ANNONSE
ANNONSE
Framsida KULTUR Bokmelding: «Mitt klimaregnskap» – det beste våpenet i klimakampen

Bokmelding: «Mitt klimaregnskap» – det beste våpenet i klimakampen

Anja Bakken Riise. Foto: Christian Olstad

Bokmelding: «Mitt klimaregnskap» – det beste våpenet i klimakampen

Korleis kan me leva på ein berekraftig måte? Det ynskte Anja Bakken Riise å finna ut – resultatet blei boka «Mitt klimaregnskap».
mm
Mitt klimaregnskap
  • Forfattar: Anja Bakken Riise
  • Forlag: Res Publica
  • Utgitt: Hausten 2021
  • Sjanger: Sakprosa
LES FAKTALUKK FAKTA

Viss ein ynskjer eit berekraftig og miljøvenleg liv, korleis skal ein leva då? Dette valde Anja Bakken Riise – som er leiar for for Framtiden i våre hender – å finna ut av. Ho gav seg sjølv ei ramme på 2,5 tonn CO₂-utslepp per år. Og ho byrja å rekna om alt ho gjorde til CO₂-utslepp som ho førte inn i budsjettet sitt. Er det i det heile teke mogleg å leva på denne måten?

Ja, det går ann! I alle fall nesten. Det er mogleg å ta val som endrar avtrykket ditt. Det viser Bakken Riise i boka Mitt klimaregnskap.

Ei frigjerande bok

Boka er full av innsikt og lærdom. For det fyrste lærer me om konsekvensane av forbruket vårt – og ikkje minst kor skeivt fordelt det er. Medan ein gjennomsnittleg person i India har CO₂-utslepp per år på 2 tonn, har gjennomsnittsnordmannen utslepp på over 11 tonn.

Men viktigare er det at boka viser korleis me kan ta grep.

Ulike sider av forbruket vårt blir tekne for seg og sette inn i ein større samanheng. På slutten av kapitla får med konkrete tips til kva med kan gjera i våre eigne liv. Under temaet «Transport» er nokre av tipsa: «Ta tog på de lange reisene, og dropp flyreiser så langt det går.», «Velg mer av det mest miljøvennlige transportmiddelet vi har: sykkel!»  og «Om du først må kjøre, benytt elbil».

Ein kan sjølvsagt diskutera kor mykje ansvar enkeltinidvid har i møte med store verdsutfordringar som klima- og naturkrisa. Eg kan lett sjå føre meg at det finst folk som vil meina at denne boka er moraliserande eller eit forsøk på å påføra folk skam.

Eg meiner tvert imot. Mitt klimaregnskap er ei frigjerande bok!

Ein god ven

Viss ein aksepterer at vala og handlingane våre har konsekvensar utanfor oss sjølve (noko som boka tydeleggjer) vil det òg innebera at ein bør sørgja for desse konsekvensane ikkje er til skade for andre. Kvar og ein av oss har altså eit slags ansvar for eigne handlingar – at det finst nokon som ikkje bryr seg om dette er ei anna sak.

Verda er stor og komplisert. Det er ikkje alltid openbert kva som vil vera det beste valet. Her kan Mitt klimaregnskap vera ein god ven, ho er nemleg full av gode tommelfingerreglar. Me treng ikkje vera perfekte. Det ligg mykje fridom i denne erkjenninga.

Boka legg heller ikkje skjul på at det er mykje enkeltindivida ikkje kan ha kontroll over. Det offentlege står for store, store utslepp og eit høgt forbruk. Mykje er internasjonal storpolitikk. Meir enn å gjera individ ansvarlege for klimakrisa, så kjem dei hardaste skuldingane og krava mot politikken – nett der dei høyrer heime!

Mitt klimaregnskap er eit godt døme på opplysing og formidling av kunnskap. Og det er det beste våpenet i klimakampen.


Nellie Renate Krokstad er aktuell med boka Løvetannbarnet, om sin eigen oppvekst. Foto: Pål Laukli

LES OGSÅ

ANNONSE