Ho er ny leiar i Framtiden i våre hender


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny leiar i Framtiden i våre hender
– Framtiden i våre hender har i dag 26.000 medlemmer. Samtidig har Naturskyddsforeningen i Sverige 226.000. Ein så stor forskjell kan vi ikkje vedkjenne oss, seier den nye leiaren i Framtiden i våre hender: Anja Bakken Riise (29). Ho vil gjere Noregs største miljøorganisasjon enno større.
Bakken Riise har bakgrunn som leiar i Studentene og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) og har vore rådgivar i Framtiden i våre hender. Det siste året har ho arbeidd som byrådssekretær for miljøbyråd Lan Marie Nguyen Berg (MDG) i Oslo.
Bakken Riise tiltrer formelt i august. Ho tar over vervet etter Arild Hermstad, som har vore leiar i organisasjonen sidan 2001. Han har gått over til politikken som toppkandidat for MDG i Hordaland.