Villaksen raudlista: – Ufatteleg trist at me som er yngre skal oppleva dette

Gabriel Eskeland (17) og Alexander Høyland (17) synest det er trist at unge laksefiskarar skal oppleva at laksen blir ein raudlista og nær trua art. Dei etterlyser fleire tiltak.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.11.2021 20:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på vaksne laks som kjem tilbake frå havet kvart år er redusert med 51 prosent frå 1983 til 2019. Det er den viktigaste grunnen til at Artsdatabanken no har bestemt å føra opp laksen på raudlista som «nær truga».

– Eg håpar på ein sunn laksebestand, slik at me kan fiska i mange tiår til. No er det ikkje mange elvar med ein god bestand, seier Alexander Høyland (17) som er aktiv hobbyfiskar.

Alexander Høyland (17) synest det er bra å få laksen på raudlista, så han blir verna betre. Foto: Privat

– Trist at me som er yngre skal oppleva dette

Kamerat og laksfluencarInstagram, Gabriel Eskeland (17) har vore laksefiskar sidan han var 10 år.

– Eg synest det er ufatteleg trist at me som er yngre skal oppleva dette, seier han på telefon til Framtida.no.

Gjennom Instagram har han kontakt med mange, og har høyrt om kor godt fiske det kunne vera tidlegare. I 2001 blei det tatt 572 tonn laks i norske elvar, medan det i 2020 blei tatt 313 tonn.

Mange truslar

Dei største truslane mot laksen er lakselus og rømd oppdrettslaks som kryssar seg med villaks, ifølgje Artsdatabanken. Infeksjonar knytt til lakseoppdrett er òg ein stor trussel.

Dei andre store truslane mot laks er vasskraftregulering, andre fysiske inngrep, sur nedbør og den framande fiskearten pukkellaks. Desse blir likevel vurderte som mindre enn trusselen frå lakseoppdretten.

– Eg håpar det blir gjort noko med problema i oppdrettsanlegga. Både når det gjeld rømming og lakselus, seier Gabriel Eskeland.

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Leiar i Natur og Ungdom Therese Hugstmyr Woie seier ho synest det er trist å innrømma at ho ikkje er overraska over at laksen er kome på raudlista.

– Me i Natur og Ungdom har jobba i lang tid mot mange prosjektet som har gått ut over villaksen. Eg håpar dette er dyttet som gjer at ein legg meir vekt på villaksen, seier ho til Framtida.no på telefon.

– Håpar på snillare oppvekstområde

Regjeringa har nettopp fått rapportar frå ei styringsgruppe og ei ekspertgruppe om kva påverknad lakselus har hatt på villfisk i 2021.

Verst står det til i områda mellom Karmøy og Stad. Her er det rekna at meir enn 30 prosent av smolten (småfisk) døyr på veg ut i havet. Området mellom Sotra og Stadt har opplevd ein auke i talet på døde smolt. Sunnhordland og Hardanger er det området som har slite lengst.

Det er desse fjordane laksesmolten frå Etneelva vandrar gjennom på veg ut i havet for å veksa seg store. Det er i Etneelva Gabriel Eskeland og Aleksander Høyland fiskar mest.

Gabriel Eskeland (17) frå Etne har fiska etter laks frå han var 10 år gamal. Foto: Privat

– Eg håpar på snillare oppvekstområde for laksen. Rein fjord er viktig, seier Gabriel Eskeland.

Dei unge laksefiskarane forstår at oppdrettsnæringa er viktig for Noreg, men håpar det blir strengare krav og aller helst krav til lukka og landbaserte anlegg.

Krav om landbaserte anlegg

Nyleg vedtok den europeiske sportsfiskarorganisasjonen, European Anglers Alliance’s (EAA), ein resolusjon med krav om snarleg overgang til lukka anlegg for produksjon av laks innan 2030. Det er likt eit tilsvarande krav frå Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF).

Natur og Ungdom-leiaren er einig i at det må skje ein overgang til fleire lukka anlegg:

– Det viktigaste fiskeriministeren kan gjera er å seia nei til fleire opne anlegg, seier  Therese Hugstmyr Woie.

Ventar på trafikklys

Oppdrettsnæringa er delt inn i 13 produksjonsområde som blir styrte av ein såkalla trafikklyssystem. I 2022 skal fargane som regulerer oppdrettsnæringa bli justert av regjeringa. Fargane avgjer om det kan leggast ut nye konsesjonar eller om det vil blir restriksjonar på oppdrettsindustrien.

– Slik det har vore til no, så har ein håpt på at ny teknologi skal løysa problema med dei opne oppdrettsanlegga. Det er ein utruleg risikabel strategi, seier Therese Hugstmyr Woie.

Sjølv om fiskeentusiast Alexander Høyland synest det er trist det ikkje står betre til med laksebestanden, så synest han det er bra å få laksen på raudlista:

– Eg håpar det gjer at fleire blir klar over korleis det står til, og at han blir verna meir.


Les også: Klimaendringane truar ein stadig større del av plantar og dyr

Klimaendringar blir ein stadig større trussel for dyre- og planteartar, ifølgje raudlista for artar for 2021 frå Artsdatabanken. No er villaksen inne på lista. Foto: NINA