SV blir skulda for oljefallitt

SV og regjeringspartia set oljekonfliktane på vent i budsjettsemja. MDG og Venstre er skuffa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I opptakten til budsjettforhandlingane gjekk SV-leiar Audun Lysbakken høgt på bana.

Han varsla omkamp om krav som SV ikkje fekk gjennomslag for i dei mislykka regjeringssonderingane i Hurdal, og han gjorde det klart at SV ville bruke budsjettsamtalane til å binde Arbeidarpartiet og Senterpartiet til venstresida òg i saker som normalt ligg utanfor budsjettet – med oljepolitikk som det kanskje fremste dømet.

Men fasit i budsjettsemja er at konfliktane om olje og gass i stor grad blir skovne fram i tid:

  • SV har fått gjennomslag for at det ikkje skal kunngjerast nokon ordinær konsesjonsrunde i 2022. Dermed blir spørsmålet om ein 26. konsesjonsrunde sett på vent. Men avtalen seier ikkje noko om kva som skal skje på sikt.
  • I tillegg går dei to regjeringspartia Ap og Sp med på å greie ut SVs forslag om å innføre ei omstillingsavgift på olje og gass. Dette skal inngå i ei større utgreiing av ein klimaavtale med petroleumsbransjen der det skal setjast eit utsleppstak for sektoren. Men avtalen betyr inga hard forplikting til at avgifta faktisk skal innførast.

Det som likevel er klart, er at CO2-avgifta skal aukast med 28 prosent på sokkelen.

Saknar svar om oljeleiting

Kirstoffer Robin Haug (MDG) er vararepresentant for Une Bastholm på Stortinget, medan ho er i permisjon. Foto: Stortinget

MDGs Kristoffer Robin Haug er skuffa. Han fryktar at 26. konsesjonsrunde kanskje berre blir utsett i nokre månader.

– Det er noko heilt anna enn den store omlegginga av norsk økonomi som vi treng, seier Haug til NTB.

Samtidig seier budsjettavtalen ingenting om dei viktige TFO-rundane.

– Heile 523 av dei 545 lisensane som har vorte delte ut dei siste åtte åra, har vore i førehandsdefinerte område. Dei blir ikkje i det heile rørte med denne budsjettsemja, fastslår Haug.

– Vi meiner dette er omtrent det same å seie full gass på norsk sokkel framover.

Venstre-leiar Guri Melby deler bekymringa. Ho meiner det er positivt at 26. konsesjonsrunde blir sett på vent.

– Men eg fryktar at det berre er ei utsetjing og ikkje ei reell endring, seier Melby til NTB.

To typar konsesjonsrundar

Hjå Framstegspartiet har bekymringa motsett forteikn.

– Det er første steg mot ei avvikling, seier Frps finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi til NTB.

Hans Andreas Limi er finanspolitisk talsperson for Framstegspartiet. Foto: Stortinget/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Han meiner ein stans i dei nummererte konsesjonsrundane kan få alvorlege konsekvensar for verksemda på sokkelen.

– Det kan bety redusert verdiskaping, og det kan true alle dei tusen arbeidsplassane vi har innanfor den næringa.

Bakteppet er at det i oljeforvaltninga i Noreg blir skilt mellom to former for konsesjonsrundar: nummererte rundar og TFO-rundar.

Nummererte konsesjonsrundar har vorte gjennomførte sidan 1965. I desse rundane blir umodne delar av sokkelen der uvissa er større granska, men der det samtidig er mogleg å gjere store funn. Den 25. konsesjonsrunden vart fullført i juni, medan arbeidet med ein eventuell 26. runde enno ikkje er sett i gang.

TFO-rundane fokuserer derimot på modne delar av sokkelen. Desse rundane blir haldne årleg.

I valkampen gjekk Raudt, SV, MDG og Venstre alle til val på full leitestans. KrF gjekk inn for å stanse dei nummererte rundane, men ikkje TFO-rundane.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har derimot hatt som mantra at dei skal «utvikle, ikkje avvikle» petroleumsnæringa.

SV ventar nye slag

Lysbakken innrømmer at oljepunkta i budsjettavtalen ikkje bind Arbeidarpartiet og Senterpartiet på sikt.

– Dei er veldig forpliktande for 2022, og det er jo 2022 dette budsjettet gjeld for. Så blir det opp til SV å sørgje for at det held sånn fram med å vere, seier han.

SV-leiar Audun Lysbakken peikar på at det er betydeleg usemje mellom SV og regjeringa innan klima- og oljepolitikken. Foto: Svein Olav B. Langåker

SV-leiaren trur likevel at også utgreiingar har noko for seg fordi SVs politikk på den måten kan bli meir gjennomførbar seinare.

Og kampen er ikkje over:

– Klima og oljepolitikk er område der det er betydeleg usemje mellom regjeringa og SV, seier Lysbakken.

– Så vi er sjølvsagt ikkje ferdige med å diskutere det.


Foto: Tingey Injury Law Firm, Matt Palmer, Patrick Hendry, William Bossem/Unsplash.com, kollasj Framtida.no