Fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk

– Både nynorsk og dialektbruk bidrar positivt i integrereringa, seier forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.12.2021 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg blei litt irritert i starten. Kvifor har dei to så like språk i Noreg, og kvifor må me læra nynorsk når flest folk i Noreg bruker bokmål? Men etter kvart har eg byrja å lika nynorsk. No likar eg det betre enn bokmål, seier Ranya Yasin (30).

30-åringen er opphaveleg frå Syria, men flytta til Noreg for kring fire år sidan. I dag bur ho på Stord saman med familien, og er ein av elevane som får norskopplæringa si på nynorsk.

Kva språk du får norskopplæring i kan ha noko å seia for kor vidt du vel å verta buande i kommunen, syner nye tal henta inn av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Vil bli buande

Kring 67 prosent av elevane i norskopplæringa for innvandrarar blir buande i kommunen etter at dei blir undervist i nynorsk. Talet for kommunane som gjev undervising på bokmål er 55 prosent.

Det viser anslag frå vaksenopplæringane i ei spørjeundersøking som Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har sendt ut til vaksenopplæringa i kommunane i nynorskområde.

Då Maann Tureno (35) først flytta til Noreg frå Filippinane, budde ho i Oslo og fekk norskopplæring på bokmål. No bur ho i ein vestlandskommune og har fått seg jobb på sjukeheimen:

– Når eg bur på Stord, er det viktig å læra nynorsk, sjølv om det er vanskeleg, seier Tureno.

Saw Ngrein Zan (28), Maann Tureno (35), Irma Lestari Vigiarti (32) og Syeda Tahseen Zahra (37) har lært seg godt norsk etter kort tid i Noreg. Foto: Svein Olav B. Langåker

Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan dei lærer nynorsk i vaksenopplæringa:

– Me har lyst til å bli her, seier ho. Zan kom til Noreg frå Myanmar for tre år sidan saman med mannen sin, og seier dei trivst.

28-åringen har fått seg jobb på McDonalds på Stord. Det er den første McDonalds-restauranten i verda som starta å reklamera på nynorsk, men den manglar enno meny på nynorsk.

Politiske vedtak

Undersøkinga er sendt ut til vaksenopplæringa i kommunar i nynorskområde.

25 av 55 kommunar som svara, seier at dei underviser vaksne innvandrarar på nynorsk.

Dei fleste som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa har vedtatt dette politisk i kommunestyret. Stord kommune er ein av fleire kommunar som har gjort dette.

Marianne Solbakken, seniorrådgjevar ved Distriktssenteret, seier det er interessante funn i undersøkinga, men vil vera forsiktig med å trekka ein konklusjon om at nynorskundervising fører til at fleire innvandrarar blir buande.

– Det me veit, er at det er viktig at innvandrarane får eit forhold til staden dei bur og tar del i frivillige organisasjonar og livet i kommunane. Dialekt og skriftspråk eller ikkje – å få norske vener betyr mykje for å få jobb og for å bli buande. På mindre plassar er det større sjansar for å få innpass.

Fleire får jobb

Statistisk sentralbyrå samlar tal på kor mange innvandrarar som er i jobb og utdanning etter fullført introduksjonsprogram. I 2020 var det 199 kommunar det fanst tal for. Eitt år etter fullført introduksjonsprogram var det i snitt 50 prosent som hadde fått jobb eller utdanning. Blant distriktskommunane varierer tala mest.

Brita Høyland er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Når me ser på kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, så viser tala at eit snitt på 62 prosent av innvandrarane i desse kommunane hadde fått seg jobb eller tok utdanning eitt år etter fullført introduksjonsprogram.

– Det tyngste argumentet for å gi undervising på nynorsk i nynorskkommunar er at over halvparten av dei som får norskopplæring blir igjen i kommunen, seier Brita Høyland. Ho er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og har skrive doktoravhandlinga si om dialektbruk i andrespråksopplæring.

Ho viser til tidlegare studiar om at tileigning av nynorsk og dialekt er ein døropnar for inkludering i lokalsamfunnet.

– Både tidlegare studiar og desse nye tala viser at nynorsk og dialektbruk bidrar positivt i integrereringa, seier ho, og tar atterhald om at det er forska lite på dette.

– Eg trur det er ein litt misfortstått godskapstanke å gi opplæring på bokmål fordi det er det dominerande språket, men det er lokalt dei skal virka og der ser me verdien av å bruka skriftspråket og dialekten som gjer at dei glir meir inn lokalt, seier ho.

Marianne Solbakken er seniorrådgjevar ved Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret

Viktig ressurs

Marianne Solbakken i Distriktssenteret understrekar at innvandrarar er ein viktig ressurs for distriktskommunane. Mange kystkommunar hadde ikkje klart å oppretthalda folketalet utan innvandringa. I koronatida blei det stopp på mykje av arbeidsinnvandringa til Noreg, men no har det starta å auka litt.

– No er det viktigare enn nokon gong å ta vare på dei innvandrarane ein har, seier Solbakken.

Distriktssenteret er uroa over at ikkje nok kommunar tar innover seg kor viktige innvandrarane er for kommunane.

– Innvandrarar er medverkande til at ein klarer å oppretthalda barnehagen og skulen – og dei bidrar i frivillige lag og organisasjonar – og er på den måten med på å bidra til levande bygder, poengterer Marianne Solbakken.

Eit poeng ekstra til nynorsken

– Det er det same om det er bokmål eller nynorsk. Det er nye språk uansett, seier Syeda Tahseen Zahra (37) frå Pakistan. Ho kom òg til Oslo først og byrja å læra bokmål.

– I Pakistan har me fire språk. Eg lærte både urdu og punjabi. Forskjellen på språka er ganske liten.

– Eg har høyrt nokon som kom til Oslo og ikkje blei forstått. Dei har problem med nynorsk og dialekt der, seier Ranya Yasin. Syeda har òg opplevd at det ikkje er alle i Oslo som er så gode på å forstå norske dialektar.

Elevane på vaksenopplæringa meiner dei som lærer nynorsk og dialektar utanom Oslo får noko ekstra. Dei lærer å forstå fleire dialektar og nynorsk – samstundes som dei også forstår folk frå Oslo.

– Det er eit poeng ekstra til nynorsken, ler Ranya Yasin.


Emilie Waage (t.v.) og Marthe Halvorsen lærer teiknspråk som framandspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg