trekke forhasta konklusjonar, meiner ho. 

Nøyaktig slik har forskarane hatt det i alle år.

Trass i at dei siste klimarapportane frå IPCC konkluderer med at det er «utvetydig» at menneskeskapte klimaendringar skjer, er det framleis skeptikarar og klimafornektarar som meiner at dette gir grunn til å tvile på heile den vitenskapelege konsensusen og forskingsgrunnlaget.

Fleire uavhengige metastudiar viser at forskarar er opp mot 99 prosent sikre på at klimaendringar er menneskeskapte. Problemet ligg i at forskarar aldri vil seie at noko er «100 prosent sikkert». Det er også ein av styrkane til vitskapen, som kan kritiserast, vurderast og revurderast av fagfeller og forskarkollegaar.

2. Vi orkar ikkje å høyre på pessimistiske bodskap!

Tittelen «Don’t look up» er ein metafor for å stikke hovudet i sanden.

Dette er ganske kjent i klimapsykologien. Fordi faktaa er både skremmande og gir klimaangst, er det beste å berre late som ingenting, stikke hovudet i sanden og håpe at alt «vil blåse over».

News flash: klimakrisa forsvinn ikkje sjølv om vi ikkje tør å sjå på fakta, slik som dei som nektar for fakta i filmen og som lagar motkampanjen: «ikkje sjå opp» på himmelen.

Forskarar som talar sakas alvor og brukar store ord og emosjonelle retoriske grep blir kalla hysteriske og mistar truverdet. Forskarar er forventa å vere nøytrale og ikkje bli aktivistar.

Vi vel heller å kose oss med kjendisnyheiter og forskarane får beskjed om å ikkje formidle bodskapen på ein «trist og pessimistisk» måte. 

Trass i meir mer kunnskap, held vi fram som før.

Det er dette som blir kalla for «informasjonsknappheitsmodellen» (information deficit model).

Informasjonsknappheitsmodellen går ut på at menneske er tomme kar som skal fyllast med informasjon. Jo meir kunnskap, desto mindre skepsis mot forsking- og forskingsresultat.

Men vi veit allereie at dette er langt frå røynda med klimakrisa. Tvert i mot viser forsking at meir kunnskap og informasjon om klimaendringar kan virke mot si hensikt og hindre haldningsendring. 

3. Teknologien vil redde oss

I filmen blir ein sikker metode for å avleie meteoren avskriven, til fordel for ein ny, eksperimentell og ikkje-testa metode.

Teknologioptimisme er ei kjent sak – vi kan berre sitje stille i båten, fordi vi kjem til å utvikle ein teknologi som kan redde oss.

Slik som i filmen kan vi oppleve at det er for seint å vente til slike teknologiske nyvinningar kjem.

4. Økonomiske interesser må gå framfor tilpasning

«Kva er vitsen med å vere rik, om vi uansett skal døy?», seier dei i filmen.

Kritikarane av dyre klimatiltak meiner at det kostar for mykje å gjere tiltak og tilpasningar før vi er heilt sikre på kva konsekvensane og effektane av klimaendringar blir.

Desse skeptikarane trur at å ikkje gjere noko, er billigare enn å gjere føre-var-tiltak.

Diverre ser ein gang på gang at ekstremvêr, flaumar, stormar og skogbrannar kostar samfunnet mykje meir enn å setje i gang klimatiltak og tilpasningar.

5. Vi må vere lojale til vår politiske og religiøse tilhøyrsle

I filmen ser vi at dei mest hardbarka skeptikarar trur på motkampanjen heilt til meteoren omtrent smell i bakken.

Først når dei ser den med eigne auge endrar dei meining. Mange, kanskje spesielt i eit polarisert samfunn som USA, tør ikkje å ta eigne standpunkt i lojalitet til eit politisk parti, eller trussamfunn.

Heldigvis er det mogleg å både gjere sine eigne vurderingar og vere kritisk til informasjonen ein får servert.

Kjeldekritikk er alfa omega, og første viktige steg i å motarbeide desse klimamytene.


Kjelder: