Bokmelding: Terskel – Ei forteljing om å gje slepp

Viss du likar å vere fluge på veggen, og oppleve eit anna menneske sitt liv frå eit objektivt perspektiv, er dette ein perfekt roman for deg.

Herman August Søberg
Publisert

Helga Songøygard Battin har gjeve ut sin første roman etter debuten Rosehagtornen: nemleg Terskel. Dette er ei bok som handlar om å gje slepp på fortida, og å greie å gå vidare – men kor stor terskel er det for å leve eit normalt liv?

Må ein ha alt på stell, eller kan stellet kome medan ein går?

Terskel

Forfattar: Helga Songøygard Battin

Forlag: Samlaget

Sidetal: 263

Målform: Nynorsk

Utgjevingsår: 2025

Sjanger: Realisme

Kjerstin bestemmer seg for å ta hand om sitt eige liv og kjøper eit hus til seg og katten Bolleris. Men menneske har alltid stått i vegen, og krava deira forduftar ikkje. Anten det er mora som tiggar etter pengar, eller kjærasten som plutseleg flyttar inn, er det alltid nokon som vil ho noko.

Spørsmålet er berre om Kjerstin klarar å gripe tak i eit eller anna ho stolt kan kalle eit liv, eller om livet allereie har løpt av garde.

God på å skildre kvardagen

Battin har ei gåve i at ho klarar å beskrive ein naturleg og realistisk kvardag. Karakterane kjennest veldig normale og dei er ikkje utvalde eller spesielle på noko vis. Det kunne vore ein sjølv det handla om. Eg likar at Battin tør å skrive om dei som me må omgåast kvar dag, sjølv om det betyr at ho kanskje må ofre litt av spenninga.

Kjerstin går på jobb og på festar, koser med katten sin og unngår å snakke med dei fleste. Ho er dama du går forbi når du skal handle mat i daglegvarebutikken. Eg likar det. Det er forfriskande, for ein tenkjer på ein måte aldri over kva dama i daglegvarebutikken skal bortsett frå å handle. Det kjennest nytt sjølv om det kanskje er det mest grunnleggande.

Manglar hovudperson i hovudpersonen

Ein ting som gjer det kjedeleg å lese, er at hovudpersonen vår, Kjerstin, er frykteleg mystisk i handlingane sine. Me får ikkje vete så mykje om kven ho er som person, ei kva ho ønskjer seg i livet.

Viss me kunne høyre tankane hennar eller sett identitetsmarkørar i måten ho oppfører seg på, hadde det vore enklare å forstå. Me får vete litt om fortida hennar med mora, og får sjå samspelet deira spele ut i action, men det er hol som eg ikkje klarar å fylle inn sjølv.

«Eg held pusten, er redd eg har vekt Bjarg, at han skal komme ut og kjefte, slik mamma kjefta når eg ikkje var stille nok om morgonen etter ho hadde hatt ein sein og blaut kveld.»

Eg vil vete meir om dette. Om mora. Om frykta. Om vala ho tek. Å få sjå Kjerstin frå innsida og ikkje berre utvendig, hadde gjort dette så mykje gøyare å lese, trur eg. Eg vil ikkje at ho berre skal vere ei dame du går forbi, men heller ei dame du får bli kjend med.

Treig, men lett fordøyeleg

Litt overflødig blir det med side på side med handling som berre kjennest meiningslaus ut; kanskje fordi eg aldri får ein forbindelse med hovudpersonen. Og når det skjer noko interresant, forstår eg ofte ikkje kvifor det skjedde, og det tek på ein måte bort det interessante.

Eg synest at poenget står seg veldig fint utan mange av dei sidene som berre vert fyll. Med ei betre skildring av karakterane, hadde desse sidene kanskje kjentest viktigare.

Det at det ikkje er så komplekst er jo ein positiv ting òg. Det vert lettare å forstå litteraturen når han står heilt rett fram utan nokon metafor eller djupare meining bakom.

Til dei som likar det kvardagslege

Viss du likar å vere fluge på veggen, og oppleve eit anna menneske sitt liv frå eit objektivt perspektiv, er dette ein perfekt roman for deg. Du vert ikkje forgifta av Kjerstin sine tankar, for me får ikkje vete så mykje om dei, og kanskje dette er akkurat det du søkjer etter. Er du som Kjerstin, og har noko å gøyme deg ifrå? Anten det er ei gal mor, ein kjæraste, eller berre livet i seg sjølv – så vil du nok kjenne deg igjen i ho på mange måtar.