Det skriv Sogn Avis.
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, sit ikkje i arbeidsprogramnemnda, men synest forslaget er gledeleg.

– Eg tykkjer det er eit spenstig og godt forslag. Det er heilt rimeleg at ein kongefamilie som hevdar å vera for heile landet tek i bruk heile det norske språket, seier Lofnes Hauge til Sogn Avis.
– Så kan ein meina kva ein vil om monarkiet, men kongehuset er offentlege personar. Det dei seier betyr noko for folk. Det er viktig at dei viser at dei er til både for folk som bur i Norge, og dei som bur i Noreg, seier han.
Forslaget blir sendt til mållaget på høyring. Arbeidsprogrammet skal vedtakast på landsmøtet i april 2022.
- Skal tru om forslaget er inspirert av siste bok i Vassbygda-trilogien, der kongen byrjar å snakke nynorsk? Les meldinga av «Gamle menn i syningom» her!
